• Dag 1

    Dag 1

    Oppmøtestad er i Fjærland på ettermiddagen. Her parkerer ein bilane og deretter blir det felles transport til Gjerde i Jostedalen (1,5 time i bil eller buss). Her blir det ein solid middag og det blir informasjonsmøte om alle detaljar angåande dei neste dagane.
  • Dag 2

    Dag 2

    Dagen startar med ein kort biltur vidare innover Jostedalen nesten til Fåbergsstølen, 500 moh. Skituren startar med å gå oppover dalen mot Fåbergstølsbreen, så følger ein denne breen eit stykke før ein går rett opp lia. Mange høgdemeter skal tilbakeleggast her, så ein tek det roleg og med mange pausar. Etter kvart flatar det meir og meir ut, men ikkje før ein er heilt oppe på nesten 1900 moh. begynnar det å gå nedover igjen. Ein er no på toppen av sjølve Jostedalsbreen, og den lange turen sørvestover kan starte. Terrenget er no eit heilt anna enn tidlegare på dagen, no er det veldig slakke nedoverbakkar og tilsvarande slakke motbakkar på den enorme brekappa. Dersom vær og forhold ellers tillater det, kan ein også forsøka seg på Brenibba (2017 moh.) denne dagen. Etter ein begivenheitsrik og slitsom dag er det utruleg godt å ta av seg skiene i ”Himmelleiren”. Sannsynlegvis er det ingen i Noreg som overnattar høgare enn deg denne natta!

    Dagsetappe: 7 - 10 timar (avhengig om ein går opp på Brenibba eller ikkje) Terreng: Først slakk stigning innover dalen, så bratt rett opp før det igjen flatar ut. Totalt 1400 meter stigning, litt meir for dei som evt. går bort på Brenibba.
  • Dag 3

    Dag 3

    Spenn fast skia og gjer deg klar for flate vidder! Me går mot Høgste Breakulen (1952 moh) og Ramnane (1844 moh.) Får me bra vær også denne dagen så er utsikta formidabel utover snødekte vidder, djupe dalar og mektige fjell. Ei ny natt i telt ventar, og sannsynlegvis er dere i nærleiken av Bings gryte når dere etablerer leiren.

    Dagsetappe: 7 - 9 timar Terreng: Lettgått bølgande brelandskap. Lange slakke motbakkar og tilsvarande lange slakke nedoverbakkar.
  • Dag 4

    Dag 4

    Ein flott avslutning på turen ventar oss siste dagen. Me fortset forbi det heilt spesielle vind-fenomenet Bings gryte og set kursen sørover mot Supphellenipa og deretter ned den slakke Flatbreen til Flatbrehytta. Ned den bratte lia under hytta føler du at du går frå vinter til vår, og kanskje til og med sommar dersom det er ein varm dag. Kva er vel betre enn å avslutta turen med eit friskt bad i den grønne Fjærlandsfjorden etter ein slik tur? Det er også mogeleg å ta ein tur innom Norsk Bremuseum.

    Dagsetappe: 7 - 9 timar Terreng: Dei første timane fortset ein på det samme forholdsvis flate brelandskap som dagen før, men etter kvart blir det slakk nedoverbakke ned Flatbreen. Det aller siste stykket ned mot Flatbrehytta er litt brattare (ca. 200 høgdemeter). Her går det an å ta av seg skia for dei som er litt skeptiske til sine ferdigheiter i nedoverbakke på ski. Frå Flatbrehytta er det bratt ned på god sti, kanskje det er mogeleg å køyra på ski det aller øverste partiet før ein kjem ned i skogen.

rgf logo


Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.