DAGBOK JOSTEN PÅ LANGS 10. - 13. MAI 2014

 

 

TYSDAG 13. MAI


Ein glad gjeng kom ned til Fjærland for eit par timar sidan. Værgarantien vår slo til også i dag, nydeleg og varmt vær. Og snøgrensa låg akkurat der den skulle, slik at dei kunne ta av seg skiene der dei åpne flankane går over til tett skog - og deretter på sko på snøfri sti heilt ned. Sherpaer frå Nepal har utbetra stien ned frå Flatbrehytta sidan sist tur me arrangerte, så no er stien kjempefin. Gjengen har fått postkort-utgaven av ein Josten på langs-tur. Fint føre og perfekt vær.
- Jarle

 





Frå dagens etappe ned til Fjærland (Foto: Annichen Iwarsson)

 

 

MÅNDAG 12. MAI


Dagen har i følge Knut vore heilt fantastisk med knallblå himmel og svært høge temperaturar sjølv på nesten 2000 meter. Dei har gått via Høgste Breakulen (1952m) så dagens etappe vart på ca. 9 timar. Dei er no nesten framme ved Bings gryte, den merkelege vindskapte hola i Jostedalsbreen som nokre år kan vera svært djup. Føret er kjempebra og alt er tydelegvis berre velstand. I morgon begynner det etter kvart å gå nedover att, og ut på ettermiddagen er det berre å setta seg i utforstilling og susa nedover den slakke Flatbreen (derav navnet...) til Flatbrehytta. Ned lia til Fjærland går dei sannsynlegvis mesteparten av distansen med skia på ryggen sidan snøgrensa går forholdsvis høgt i år.
- Jarle

 

 

SUNDAG 11. MAI


Snakka med Knut på satelittelefon no i kveld. Dei har hatt ein flott dag som starta med den berykta Brattebakken opp frå Bødalsetra til breen. Ein heil gjeng var opp på Lodalskåpa, mens resten var på Brenibba (dei to 2000-meter toppane på Jostedalsbreen). Flott føre og 6-7 minusgrader i leiren no i kveld. Reinsdyrsteik er servert, og ei god natts kvile ligg no framfor dei før den lange men forholdsvis flate etappen sørover breplatået i morgon.
- Jarle

 


På toppen av Brenibba (Foto: Annichen Iwarsson)

 

 

 

LØRDAG 10. MAI


Gjengen er no vel etablert på Bødalsetra. Etter at dei møttes i Fjærland i ettermiddag starta turen med ein busstur via Byrkjelo og Loen og opp den bratte svingete vegen til Bødalsetra. I kveld er det rømmegraut og kos i den trivelege private hytta me leiger. Denne hytta slepp me å dele med andre. Det er sikkert livleg der når så mange damer forbereder seg for turen som for alvor startar i morgon...
- Jarle

 

 

ONSDAG 7. MAI


På lørdag startar ein sprek jentegjeng på årets første Josten på langs-tur. 13 forventningsfulle venninner er snart klare for å starte denne klassiske og berømte skituren. Værmeldingane ser lovande ut og alle forberedelsar er i boks. Annichen og Knut skal leda gjengen trygt over breen frå Bødalssetra til Fjærland, mens Isak og Håkon er "sherpaer". Dette skiller nemleg vår tur frå dei andre arrangerte turane over Jostedalsbreen - me har med bærarar som tar seg av fellesutstyr som telt, kokeutstyr og mat... Deltakarane bærer kun sitt eige personlege utstyr. Men det er likevel ingen lett tur, å kryssa Josten er ei utfordring uansett.

 

Følg med her når Ingebjørg, Trude, Marianne, Torill, Anne, Gunhild, Christine, Arnhild, Lillann, Tove, Anne Helene, Marit og Berit går over Norges tak.

 

Les alle detaljar om turen her

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 

Dersom du vil følge med på kvar ruta går, sjå dette kartet. Dei startar altså på Bødalssetra rett nordvest for Lodalskåpa, nord på Jostedalsbreen.

 


Bilete frå ein tidlegare tur (Foto: Knut Horvei, Øyvind Birkeland og Jarle Trå)