DAGBOK NEWTONTOPPEN14. - 27. APRIL 2014

 

 

FREDAG 25. APRIL


Gjengen er attende i Longyearbyen etter ein flott siste etappe frå Foxfonna ned til vegen som går opp til Gruve 7. Været er i følge nettkameraet fortsatt strålande, dei har verkeleg hatt ein fin periode værmessig dei siste dagane av turen. Etter busstransporten til Longyearbyen var det tid for utrydding av utstyr, tørking av telt osv. Så er det sikkert litt feiring og diverse som står på programmet i kveld. Takk for at du har fulgt med her - snart kjem dei heim att fullspekka med inntrykk, og sikkert med mange bilete som dei vil dele med kjente og kjære. Dersom du har lyst til å bli med på ein tur på Svalbard ein gong - enten sommar eller vinter - sjå programmet øverst i menyen for alle turane eg arrangerer dei nærmaste åra.
- Jarle

 

 

TORSDAG 24. APRIL


Knut er ein typisk vestlending frå indre strok - ein sindig kar som vanlegvis ikkje sløsar med superlativa. Så når han beskriv utsikta frå leiren i kveld som "heilt vill" - ja, då må den faktisk vera heilt spesiell... Vidare skriv han at dei har hatt ein fantastisk dagsetappe frå Pjalten over Kokbreen, Svellnosbreen, Foxpasset og opp på Foxfonna. Dei ligg no på det øverste punktet på Foxfonna, 818 moh. Null vind og strålande føre. Dei siste dagane har dei hatt 10-20 cm. pudder, noko som er svært uvanleg på Svalbard.
- Jarle

 






 

 

ONSDAG 23. APRIL


Snakka med Knut i kveld. Dagens etappe gjekk opp Møysalbreen og over passet til Rugaasfonna og fjellet Pjalten, som dei hadde slått leir ved. Då han ringte var dei på ein kveldstur opp på ein topp vest for leiren. Viss eg forstod han rett så var det Gløttfjellet dei stod på. Der var det dekning med vanleg mobiltelefon, og han fekk også sendt meg nokre bilete. Dei svirrar nok rundt i cyberspace endå, for eg har ikkje mottatt dei, men legg dei ut så fort dei kjem. Han fortalte om fantastisk vær og lys - og nesten heilt vindstille.
- Jarle

 

 

TYSDAG 22. APRIL


Kl. 20:30
Deilig å vere på tur igjen, god stemmning bak Janssonhaugen. Vindstille og flott, det trengte me no :) Satser på å gå opp Møysalbreen i morgon. -17 grader, så det er friskt å gå bjørne vakt!
- Knut

 

 

Kl. 13:00
Då er det på'an igjen... Gruppa har pakka og organisert seg og er klar for ny tur. Kl. 16 blir dei køyrt ut Adventdalen omtrent så langt bilvegen går (ca. ei mil). Etter nokre timars marsj rett austover i den enorme Adventdalen slår dei leir sannsynlegvis nederst i Janssondalen. Området dei skal gå i dei neste dagane er Møysalbreen og sannsynlegvis Foxbreen (sjå kart). Været og forholda vil bestemma nøyaktig rute, eg vil halda dere oppdatert her kvar dei legger kursen. Værmeldingane ser no heldigvis mykje betre ut og dei vil få strålande vær i alle fall dei første par dagane. Dei planlegg å vera attende i Longyearbyen på fredag. Sjekk været i Longyearbyen akkurat no. Dersom dere spoler dere tilbake i tid på nettkameraet så ser dere kanskje at dei no har midnattssol i Longyearbyen. For to dagar sidan, 20. april, nekta sola for første gong denne våren å gå under horisonten sjølv på det lågaste. No blir det berre lysare og lysare netter framover.
- Jarle

 

 

MANDAG 21. APRIL


Brynjulv, Knut og Jakob har gjort ein kjempejobb i dag og fått alt utstyret tilbake i Longyearbyen. Og heldigvis var det ikkje blitt noko særleg meir skadar enn det var då dei forlot det. No heng alt til tørk, knekte teltstenger blir skifta ut og alt utstyret blir grundig gjennomgått. Turen fortsetter sannsynlegvis i morgon forutsatt at me då er ferdige med gjennomgang og kontroll av alt utstyret. Det blir då ein tur i Drønbreenområdet, sannsynlegvis tre overnattingar. Kjem tilbake med detaljar i løpet av morgendagen når alt er 100% sikkert.
- Jarle

 

 

SUNDAG 20. APRIL


Knut forteller om vindkast opp i 27 m/sek i dag tidleg. Eit telt forsvant rett og slett i vinden, mens eit anna vart fullstendig øydelagt. Vinden kom for alvor kl. 0700 i dag tidleg og dreia i alle himmelretningar. Værmeldingane for denne morgnen varsla på ingen måte så kraftig vind, og i alle fall ikkje at den skulle komme frå ei anna retning enn vest. Leiren var lagt i forhold til å få le frå vestavinden. Stor takk til Sysselmannens folk som i løpet av imponerande kort tid hadde fått folka våre tilbake i Longyearbyen etter at beslutninga var tatt.
- Jarle

 

Kl. 1349
Det andre helikopteret landar no og dermed er alle tilbake i Longyearbyen.

 

Kl. 1342
Det første helikopteret med 10 personar landar akkurat nå. Dei blir køyrt opp til Spitsbergen Guesthouse der det heldigvis var ledige rom.

 

Kl. 1325
Har akkurat fått bekrefta frå Sysselmannen at alle er evakuert og på veg tilbake til Longyearbyen i to helikopter.

 

Kl. 1205
På grunn av sterk vind og låge temperaturar har det blitt beslutta å evakuera gruppa i dag. Eg understrekar at alle har det bra, men fleire telt har blitt øydelagt i løpet av natta og morgontimane. Det er dermed ikkje noko anna løysing enn å avbryte turen. Sysselmannen sender to helikoptere for å hente dei ut. I følge værmeldingane skal vinden løye utover dagen

 

 

LØRDAG 19. APRIL


Er det ikkje det eine så er det det andre. Dei gjekk i dag ned Opalbreen og eit stykke oppover Akademikerbreen, og er derfor i le for den harde vestavinden. Men temperaturen ga dei utfordringar i natt. 25 minusgrader førte til at fleire ikkje fekk sova skikkeleg. Temperaturen er meldt like låg i natt, sjølv om dei no er nede frå det høge breplatået. Men heldigvis blir det ein god del mildare i alle fall dei to neste nettene. Vær og klima på Svalbard er heilt "på styr" for tida, gjennomsnittstemperaturen har i januar, februar og mars vore skyhøgt over normalen. I ein 30-dagarsperiode i januar/februar var den heile 13-14 grader over normalen, noko som overraska både metereologar og forskarar og skapte nyheitsoppslag både i norsk og internasjonal presse. Les artikkel i Svalbardposten. Sprengkulda kom altså i år langt ut i april! Men gjengen er ved godt mot. Værmeldingane ser veldig bra ut framover, i alle fall med tanke på vind. Men temperaturen vil nok ikkje innby til soling framover heller...
- Jarle

 

 

FREDAG 18. APRIL


Snakka med Brynjulv på satellitt-telefonen seint i kveld. Dei ligg no på Filchnerfonna på toppen av Opalbreen. Utkøyringa med snøscooterar gjekk fint, og dei gjekk 12-14 kilometer på litt over 4 timar.Turen er for alvor i gang! Dei slepp endå ikkje unna vinden. Dei neste to døgna kjem det fortsatt til å blåsa relativt mykje, men når den endeleg roar seg på søndag ser det ut til å bli nesten heilt rolege forhold. 24 minusgrader der dei er no - ca. 850 moh. I morgon går dei ned Opalbreen og kjem seg dermed forhåpentlegvis litt i le både for vind og låge temperaturar.
- Jarle

 

 

TORSDAG 17. APRIL


I dag har dei vore på tur i vinden oppover Larsbreen og opp på Sarkofagen, nøyaktig 500 meter over havet. Frå Sarkofagen er det ei flott utsikt utover heile Longyeardalen. I tillegg fekk dei seg ein tur med hodelykt ned i ei isgrotte i breen - spennande! Det har blåst godt i dag, så taktikken med å vente med utkøyring til i morgon har nok vore smart. Tidleg i morgon bryter dei leir og går ned igjen til Nybyen øverst i Longyearbyen. Der pakkar dei utstyret på snøscooter-sledane og begynner på den lange transportetappen nordover. For ei lita veke sidan var det klart at me måtte gjera nokre endringar i ruta sidan Tempelfjorden ikkje er trygg å kryssa denne vinteren. Det blir mindre sjøis for kvart år som går, og i framtida må ein kanskje permanent legga om denne turen litt sidan ein sannsynlegvis ikkje lenger kan rekna med at Tempelfjorden er islagt. Dei startar derfor litt lenger søraust enn opprinneleg planlagt, og går ein stor runde der Newtontoppen vil bli besøkt omtrent halvvegs.
- Jarle

 

For dei som har lyst til å følga med på kartet så er snøscootertransporten som følger:
Longyearbyen - Adventdalen - Sassendalen - Rabotbreen - Philipbreen.
Startpunktet blir på toppen av Philippbreen, rett aust for fjellet Bikkja

 

Skituren er planlagt slik:
Bikkja - Rembebreen - Akademikerbreen - opp passet nord for Jøkulhøgdene - Oxfordbreen - Tufsane - Eplet - Ermakbreen (Newtontoppen) - Keplerbreen (alternativt Stuttbreen) - Sentralishetta - Lomonosovfonna - Filchnerfonna - Bikkja

 


Dette satellittbiletet er kun få dagar gammalt og viser at kryssing av Tempelfjorden fortsatt er uforsvarleg med ei stor snøscooter-gruppe. Som dere kanskje ser er ikkje isens kvalitet spesielt høg på krysningspunktet, og det er heller ikkje mogeleg å krysse lenger inne mot brefronten der ein ser at isen er meir solid, då det ikkje er mogeleg å køyre langs fjellsidene som stuper bratt ned i fjorden. Vanlegvis er Tempelfjorden dekka med solid drivis mykje lenger ut enn i år.

 

 

ONSDAG 16. APRIL


Då er me komme oss ut på tur! Har slått leir rett under Sarkofagen oppanfor Nybyen. Har vore litt vind i dag, men fint og stilt no i kveld. Alle i godt humør og me håper på å få oss ein fin skitur i morgo i vente på finværet som bør komme på fredag!
- Knut

 

Snakka med Brynjulv på telefon i kveld, og dei har hatt ein fin dag som starta med ein tur på museumet i Longyearbyen. Det anbefales for alle som kjem til Svalbard. Historien til denne øygruppa er både fascinerande og dramatisk, kanskje spesielt alle historiane om fangstmennene som var - og fortsatt er - på Svalbard. Deretter gjekk dei oppover mot Larsbreen i forholdsvis kraftig vind og dårleg sikt. Etter ein tur litt lenger opp på breen gjekk dei ned att til der dei hadde bestemt seg for å slå leir. Telta ligg på ei høgde med god utsikt ned til Longyearbyen. Vinden har løya no i kveld, og då eg snakka med Brynjulv stod dei ute og såg på det fantastiske lyset som omga dei - mens fire reinsdyr beita fredeleg rett attmed leiren... Gå gjerne inn på nettkameraet og sjå korleis lyset var i kveld - det er lite som slår solnedgangen på Svalbard! (Dei bur rett under Sarkofagen, fjellet på 206 grader, med heile Longyeardalen under seg).
- Jarle

 




(Foto: Knut Horvei)

 

 

TYSDAG 15. APRIL


Alternativ start!
Det ser ut som at værgudane har bestemt seg for å stikka kjeppar i hjula for gjengen vår i starten. Vinden er i morgon og på torsdag meldt heilt opp i 18 meter i sekundet, altså sterk kuling. I så sterk vind vind er det uforsvarleg å starta turen langt oppe på Lomonosovfonna, som er eit av dei høgaste breområda på Svalbard. Det er i slike situasjonar det er godt å ha erfarne og kjente Svalbard-guidar som turledarar, slik at me kan hiva oss rundt og endra litt på planen. Etter pakking og forberedelsar i dag - sidan det fortsatt er bra vær - la dei derfor i veg på fottur opp på den karakteristiske Sukkertoppen rett bak Longyearbyen. I morgon vil dei besøka museumet i Longyearbyen, deretter gå med pulkar og alt utstyret opp til Larsbreen rett bak Longyearbyen der dei sannsynlegvis vil overnatta to netter i telt. Det vil nok riva godt i telta her også, men her skjer det i heilt kontrollerte og trygge former i nærheiten av sivilisasjonen. Frå denne leiren vil dei kanskje ta ein skitur opp på Trollsteinen dersom forholda tillet det og besøka ei spennande isgrotte på breen. Fredag morgon vil dei så bli transportert med snøscooterar ut til opprinneleg planlagt startpunkt, og starta turen "på alvor". Det vil sei at dei har to dagar mindre til å gå runden på, men me har såpass med marginar på dette at dersom været spelar på lag skal det sannsynlegvis ikkje vera noko problem.

 

BREAKING NEWS!!!
Akkurat no kan du faktisk sjå gjengen på veg opp på Sukkertoppen på nettkameraet. Sjekk bileta frå 17:15 og utover, du ser ein stor gjeng på veg opp fjellsida rett bak bebyggelsen (rett sør på kompasset, ca. 175 grader). Du kan zoome inn med "spaken" oppe til høgre.
- Jarle

 


Lyset er alltid flott på Svalbard. På tur over Sukkertoppen i kveld. (Foto: Brynjulv Eide)

 




Pakking og matøkt... (Foto: Knut Horvei)

 

 

MANDAG 14. APRIL


Alle på plass i Longyearbyen!
I kveld starta turen offisielt med middag på Kroa. I morgon er det pakking av pulkar, trening i telt-oppsetting og bruk av bensinbrennarar og generelle forberedelsar som står på programmet. Og kanskje rekk dei eit besøk på museumet også.

 

Stemningen i gjengen er allerede høg - mykje tyder på at dette blir ein svært morsom gjeng å lede for Knut, Brynjulv og Jakob. Følgande SMS-korrespondanse fant stad mellom deltakar Inga og meg i kveld:

 

Inga: "Jeg holdt på å bli spist av en isbjørn!"
Jarle: "Å herregud, kva gjorde du då?"
Inga: "Jeg klatret opp i et tre"
Jarle: "... men... det er ingen trær på Svalbard"
Inga: "Hva ellers skulle jeg gjøre da?"

 

(Foto: Jarle Trå)

 

Ellers kan du ta ein titt på dette nettkameraet som viser eit fantastisk flott 360 graders bilete av omgivelsane rundt Longyearbyen døgnet rundt. Anbefaler spesielt å sjå innom seint om kvelden, då det nesten er midnattssol i Longyearbyen no. Du kan også "spole" deg tilbake i tid ved å trykke på pilene under biletet. Om du ser godt etter ser du kanskje nokon av "våre" traske rundt i gatene i morgon...
- Jarle

 

 

LØRDAG 12. APRIL


Ei stor gruppe på 16 deltakarar legg snart ut på det ultimate Svalbard-eventyret. Dei svært erfarne "Svalbardianarane" Knut Horvei, Brynjulv Eide og Jakob Sørbotten ledar gruppa gjennom ekte arktisk villmark på på den lengste skituren me arrangerer på Svalbard.

 

Dei blir først transportert med snøscooterar nordover frå Longyearbyen, til området rundt Newtontoppen (1713m), det høgaste fjellet på Svalbard. Denne turen går i verkeleg øde terreng, dei kjem nok ikkje til å møte mange andre på dei 11 dagane skituren pågår...

 

Trond, Sigbjørn, Marianne, Stein Åge, Helene, Vigdis, Brynhild, Brage, Laila, Hans Christian, Halvard, Jonas, Gunnar, Gustav, Maria og Inga går nok akkurat no rundt med skikkeleg reisefeber - klare for å legga ut på kanskje sitt livs eventyr...

 

Følg med her for nyheiter undervegs, me satsar på å få til oppdateringar via satellitt-telefon ca. annakvar dag.

 

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

 

Dersom du vil følge med på kvar ruta går, sjå dette kartet. Eg skal prøve å forklare så nøyaktig i referatet at du lett kan følge med.

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 

(Bilete frå ein tidlegare tur, foto Knut Horvei, Brynjulv Eide og Jarle Trå)