DAGBOK JOSTEN PÅ LANGS 16. - 19. MAI 2011

 

MANDAG 16. MAI

Etter ei fin natt på Bødalssetra, der dei fekk kvilt ut ømme og slitne kroppar, kom bussen og henta dei i dag tidleg og dei er no på veg tilbake til Fjærland der bilane står. Pga. dårlege værmeldingar som sannsynlegvis vil føra til at skiføret blir mykje det samme som på denne turen, har me valgt å avlyse neste tur som skulle starte i dag. Heldigvis fekk denne gjengen ein fantastisk flott dag den første dagen på breen, og fleire var faktisk også på toppen av Lodalskåpa. Knut, Øyvindog Hans Petter sin jobb er derimot ikkje over. Dei har slete opp og ned mangfoldige tusen høgdemeter dei siste 5-6 med tunge bører på ryggen. No må alt utstyret og massevis av mat som står igjen i Himmelleiren og på Flatbrehytta bærast ned igjen. Det blir nok finnbiff, rømmegraut og spekemat på meg dei neste vekene...

 

Gjengen klar for start frå Bødalssetra. (Foto: Bjørn-Olav Hagesether)

 

Strålande vær, og føret er bra - enn så lenge... (Foto: Bjørn-Olav Hagesether)

 

Viktig å ikkje gløyme solkrem. (Foto: Bjørn-Olav Hagesether)

 

Været blir litt dårlegare og varm lunsj er ikkje å forakte. Og sjekk desserten - bløtkake er nok ikkje vanleg kost på Josten på langs... (Foto: Bjørn-Olav Hagesether)

 

Kari på veg mot Lodalskåpa. (Foto: Knut Horvei)

 

Josten med Himmelleiren til høgre. (Foto: Knut Horvei)

 

Glad gjeng på toppen av "Vestlandsdronninga" Lodalskåpa i flott vær, med fantastisk utsikt!
(Foto: Knut Horvei)

 


Frå toppen av Lodalskåpa. (Foto: Knut Horvei)

 

Taulag på veg opp det kjente brefallet "småttene". (Foto: Knut Horvei)

 


Gjengen på veg ned frå Lodalskåpa. Bratt, men fin snø å gå i. (Foto: Knut Horvei)

 

Himmelleiren (Foto: Knut Horvei)

 

 

SUNDAG 15. MAI

Skikkeleg dårleg føre gjorde at turledarane tok beslutninga om å snu rett nordøst for Høgste Breakulen. Framdrifta var svært låg pga. 10-15 cm. nysnø oppå gammal våt snø. Dermed klabba det veldig under skiene og det var ingenting anna å gjera enn å returnera til Himmelleiren. Sikta var også omkring null, såkalla whiteout på godt norsk. Vel tilbake i leiren valgte dei å gå vidare heilt ned til Bødalssetra. Dei ankom Bødalsetra godt ut på kvelden, slitne men glade over å sleppa å tilbringa natta i telt.

 

LØRDAG 14. MAI

SMS frå Knut kl. 1626
Då er ein liten gjeng på toppen av Lodalskåpa i kjempevær!! Resten i Himmelleiren. Super dag. Kjapp gruppe.
Kl. 1300:
I dag er den store gjengen på veg oppover Brattebakken til sjølve bre-platået. Eg gjekk sammen med gruppa til Bødalssetra i går og tilbrakte kvelden sammen med dei. Det var ein svært humørfylt og forventningsfull gjeng som gleda seg til at turen skulle starte for alvor i dag. Rømmegraut og spekemat stod på menyen. Været var flott i går, sjølv om meldingane ikkje var så bra. Det starta med regn i dag tidleg, men no lovar meldingane flott vær frå ca. kl. 1200 og resten av dagen. Dersom været blir bra så kan det hende nokon i gruppa tar ein tur på Lodalskåpa og Brenibba. Det er dårleg mobildekning i området, men eg reknar med å få ein oppdatering frå Knut på satelitt-telefon seinare i dag. Knut, Øyvind og Hans Petter har gjort ein enorm innsats dei siste dagane ved å bæra mange tunge bører svært mange høgdemeter opp både til Flatbrehytta og til Himmel-leiren.

 

ONSDAG 11. MAI

Dette året arrangerer eg kryssing av Jostedalsbreen for første gong. Tanken er å gjera denne turen tilgjengeleg for fleire ved å bruka bærarar slik at ikkje ryggsekken blir på langt over 20 kilo, som den fort kan bli om du gjer det på den tradisjonelle måten. Turledarane Knut, Øyvind og Hans Petter bærer utstyr og mat opp til leiren oppe på breen no i dagane før avreise. Responsen var så stor at det blir to grupper, den første startar på Bødalssetra på fredag den 13. (!!!) mens den andre går motsatt veg og startar den 16. Følg med her for oppdateringar undervegs og kanskje også ferske bilete frå turen.

 

Les alle detaljar om turen her