DAGBOK SVALBARD SKITUR 2015

 


Sjå Knuts flotte bilete frå turen (dagboka frå turen finn du lenger nede på sida).

 























 

 

LØRDAG 25. APRIL


Gjengen er nede i sivilisasjonen igjen! Knut ringte og fortalte om ein strålande flott dag den siste etappen ned til bilvegen. No har dei fått seg ein god dusj og såvidt eg forsto på Knut er det stemning for ein skikkeleg feiring i midnattssola i Longyearbyen i kveld/natt... Turen er over og eg håpar og trur at gjengen har fått nokre innrykk av ein vill ag vakker natur som dei kjem til å ha med seg resten av livet. Svalbardnaturen gjer noko med dei fleste som opplever den. Takk for at du fugte med på denne nettsida undervegs!
- Jarle

 



Knut sendte meg nokre bilete så fort han var innanfor dekning igjen i ettermiddag (Foto: Knut Horvei)

 

 

FREDAG 24. APRIL


Geirs 50-årsdag har blitt feira i polarødet i dag! Bursdagssongen gjalla mellom nunatakane og brownies gjorde nytten som bursdagskake. Gratulerar med den store dagen! Det var tett skydekke og dermed dårleg sikt i dag, og sidan det ikkje var forhold for ein topptur gjekk dei heller ned på Scott Turnerbreen der det er ei isgrotte som det går an å gå på ekspedisjon inn i. Den vert gravd ut av isen av smeltevatnet kvar sommar, og dannar dermed ein fascinerande tunnel innover i breen. I morgon går dei dei siste timane ned Bolterdalen til bilvegen der dei vert henta. No ventar luksus som varm dusj, skikkelege måltid (ikkje at det er noko gale med frysetørka mens ein er på tur...) mjuke senger og mange andre av sivilisasjonens gleder.
- Jarle

 

 

TORSDAG 23. APRIL


Dei ligg no i Bolterskaret etter ein ny dagsetappe på to mil. Fint vær i dag, litt vind men vindstille i kveld og 15 minusgrader. Dei har sett reinsdyr i dag. Den spesielle Svalbardreinen ser ikkje heilt ut som reinsdyra me har på fastlandet. Den er meir "kompakt" med kortare bein. Som skapt for ekstreme forhold og temperaturar altså. I morgon ligg dei sannsynlegvis i ro i denne leiren, men tar kanskje ein dagstur opp på ein av toppane rundt dei. Vinden er nemleg spådd å kome opp i 12 m/sek. Alle helsar heim til kjente og kjære, og eg har formidla at det er mange helsingar til dei i gjesteboka.
- Jarle

 

 

ONSDAG 22. APRIL


I dag har dei gått nedover Reindalen og ligg no ved utløpet av Kilebreen. Dagen starta med litt rufsete vær men vinden stilna av og det vart strålande sol og skyfri himmel. Føret er fortsatt fantastisk, og i morgon fortset dei vestover den enorme Reindalen før dei svingar nordover Tverrdalen. Været skal fortsatt vera bra i morgon, men på fredag kan det sjå ut til at dei får ein del vind, så då ligg dei kanskje i ro og tar heller toppturar i området rundt leiren. Det er ingen problem å gå i litt vind, men ein vil helst unngå å ta ned eller setta opp leiren i for mykje vind. Knut fortalte ogå at dei i går blant anna var opp på Nurken (867m), ein fjelltopp med kjempefin utsikt. For å sjå kor fantastisk flott det er på Svalbard akkurat no anbefaler eg nettkameraet som står i Longyearbyen. Anbefaler spesielt å gå inn seint på kvelden (natta...) for å sjå korleis midnattssola lyser opp fjellsidene (du kan også spole deg tilbake i tid).

 

- Jarle

 

 

TYSDAG 21. APRIL


Knut fekk mobildekning akkurat no mens dei står på ein av toppane rundt leiren. Sjekk det været - og det føret... (Foto: Knut Horvei)

 

 

MANDAG 20. APRIL


Knut ringte i kveld og fortalte oppstemt om den flotte leiren dei hadde satt opp ved Bergmesterbreen, som låg bada i sol kl. 23:15... Etter dei hadde slått opp leiren i ettermiddag gjekk dei ein topptur opp på Bergmannshatten (955m), 10 cm. pudder oppå skaren gjorde at føret var perfekt for heftige telemarksvingar ned att, sjølv med lette fjellski. I morgon satsar dei sannsynlegvis på Svalbard Haute Route, dei lar leiren stå der den står og brukar heller dagen på flotte toppturar opp på nunatakar rundt leiren. 15 minusgrader i kveld. Alle kosar seg.
- Jarle

 

 

SØNDAG 19. APRIL


Snakka med Knut på satellittelefon i kveld og dei har hatt ein fin dag, om enn med litt skiftande vær. Dei gjekk opp Janssondalen og Møysalbreen og dei har i kveld slått leir ved nunataken Pjalten. Ein nunatak er eit fjell som stikk opp gjennom breen, på samme måten som eit skjær i havet. Følg gjerne med på dette topografiske kartet over Svalbard, dei er i det store bremassivet som ligg eit par mil søraust for Longyearbyen. Du finn både Janssondalen, Møysalbreen og Pjalten på dette kartet. I kveld har dei flott vær og dei har laga seg ein skikkeleg leir med kuldegrop i alle telta, leveggar av snø for å stoppe evt. vind og ei skikkeleg snølatrine.
- Jarle

 

Fekk nokre bilete frå Knut i går kveld frå gårsdagens etappe. Det ser ut som at eit par av bileta er frå den praktiske opplæringsrunden i bruk av snølatrine...



 

 

LØRDAG 18. APRIL


Alle kom vel fram til Longyearbyen i går ettermiddag og dagen i dag har blitt brukt til pakking og forberedelsar. Det er ingen kunst å sette opp moderne telt og bruke bensinbrennarar, men det er veldig greitt å ha gjort det før ein er ute i villmarka, så i dag har dei også fått prøvd seg på dette. I ettermiddag starta dei sjølve skituren, dei gjekk innover Adventdalen og satte opp leiren for første gong. Langtidsmeldingane er bra, lite vind og mykje sol. Følg med her framover, no er eventyret i gang. Kanskje klarar Knut å senda meg eit bilete i kveld eller i morgon før dei går ut av dekning.
- Jarle

 

 

DET POLARE EVENTYRET ER SNART I GANG...


Bjørn, Geir, Inga Kristin, Marianne, Heidi, Morten, Erna, Martin, Dina, Preben, Dag, Stian, Tine, Siv Anita, Mette og Willi utgjer årets Svalbard skitur-gruppe. Dei landar i Longyearbyen på fredag og vil i løpet av ei veke gå ein lang rundtur i Drønbreen-massivet aust for Longyearbyen. Her vil dei vera i scooterfritt område og verkeleg kunne nyte naturen utan forstyrrelsar av noko slag.

 

Knut ledar også årets Svalbard-turar med stø og erfaren hånd. Med seg har han Jakob som assistent og Bård som utplassert student frå Arktisk Naturguide-linja på Svalbard. Dette trekløveret skal leda gjengen gjennom den polare villmarka - mot opplevelsar og sanseinntrykk som det ikkje er mange som får oppleva. Arktis er noko heilt for seg sjølv. Stillheita er total (så lenge det er vindstille...) og naturen er naken, mektig og uforanderleg.

 

Følg med her for nyheiter undervegs, me satsar på å få til oppdateringar via satellitt-telefon ca. annakvar dag.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her.

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 


(Bilete frå tidlegare turar. Foto Knut Horvei og Brynjulv Eide)