dagbok atlasfjella 2011

 

SØNDAG 25. SEPTEMBER

I går slappa dei av i den vesle "alpelandsbyen" Imlil, Marokko sitt svar på Chamonix eller Zermatt. Dei bur på den eksotiske lodgen Dar Imlil, som blir drevet av svigerfamilien til min gode venn og samarbeidspartner Houssine ait Lachen. I dag har dei køyrt frå Imlil via Marrakech, til fiskarlandsbyen Essaouira. I Marrakech tok Houssine dei med på ein omvisning blant anna i den verdenskjente souk'en, eller marknadsplassen. Du veit ikkje kva "eksotisk" er før du har opplevd souk'en i Marrakech. Etterpå køyrte dei altså vidare til Essaouira, som også er noko heilt for seg sjølv. Fiskarane drar ut med dei blå båtane sine nesten kvar dag, mens vår gjeng sannsynlegvis ligg på ein av dei lengste og flottaste strendene eg har sett. I dag satte Brynjulv seg på flyet heim igjen, i Essaouira klarer gjengen seg på eigen hånd.
- Jarle

 

FREDAG 23. SEPTEMBER

Gratulerer til gjengen - ein gledeleg sms tikka akkurat inn frå Brynjulv:
"På toppen 0930. Snøbyger. Til dels kraftig vind. Gått veldig fint:) går til imlil i dag."
Biletet under er tatt for kort tid sidan på toppen av Nord-Afrikas høgaste fjell. Skulle ikkje tru det var i Afrika...
- Jarle

 

Foto: Brynjulv Eide

TORSDAG 22. SEPTEMBER

Dei er no vel framme på Neltner Refuge, hytta som ligg ved foten av Jebel Toubkal. I morgon tidleg vil dei sikk-sakka seg 1000 høgdemeter opp til toppen av Nord-Afrikas høgaste fjell, dersom alt går etter planen vel og merke. Været er bra, formen er bra... følg med her i morgon formiddag om dei har vore på toppen eller ikkje.
- Jarle

 

ONSDAG 21. SEPTEMBER

Me er no framme på lodgen i Around, ovanfor Imlil. Flott dag. I morgon går me oppover i verkeleg tynn luft. Alle i fin form.
- Brynjulv

 

TIRSDAG 20. SEPTEMBER

Brynjulv melder om nok ein strålande dag med skyfri himmel og 30 varmegrader, men til dels sterk vind. Han skriv at pga. varmen var det godt å komme inn i ei sval hytte i kveld. Dei to første nettene overnattar dei i telt, men frå no av vil dei bu i lodgar og fjellhytter. Maten er eit kapittel for seg i Marokko, gode rettar laga av kjøtt og grønnsaker. I morgon vandrar dei vidare mellom eksotiske og alpine ørkenfjell i retning Jebel Toubkal, målet for turen og Nord-Afrikas høgaste fjell (4167m).
- Jarle

 

SØNDAG 18. SEPTEMBER

Flott dag. 30 grader og skyfri himmel. Me har gått gjennom mange berber-landsbyer og sett mykje flott natur og eksotisk kultur. Kokken serverer oss nydelig mat. No er me framme i Imsker der me skal overnatte i natt.
- Brynjulv

 

Alle foto: Brynjulv Eide



LØRDAG 17. SEPTEMBER

Godt framme i Marrakech. 30 grader. Nydeleg middag og så ein tur på marknadsplassen. Yrande liv. Kjempekoseleg plass å bu. I morgo er me i gang...
- Brynjulv

 

Her kan du lesa fakta og dagsprogram.