dagbok ATLASFJELLA 2014

 




Foto: Brynjulv Eide

 

 

SØNDAG 28. SEPTEMBER


No er dei vel installert på lodgen Dar Imlil, ein stad som nesten får tankane til å vandre til 1001 natt... Atmosfæren er unik, spesielt sidan utsikta frå takterassen er mot fjell på rundt 4000 meter. Fjellturen er no over, og eg forsto på ein melding frå Brynjulv tidlegare i dag at feiringa over ein vellykka tur alt er i gang. Houssine, Muhammed, kokken og alle hjelparane har hjort ein strålande jobb for gruppa vår. Utan dei kunne me ikkje arrangert denne turen. No drar nokon til kystbyen Essaouira for å nyta strandlivet i nokre dagar, mens andre returnerer til Norge i morgon sammen med Brynjulv. Takk for at du har fulgt med på denne sida den siste veka! (Men sjå gjerne innom att om nokre dagar - kanskje dukkar det opp nokre bilete frå turen).
- Jarle

 

 

LØRDAG 27. SEPTEMBER


Gledeleg melding frå Brynjulv:
Alle på toppen kl 09:45. Me brukte litt over 3 timer opp. Til dels hard snø store deler. Vinter! Storslått utsikt. Svært få andre som klarte å nå toppen idag grunna snøen.
Dei klarte det altså, til tross for ikkje heilt optimale forhold med mykje snø. Vanlegvis er det berre nokre snøfiller rundt toppen på denne tida av året. Stor prestasjon - gratulerer til alle! Bruk gjerne gjesteboka dersom du vil gratulere eller sende ei helsing.
- Jarle

 

Bilete frå ein tidlegare tur (Foto: Brynjulv Eide)

 

 

FREDAG 26. SEPTEMBER


I eit par dagar har to av deltakarane fått føla litt på "New Dehli Quickstep" (laus mage). Men i dag var heldigvis alle tilbake i toppform, og det var god timing sidan toppstøtet er i morgon. Då går dei dei 1000 høgdemetrane frå hytta opp til toppen av Jebel Toubkal. Det er meir snø enn normalt, men det byr ikkje på problem - det har Brynjulv sjekka (han gjekk til topps etter lunsj i dag... altså etter at den normale dagsetappen var over!!).
Kryss fingrane for at alle kjem seg opp i morgon - det er ein kraftanstrengelse å nå toppen av Nord-Afrikas høgaste fjell.
- Jarle

 

TORSDAG 25. SEPTEMBER


I dag gjekk dei over passet og ned til Imlil og vidare opp til Aroumd. Imlil er Atlasfjellas svar på Chamonix i Alpane - men kun i den forstand at det er den nærmaste landsbyen til dei alpine fjella med Jebel Toubkal som det aller høgaste. Ellers er det ikkje så mykje som minner om alpelandsby. Imlil er liten, og det er knapt nok ein butikk her. I morgon går dei inn til hytta som ligg ved foten av Jebel Toubkal. Brynjulv skriv at det ligg snø på toppane, det går mot vinter også i Nord-Afrika.

 

 

 

ONSDAG 24. SEPTEMBER


Gjengen fortsetter innover og oppover i fjella. Berbarane dyrkar frukt nede i dei fruktbare dalane og har store flokkar med sauer og geiter som dei gjetar oppe fjella. Geitene i dette området kan faktisk klatre i tre. Sjølvsagt for å få tak i den beste maten. I kveld bur dei i ein gite, eller fjellhytte/lodge. Den første natta budde dei i telt. Været er fortsatt strålande og stemninga er høg.
- Jarle

 

 

 

 

TYSDAG 23. SEPTEMBER


Ein nydeleg dag med sol frå skyfri himmel. Brynjulv skriver at dei starta å gå kl. 09:30 og var framme i leiren kl. 16:00. Dagens etappe gjekk gjennom flott men goldt fjellterreng, og gjennom små berber-landsbyar langt oppe i fjella. Berbarane bur på vestsida av Atlasfjella, mens Touaregane bur på austsida, inn mot Sahara. Dei drakk te i eit av dei små tehusa dei gjekk forbi, og kokken diska opp med innhaldsrik og god lunsj. Brynjulv skriver også at elvane er svært store etter fleire dagar med regn. Men heldigvis ser værmeldingane bra ut framover no.
- Jarle

 

 

MANDAG 22. SEPTEMBER


Klar til start!

 

 

SØNDAG 21. SEPTEMBER


Kl. 09:00
Turen er i gang! Gjengen landa i Marrakech i går kveld og den første opplevelsen av Marokko var at dei måtte stå to timar i passkø... kjedeleg! Me satsar på at resten av turen går på skinner, Marokko er stort sett eit enkelt land å reise i i forhold til mange andre land. Folket er gjestmilde og glade for å få turistar på besøk. Og Marokko er eit veldig variert land både kulturelt og geografisk. I dag skal dei utforska Marrakech. Sjølve fjellturen startar i morgon.
- Jarle

 

Kl. 17:30
Brynjulv melder om ei god natts søvn for alle. Etter frukost var det sightseeing i den spennande byen Marrakech, mens ettermiddagen var til fri benyttelse. Nokon utforska byen på eigen hånd mens andre utforska basenget på hotellet... Været er overskya og temperaturen behageleg, værmeldingane for dei neste dagane er også gode så det ser lovande ut når dei i morgon skal opp i sjølve Atlasfjella. Brynjulv beskriver gruppa som humørfylt, så dei vil nok få det hyggeleg saman framover. I kveld blir det middag på hotellet før dei går ein tur og ser på livet på markedsplassen Djemaa el Fnaa.
- Jarle

 

 

ÅRETS MAROKKO-TUR ER SNART I GANG!


På laurdag drar turledar Brynjulv Eide sammen med ei gruppe på åtte deltakarar for å oppleve det eksotiske Marokko. Dei skal vandre i Atlasfjella og bestige Jebel Toubkal (4167m), Nord-Afrikas høgaste fjell. Dei skal også utforska den eksotiske byen Marrakech som er verdenskjent for sin intense og livlege marknadsplass, Djemaa El-Fna. Nokre av deltakarane avsluttar turen i kystbyen Essaouira som er kjent både for si fantastiske badestrand og den heilt spesielle atmosfæren i gamlebyen.

 

Asle, Margot, Lars, Åse-Marit, Tone, Nina, Jorun og Ken er no klare for avreise! Følg med her for oppdateringar frå turen.

 

Her kan du lesa meir om dagsprogrammet.

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 


Bilete frå tidlegare turar (Foto: Brynjulv Eide og Jarle Trå)