DAGBOK SVALBARD SKITUR 24. APRIL - 2. MAI 2010

 

Sjå bilete frå turen nederst på denne sida (Alle foto: Brynjulv Eide)

 

LØRDAG 1. MAI

I dag gjekk dei sjarmøretappen dei siste 9 kilometrane ned til bilvegen. Der stod maxitaxien og venta, og Katharina (kona til Geir Arne) stod med nybakt kanelsnurr... Så var det inn til sivilisasjonen i Longyearbyen igjen, utpakking og deretter feiring på Huset. Ein svært opplevelsesrik tur er over, i morgo setter dei fleste seg på flyet sørover. Dei tilbakemeldingane eg har fått av deltakarane i dag er svært gode, og det er tydeleg at Brynulv og Geir Arne har gjort ein kjempeinnsats som turleiarar. Så får me sjå om nokre av deltakarane blir med over Grønland om eit år eller to, dette er ein perfekt treningstur for ein Grønlandskryssing...

 

FREDAG 30. APRIL

Fekk telefon frå Brynjulv frå toppen av Buralltoppen (970 moh). Utsikta er storslagen, nordover ser dei Bolterdalen og Adventdalen, og sørover ser dei heilt til Van Mijenfjorden. Strålande sol og heilt vindstille, dei har verkeleg hatt været med seg dei siste dagane.

 

TORSDAG 29. APRIL

Snakka akkurat med Brynjulv og dei har no eit fantastisk vær, strålande sol og ikkje eit vindpust. Dei har i dag gått ned Reindalen og slått leir akkurat der det svingar inn i Tverrdalen. Stemninga er høg - denne gjengen har verkeleg fått oppleva alt som Svalbard kan by på - isbjørn, storm, påskevær... og endå er det to dagar att av skituren.

 

ONSDAG 28. APRIL

Tøffe vindforhold natt til i dag, men alle telt står fortsatt oppreist. Sikta er betre så gjengen planlegger å gå vidare i dag. På grunn av været går dei opp Adventelva, og ikkje Bergmesterbreen som planlagt. Værmeldingen ser imidlertid mykje betre ut for dei neste dagane.

 

TIRSDAG 27. APRIL

Melding frå Brynjulv: "Værfast. Null sikt. Kraftig snøvær og vind. Ligger ved Pjalten. Trolig sterkere vind i kveld. Håper på bedre vær i morgen".

 

MANDAG 26. APRIL

KL. 2100
Fekk ein oppdatering frå gjengen i kveld. Dei fekk seg litt av ein opplevelse den første dagen på ski. Isbjørnen rusla sammen med dei 5 kilometer innover Adventdalen... Sysselmannen sine folk passa godt på den heile vegen. I dag gjekk dei 20 kilometer på 7,5 timar. Flott vær første halvdel av turen, men så skya det litt til og sikta vart dårleg. Det snøar nå lett i teltleiren. God fart på gruppa, og godt humør.
Les meir om det som skjedde i dagens VG.
KL. 1000
På veg ut til startpunktet i minibuss vart dei faktisk stoppa av sysselmannen på grunn av at dei prøvde å jage vekk ein bamse som ville sjå kva fasilitetar Longyearbyen kunne by på. Kanskje må dei gå ei anna rute, for no jagar sysselmannen faktisk bjørnen med snøscooterane sine inn i området som gjengen vår skal gå... Ein spennande og spesiell start på dagen. At dei skulle få sjå bamsen på denne turen var slett ikkje sikkert, så dette er rein bonus.

 

SUNDAG 25. APRIL

I går opplevde dei ein fantastisk innflyging til Longyearbyen. Skyfritt vær gjorde at dei såg fjella bada i kveldssol, og dei såg faktisk heilt til Bjørnøya. Og som ikkje det var nok, fekk dei også sjå Nordsyssel, Sysselmannens skip, som forsøkte å jaga ein "urban" isbjørn utover isen på fjorden rett utanfor Longyearbyen. Dei fekk ikkje sjå sjølve bamsen, men kanskje dukkar han opp i dag. I dag er det forberedelsar og pakking av pulk. Dei skal også ned på museet, der dei får sjå og læra meir om den spennande historien til Svalbard.

 

SVALBARD SKI-EKSPEDISJON 2010

Ei stor gruppe på 14 deltakarar, leda av Brynjulv og Geir Arne, startar lørdag årets ski-ekspedisjon på Svalbard. Dei skal gå ein 6-dagars skitur mellom nunatakker i det storslagne Svalbard-landskapet. Det kjem oppdateringar med eit par dagars mellomrom på denne sida.

 

Her kan du sjå dagsprogram og fleire detaljar om turen.

 


Alle foto: Brynjulv Eide