DAGBOK JOSTEN PÅ LANGS 25. - 28. MAI 2017

 

Sjå bilete frå turen nederst.

 

Torsdag 25.mai

Ein spent og turklar gjeng møtest på bremuseet i Fjærland for å gå ein av dei store vårski klassikarane på vestlandet. Vært var meldt middels pluss så dette skulle bli spennande.

Me køyrde inn til Gjerde i Jostedalen der me overnatta første natta på hotell.

Her gjekk me gjennom ruta og lada opp med god mat og ein øl frå Tya bryggeri.

 

Fredag 26.mai

Me vakna til overskya himmel, men elles fint vær. Etter ein solid frukost fekk me skyss inn til Fåbergstølen. Her starta me med å gå nokre hundre meter på ski på bilvegen, men etterkvart vart det skia på sekken og trasking innover dalen mot Fåbergstølbreen til fots.

Eit lite stykke før brearmen tok me på oss skia og begynte å snike oss oppover langsmed brearmen.

Når me kom på toppen av denne lange stigninga og endelig inn på sjølve breplatået vart det tropevarme. Så då tok me oss ein god pause.

Etter nokre timars gange innover breen letta skydekket og me såg sørover breen og leirplassen vår ved Kjendalskruna som Håkon hadde gått opp i forvegen dagen før og laga til. Her stod telta flott oppsatt og me kunne gå bort og innlosjere oss.

Tikka masala var dagens middag, før det venta ein drink og kaffi før me la oss i soveposane spente på kva morgondagen ville bringa.

 

Lørdag 27.mai

Sol ! Me vakna til eit strålande vær, så her vart det berre å få i seg frukosten og spenna på seg skia. Me satte kursen mot høgste breakul. Etter å ha sett Hurrungane stige til værs i øst og tatt av fellane satt me kursen mot Ramnane og så til leirplass ved Bings Gryte. Været ved Bings gryte var rett å slett heilt topp, sol og heilt vindstille.

Bingsgryte er ein djup liten dal forma av vind og vatn oppkalla etter advokaten Kristian Bing som vandra rundt på breen mykje på slutten av 1800-tallet.

 

Søndag 28.mai

Tidlig opp og avgårde mot Supphellebreen og så nedover til Flatbrehytta. Ved Flatbrehytta tok me lunsj og det var mykje folk på veg ned frå breen. Me tok skia på sekken og gjekk siste stykket ned til Øygarden.

Takk for ein flott tur !

- Knut

 

Bilde 28.05.2017 10.39.48

Bilde 28.05.2017 10.39.48

Bilde 28.05.2017 10.39.48

Bilde 28.05.2017 10.39.48

Bilde 28.05.2017 10.39.48

(Foto: Knut Horvei)