DAGBOK NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON 2015

 


Les Marit sin fine oppsummering frå turen.

 


Sjå Knuts flotte bilete frå turen (dagboka frå turen finn du lenger nede på sida):

 
























 

LAURDAG 9. MAI


Dagane har flydd og i dag var det tid for den aller siste etappen fram til punktet på Lomonosovfonna der dei møtte snøskuterane som køyrde dei attende til Longyearbyen. No er det ein varm dusj og kanskje feiring til langt ut i dei små nattetimar som står på programmet. Dvs. natt og natt - det er ikkje så enkelt å vita når ein skal avslutte når sola står høgt på himmelen sjølv midt på natta...
Sjå innom her i løpet av eit par dagar så skal me prøva å få lagt ut ferske bilete frå turen. Takk for at du har fulgt med på denne dagboka undervegs. Og vil du vera med på ein skitur på Svalbard så byr det seg nye sjansar neste vår.
- Jarle

 

 

 

FREDAG 8. MAI


I går gjekk dei frå Hoglandsvatnet til Jacksonfjellet, men sidan vinden auka på når dei kom opp i høgda igjen valgte dei å slå leir i le av Jacksonfjellet. I natt var det kraftige vindkast som feia ned frå fjellet. Ei teltstang knakk, men me har sjølvsagt med reserve så det var ikkje noko stort problem. I dag har dei kost seg med å bygge igloo og drikka kaffi... Vinden er fortsatt så sterk på Lomonosovfonna på austsida av Jacksonfjellet at det er lite vits i å prøve å bevege seg i den retningen i dag. I morgon skal vinden løye, og då satsar dei på å ta dei siste 14 kilometrane bort til pickup-point der dei blir henta i 13-tida dersom alt går etter planen. Då er ringen slutta, pickup-point er samme staden som dei starta turen for halvannan veke sidan.
- Jarle

 

 

ONSDAG 6. MAI


Knut ringte i kveld og fortalte at dei starta dagen med å gå ei lita mil opp forbi Hoglandsvatnet, eit vatn som ligg oppå breen. Samme fantastiske været som dei andre dagane. Etter dei slo leir gjekk dei - som planlagt - opp på Tarantellen (770m). Tarantellen har fått navnet sitt fordi det ser ut som ein gigantisk edderkopp med tre bein som står oppå ryggen av fjellet. På biletet under ser du dei tre beina som kjem ned på fjellryggen, desverre hadde eg ikkje vidvinkel-objektiv til å få med heile Tarantellen på biletet.
- Jarle

 

Tarantellen (Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Jarle Trå)

 

 

TYSDAG 5. MAI


I dag såg dei bamsen! Tre stykk faktisk - ei bjørnemor med to små ungar gjekk utover Austfjorden mens dei var på veg inn. Heilt sikkert ein fantastisk opplevelse, sjølv om det var på forholdsvis lang avstand (nokon var kanskje berre glad for det... :) Dei gjekk inn heile Austfjorden og eit par kilometer opp på Mittag Leffler-breen der dei har slått leir. Også i dag har det vore strålande vær - no håpar me nesten snart at dei får oppleva litt ruskevær også, det høyrer liksom med når ein først er på Svalbard. I morgon går dei ein forholdsvis kort etappe før dei slår leir, men deretter går dei etter planen opp på den spesielle fjellformasjonen Tarantellen. Ein topptur altså. Der har dei også god utsikt til store deler av det nordlege Spitsbergen.
- Jarle

 

 

MANDAG 4. MAI


SMS via satellitt-telefon frå Knut i kveld:
Sinnsjukt fin dag idag. Sol og vindstille. Blå himmel. Ligg nederst på Smutsbreen. Alle i fin form. Svære tinder rundt oss.
Tydeleg at den dramatiske naturen pregar sjølv hardbarka Svalbard-guidar. I dag gjekk dei altså over passet øverst på Gallerbreen og ned på Smutsbreen. Vidare ned denne mot Austfjorden. Ein heilt ny arktisk natur står no framfor dei - i morgon går dei på sjøis inn Austfjorden. Frå dei store breene og tindane har dei no komme heilt ned til havnivå. Variasjonen på denne turen er voldsom! Men det var heilt bevisst at dei slo leir nokre kilometer frå kystlinja, dei er nemleg i "bamseland" no. Isbjørnen held seg stort sett langs kysten der den jaktar på sel som kjem opp av pustehola sine. For å unngå å slå leir midt i jaktområda til isbjørnen, som det er svært mange av i Austfjorden i år, prøver dei å gå inn heile fjorden i morgon og eit godt stykke opp på Mittag Leffler-breen. Mykje mindre sjanse for å støta på svoltne bamsar langt oppe på breane...
- Jarle

 

Atomfjella (Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Jarle Trå)

 

Brefronten på den enorme Mittag Leffler-breen som kalvar ut i Austfjorden (Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Jarle Trå)

 

 

 

SUNDAG 3. MAI


Etter ein kviledag i går har gjengen i dag bevega seg nedover Veteranen til foten av Neptunfjellet. 16 kilometer på kremføre! Knut har tilbrakt mykje tid på Svalbard, men sjølv for han er det upløgd mark dei no går inn i. Han beskriv synet frå leiren som heilt enormt, når dei store og skarpe Atomfjella no begynner å visa seg i horisonten. Dette er kanskje det flottaste området på heile Svalbard, ville og sylskarpe tindar som reiser seg opp frå breane og fjordane. Dei opplever kalde netter, ned mot 20 minusgrader. Sjølv om midnattsola kastar sine stråler på leiren midt på natta, klarer ho ikkje å skape noko varme. Været er verkeleg på vår side, fint og roleg vær dag etter dag. For å sjå kor fantastisk flott det er på Svalbard akkurat no anbefaler eg nettkameraet som står i Longyearbyen. Anbefaler spesielt å gå inn seint på kvelden (natta...) for å sjå korleis midnattssola lyser opp fjellsidene (du kan også spole deg tilbake i tid).
- Jarle

 

 

FREDAG 1. MAI


I dag vart Newtontoppen (1713m), Svalbards høgaste fjell, besteget - gratulerar til gjengen! Knut fortel om ein fantastisk dag med ei heilt enorm utsikt frå toppen. Dei er no "framfor skjema", så i morgon går dei sannsynlegvis ein mellomlang etappe ned Veteranen (ein gigantisk bre som renn nordover frå Lomonosovfonna), og opp på Gallerbreen.
- Jarle

 

Bilete frå toppen av Newtontoppen på fjorårets tur

 

 

TORSDAG 30. APRIL


Etter ein fin tur med snøskuter ut til startpunktet i går, gjekk dei 4 kilometer før dei slo leir. Viktig med ein roleg dag den første dagen, slik at alt går seg til. I dag derimot, smelte dei til med ein skikkeleg etappe og bevega seg nordover heile Lomonosovfonna og har i kveld slått leir ved foten av Newtontoppen... imponerande! 23 kilometer vart det i dag, i perfekt vær og føre i følge Knut. Værmeldinga ser så bra ut for morgondagen at det sannsynlegvis blir toppstøt på Newtontoppen i morgon. Kanskje klarar Knut å få dekning med mobiltelefonen på toppunktet, slik at han kan senda bilete "direkte" frå toppen.
- Jarle

 

 

ONSDAG 29. APRIL


Gjengen er i gang! 8-9 mil på snøskuter ventar før dei første stavtaka vert tatt.

 


Foto: Knut Horvei

 

 

TYSDAG 28. APRIL


I går ankom alle Spitsbergen og Svalbard. For nokon var det første gongen dei har opplevd denne fantastiske øya, mens andre har vore der fleire gonger. Svalbard gjer sterkt inntrykk, uansett om ein har vore der før eller ikkje. Den krystallklare lufta og den voldsomme følelsen av villmark - sjølv midt i Longyearbyen - er vanskeleg å beskriva, den må opplevast. I dag har Knut, Jakob og Bård gjennomgått alt frå A til Å med gruppa. Oppsetting av telt, testing av brennarar, fordeling av mat og drivstoff, gjennomgang av personleg utstyr - og dei rakk faktisk eit besøk på museumet i Longyearbyen også. Værmeldingane er veldig bra så langt fram meterologane tør å spå, stort sett lettskya og sol. Og nesten ingen vind, det er kanskje det aller viktigaste, i alle fall dei første dagane då dei er høgt oppe på breen. Temperaturane skal etter kvart bli forholdsvis låge, men så lenge det er vindstille treng ikkje det bli noko problem. Meldingar om litt isete forhold ved Gallerbreen og svært mykje isbjørn i Austfjorden gjer sikkert at fleire grugledar seg litt ekstra i kveld... i morgon er det arktiske eventyret i gang! Følg med her framover...
- Jarle

 



Forberedelsar i Longyearbyen i dag (Foto Knut Horvei)

 

 

PÅ SKI OPP PÅ SVALBARDS HØGASTE FJELL


Helen, Anne, Atle, Svein, Geir, Eva, Trond Arne, Aud, Hildegunn, Jakub, Marit og Kathinka møtes på Svalbard på mandag. Tysdag går med til forberedelsar og testing av utstyr sammen med turledarane Knut, Jakob og Bård. Onsdag køyres dei med snøskuterar nordover heilt opp på sørenden av den enorme Lomonosovfonna. Når snøskuterane forlet dei er dei heilt åleine, og eit 11 dagars arktisk villmarkseventyr er i gang.

 

Dei går over Lomonosovfonna, bestiger Newtontoppen (1713m) som er Svalbards høgaste fjell, går gjennom Atomfjella ned Tryggvebreen, vidare sørover Austfjorden på fjordisen og opp att på Lomonosovfonna der dei vert henta (ruta kan sjølvsagt endrast undervegs dersom forholda tilseier det). Følg gjerne med på dette topografiske kartet over Svalbard. Lomonosovfonna ligg 5-6 mil nordaust for Longyearbyen og Newtontoppen ligg heilt i nordkant av denne breen.

 

Følg med her for nyheiter undervegs, me satsar på å få til oppdateringar via satellitt-telefon ca. annakvar dag.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her.

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 


(Bilete frå tidlegare tur. Foto Jarle Trå)