DAGBOK KILIMANJARO 27. DES. 2016 - 7. jan. 2017

 

FREDAG 6. JANUAR

Hei

Då har me sendt ein gjeng tilbake til Moshi og me er 9 stk som skal til å boarde flyet til Amsterdam no. Flyet blir litt forsinka, 40 min kanskje. Satser på at me flyr det inn og rekk flyet til Bergen/Oslo. Flott sykkelsafari idag, veldig varmt, men var litt vind, så det var levandes :) God lunsj på Migunga og så bading og god middag på Aru Meru. No er me klare for godt skiføre i Noreg !

- Knut

 

Sjå nokre av Knut sine bilete frå turen:

IMG 0312

IMG 0276

IMG 0286

IMG 0289

IMG 0306

  

TORSDAG 5. JANUAR

Heisan!

Varm og bra dag i Ngorongoro-krateret idag! Såg det meste av dyr inkl fleire løver. Ein pungtering midt i løveland var jo ekstra spennande :) Etter ein regnfull tur på Kilimanjaro har me fått blå himmel og sol desse siste dagane, deilig! Når me kom tilbake frå safarien vart det nokre timar i badebassenget og ein øl i baren. Til middag i kveld var det grillmat, deilig! I morgo ventar Lake Manyara før nokre av oss reiser heim og andre skal til Zanzibar.

- Knut

(Bilete frå tidlegare turar: Foto: Jarle Trå)

kilimanjaro 09

kilimanjaro 10 

 

TYSDAG 3. JANUAR

Etter ein lang men flott marsj på nesten 6 timar så kom me oss ned til gaten frå Horombo. Der blei det lunsj og litt øl og sjampis ! Nå har me omsider kommt oss til hotellet og fått oss god middag, meir øl og info om morgon dagens safari i Tarangire, me gledar oss!

- Knut

 

MANDAG 2. JANUAR

Det var ein glad gjeng som nådde toppen av Uhuru peak kl. 0715 lokal tid! Gratulerar til alle med fantastisk innsats! Dei hadde flotte forhold med strålande vær. Ltt meir snø enn vanleg då dei nærma seg toppen, men ikkje nok til at det hindra dei på nokon måte. Harald starta ikkje på toppstøtet og Irvin nådde Stella Point heilt oppe på kraterkanten, ellers var alle på toppunktet Uhuru peak. Dei brukte 8 timar opp, toppstøtet på Rongai-ruta er litt lenger enn på Machame-ruta. No slappar dei av nokre timar i Kibo Camp, før dei går vidare nedover fjellet etter lunsj.

- Jarle

SMS'ar går ikkje alltid heilt på skinner i Afrika - fekk denne i dag (tysdag) der Knut beskriv litt meir detaljar om toppstøtet:

Me ankom Kibo i lunsj tider, snødde siste stykket frå sletta og opp til campen. Det har regna og snødd kvar dag på turen, så det var spent stemmning under lunsjen med tanke på været på toppstøtet. Me pakka og slappa av i Kibo før me starta toppstøtet kl 23:15. Me var første gruppe ut frå leiren med etterkvart fleire lysande slanger som følgte etter oss opp mot Gilmans point. Harald var ikkje i form og starta ikkje, ein nådde Stella og resten til topps! ...og været var makalaust! Det var vel fortjent! 10 cm nysnø og sol og supert skiføre på toppen..om ein hadde ski med :) nede i camp ca kl 10 og avmarsj mot Horombo i 13 tida. Mykje folk, sol og god stemmning i Horombo. No gledar me oss til safari om eit par dagar. Over og ut!

- Knut

 

(Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Jarle Trå)

kilimanjaro 12 

 

SØNDAG 1. JANUAR

Godt nyttår! Gjengen vår feira nyttårsaftan i Mawenzi Tarn Camp (4330m) under den spektakulære "sideventilen" Mawenzi aust for hovedtoppen Kibo. Heile Kilimanjaro-massivet er ein gigantisk vulkan som i dag er sovande, dvs. at det ikkje er nokon vulkansk aktivitet. Eg reknar ikkje med det var så mange rakettar å sjå på nattehimmelen over Afrika langt der nede, men kanskje hadde nokon med stjerneskudd og litt drikke som varma ekstra godt i kulda etter solnedgang (sjølv om dei er omtrent på ekvator vert det som regel eit par minusgrader om natta over 4000 moh.). I dag går dei vidare til Kibo Hut (4750m) der toppstøtet skal starte kl. 23:00 i kveld lokal tid. Amund og Merete måtte dessverre avbryte og gå ned igjen i dag - det er slik det er av og til på høge fjell. Knut melder om snøvær på marsjen oppover i dag. Dei har tydelegvis hatt ein del meir nedbør enn det som er vanleg på Kilimanjaro. Følg med på denne sida i morgon formiddag, eg oppdaterer korleis det har gått på toppstøtet så fort eg høyrer frå dei. Kryss fingrane...

- Jarle

 

FREDAG 30. DESEMBER

Hei. Me er komme til Kikelewa Camp på 3600 idag. Lett rusletur i mykje regn. Har regna mykje dei siste to dagane, så alt er vått, men humøret på topp!! Kjempe positiv gjeng :) I morgo er det opp til den flotte campen ved foten av Mawenzi, det gledar me oss til. Håpar på betre vær!

- Knut

 

TORSDAG 29. DESEMBER

Vi har det heilt supert! Noko regn og ellers sol, vindstille . Alle er i god form og me et godt. Hei og hå frå Knut og gjengen på veg til Kilimanjaro . Vi har sett ei stor krokodille 😎😎

- Herbjørg

 

ONSDAG 28. DESEMBER

Klar til start! Knut og gjengen på hotellet før køyreturen til nordsida av fjellet der Rongai-ruta startar. Alt ser lovande ut, og alle gledar seg til eventyret som ventar. Følg med den neste veka om dei klarar å nå toppen av Afrika...

- Jarle

IMG 2026

 
NYTTÅRSFEIRING PÅ KILIMANJARO!

Årets "julegruppe" er snart på veg mot Afrikas høgaste fjell - Kilimanjaro. Dei skal prøva seg på Rongai-ruta på nordsida av fjellet, ei av dei mindre brukte rutene på dette gigantiske fjellet. Etter fjellturen skal dei på safari i dei fantastiske nasjonalparkane Ngorongoro og Tarangire, samt ein heilt spesiell sykkeltur utanfor Lake Manyara Nasjonalpark.

Ellen, Knut, Stine, Thomas, Cathrin, Irvin Eyolf, Even, Thomas L, Marianne, Herbjørg, Merete, Harald, Randi, Amund, Trine og Svein Harald skal sammen med turledar Knut Horvei og vårt erfarne team av lokale guidar og bærarar med Steven, Bryson, Amos og Daniel i spissen prøva å nå 5895 moh og kasta snøball i Afrika...

På denne sida legg me ut oppdateringar frå turen stort sett kvar dag.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka.

Bilete frå tidlegare turar (Foto: Brynjulv Eide, Jarle Trå)

kilimanjaro 01

kilimanjaro 04

kilimanjaro 06

kilimanjaro 07

kilimanjaro 08