DAGBOK EKSPEDISJONSKURS PÅ FINSE MARS 2016

 

Torsdag 6. mars


Knut, Knut, Kristine, Anne, Grete, Per, Eirik, Kjell og Ane Guro er gjengen som skal på tur i 3 dagar i områda rundt Finse.
Torsdagskvelden vart brukt til Turplanlegging, utstyrspreik og litt turskrøner. Knut prøvde å imponere gjengen med sjølvproduserte råvarer frå Horvei til middag, hjortepølse stod på menyen.

 

Fredag 5. mars


Tidlig vakna me og god frukost fekk me. Etter ein kikk på kartet og ruta, var det ut og pakke pulkane, sjekke primus og trene litt på å sette opp telt, før me satt marsjen over Finsevatnet og vestover mot Fagernutvatnet. Litt skydekke og varmt, men fint føre. Denne helga har Røde Kors det årlige "Finse kurset" og det kryr av folk som er ute og trener på redningsoppdrag i fjellet.
Så denne helga skal det vere rimelig trygt å gå seg vill :)

 

Laurdag 4. mars


Revelje klokka 07:00 til ein flott soloppgang innerst i Larsdalen. Me tørka soveposar, laga oss kokekaffi og smurte skia med blå-extra eller kortfeller. Blå himmel, sol og silkeføre skulle prega resten av dagen. Heilt greitt ! Me gjekk inn forbi den karakteristiske Såta innerst i Såtadalen. Lunsj ved ein koselig kafé med ute servering av turmat, sol og påskestemning. Livet er enkelt på ekspedisjon for tida:) Me avslutta dagen med ein herlig og forfriskande motbakke opp mot Omns breen. Her slo me leir i lett tåke og testa skia utan pulk i dei nærliggande bakkane.

 

Sundag 3. mars


Sundag morgon vakna me til litt vind, snødrev og lite sikt. Denne turen gir oss det meste av vær og føre. Heimturen ned til Finse tok ikkje så mange timar og me fekk los på eit anna turfølgje som laga fine spor til oss og pulkane siste stykket :)
Vel nede, var det på tide å få seg ein dusj, pakke om bagasjen og konstatere at Nord-London derbyet i Premier League enda 2-2.
Ein fantastisk kjekk og lærevillig gjeng i flott terreng rundt Finse er fasiten etter denne supre helga. Takk for turen !

- Knut

 

(Alle bilete: Knut Horvei)