DAGBOK ACONCAGUA 2014

 

SUNDAG 23. FEBRUAR

Utan at eg har fått bekrefta detaljane reknar eg med at det vart ein solid fest i Mendoza... Fortjent! No sit dei på flyet heimover mot gamlelandet. Dei har nok massevis av inntrykk og opplevelsar dei vil dele med sine nærmaste når dei kjem heim. Takk til Brynjulv som har leda gruppa på ein god og trygg måte. Takk for at du har fulgt med på denne sida etter kvart som spenninga bygde seg opp fram mot toppstøtet. Takk også til dei som har lagt inn helsingar i gjesteboka. Dersom du har lyst til å vera med på denne turen til neste år, ta kontakt.
- Jarle

 


Heile gjengen på toppen av Aconcagua 19. februar... Kjempeprestasjon!!!

 

FREDAG 21. FEBRUAR

I kveld (norsk tid) er dei nede igjen i Punta del Inca. Den lange marsjen tok 7 timar og dei ventar no på muldyra som kjem med utstyret før dei vert køyrt ned til hotellet i Mendoza. Stemninga er høg til tross for at dei er slitne etter ein lang ekspedisjon. I kveld blir det sikkert den støste biffen mange av dei har ete i heile sitt liv, med tilhøyrande argentinsk druedrikk... Det er alltid ein heilt spesiell atmosfære når ein slik tur går mot slutten. Sterke bånd har blitt knytta og sterke opplevelsar har gitt minner for livet.
Som nokon kanskje har lagt merke til i tidlegare oppdateringar har gjengen gått ut Horocones-dalen, dvs. normalruta på fjellet. Etter toppstøtet gjekk dei ned til Base Camp på normalruta på vestsida av fjellet, ikkje ned igjen til Base Camp på Vacas-ruta på austsida av fjellet. Dermed traverserte dei fjellet, og dette er ein av fleire "oppgraderingar" me gjorde på turen i år. Det er kjekkare å sjå ei ny side av fjellet etter ekspedisjonen, enn å gå den samme turen i revers som då ein gjekk inn til Base Camp.
- Jarle

 

TORSDAG 20. FEBRUAR

Fekk følgande melding frå Brynjulv (kl. 13:05 norsk tid):
"Hadde ikkje vore mogeleg å nå toppen i dag. Sterk vind, kulde og snøfokk. Me startar nedstigninga mot Base Camp om eit par timar."
Dei hadde altså værforholda på si side i går, sidan vinden har vore tøff både før og etterpå. No tenker eg det er kun ein ting som står i hovudet på dei - ned til sivilisasjonen igjen og eit skikkeleg kjøttmåltid i Base Camp. Deretter den lange vandreturen ut Horocones-dalen. Vel tilbake i Mendoza er det heilt sikkert ein dusj og ein velfortjent feiring som står øverst på lista...
- Jarle

 

ONSDAG 19. FEBRUAR

Kort men fantastisk gledeleg telefon frå Brynjulv kl. 19:55 norsk tid. Alle unntatt Knut Ådne står på toppen av Aconcagua akkurat no! Brynjulv fortel om eit toppstøt der dei bytta på å brøyta i 50-80 cm. nysnø. Forholda var tyngre enn han noko gong har opplevd før. Dei brukte over 10 timar opp på grunn av dei tøffe forholda. Litt vind og snøfokk då dei starta, men så vidt eg fekk med meg vart det mindre vind etter kvart. Knut Ådne hadde ikkje dagen i dag og måtte snu ved Indepedencia. No er det kun den lange turen ned att til leiren for gjengen, men den går tross alt i nedoverbakke. Det tar nok likevel minst tre timar før dei er nede igjen. Været har generelt vore perfekt for toppstøt i dag, men at dei skulle klare det med dei snømengdene som er på fjellet no er nesten meir enn eg turte å håpa på. Gratulerer så mykje - dette er verkeleg ein kjempeprestasjon!
- Jarle

Toppen av Aconcagua uten snø... (Bilete frå ein tidlegare ekspedisjon)

 

TYSDAG 18. FEBRUAR

Vinden har løya! Forholda er betre enn i går og det ser derfor litt lysare ut no. Brynjulv melder om ein varm (!) dag opp til Camp Colera på nesten 6000 meter. Men ein svært tung dag med tunge ryggsekkar, sidan alt utstyret skulle fraktast opp. Men alle er fortsatt friske og sterke. Dei startar mot toppen kl. 05:00 lokal tid i natt (kl. 0900 norsk tid) og vil derfor ikkje vera tilbake i leiren før langt ut på kvelden norsk tid. Brynjulv skriver at gjengen har vore så flinke og gjort alt riktig under heile akklimatiseringspriosessen. La oss håpa at dei får belønninga si i morgon og får nyta utsikta frå sjølvaste Aconcagua. Eg oppdaterer så fort eg høyrer noko, men det kan altså bli godt ut på kvelden før me høyrer frå dei.
- Jarle

Camp 3: Camp Colera (5970 moh.) (Bilete frå ein tidlegare ekspedisjon)

MANDAG 17. FEBRUAR

Kviledag i Camp 2. I morgon flyttar dei opp til Camp Colera (Camp 3) på nesten 6000 meter, og deretter skjer sjølve toppstøtet på onsdag. Men - og det er eit stort men - vinden MÅ løya før dei kan gå etappen opp til Camp 3. Når Brynjulv beskriver forholda som "jævlig vind og snøfokk" er det ingen sjanse å gå høgare på fjellet. Me satsar derfor alt på at vinden løyer det neste døgnet. Vindane kjem frå vest, og derfor er dei meir eksponert no når dei har bevega seg over på nordvestsida av fjellet. I dag har Erik fødselsdag, så det blir nok ein liten markering i teltet. Gratulerar med dagen! Ikkje mange som har feira dagen sin 5500 meter over havet...
- Jarle

 

SUNDAG 16. FEBRUAR

Hard dag opp til Camp 2. Alle er i fin form, men vinden er svært tøff. Det bekymrar oss litt sidan værmeldingane eigentleg ikkje inneheld så mykje vind akkurat no. Me satsar alt på at den roar seg dei neste dagane slik at dei får gjennomført toppstøtet som planlagt. Snømengdene var også eit problem i dag. Ser altså ut som at Aconcagua likevel prøver å setta opp nokre snublefeller no når alt såg så lovande ut. Men dei er ved godt mot og fortsatt optimistiske, så viss berre vinden gir seg fortsetter dei oppover.
- Jarle

Undervegs frå Camp 1 til Camp 2 (Bilete frå ein tidlegare ekspedisjon)

 

LØRDAG 15. FEBRUAR

I går fekk dei ein god dump med snø og tordenvær herja over fjellet. Dei tar derfor ein kviledag til i Camp 1 i dag, og flyttar opp til Camp 2 i morgon søndag. Alle fortsatt friske og fine og klare for toppstøt!
- Jarle
Fekk ei melding til frå Brynjulv seinare på dagen:
Han melder om ein del vind og mykje nysnø i leiren. Det einaste dei har gjort er å slappa av, kun ut av teltet i nødvendige ærend...

 

TORSDAG 13. FEBRUAR

Kjempeinnsats av gjengen i dag! Alle var heilt opp til Old Guanaco Camp (5500 moh.) som dei flyttar opp til på lørdag dersom alt går etter planen. Dette blir då Camp 2 på fjellet. Dei hadde med seg ein del utstyr opp, slik at dei får mindre i ryggsekken når dei flyttar leiren opp. Dette er ein ekspedisjon som foregår i ekte Himalaya-stil. der ein etablerer leirar oppover fjellet etter kvart som ein vert akklimatisert. Men ein må heile tida passe på å få nok kviledagar i lågare leirar mellom slaga høgare på fjellet. Derfor vert det kviledag i Camp 1 igjen i morgon før forflytningsdagen på lørdag. Nokre fekk kjenna litt på hodepinen i dag, men det er heilt som forventa på denne høgda. Det brukar å gå fort over når ein kjem ned att til leiren om kvelden. I kveld snøar det i Camp 1, men værmeldingane ser fortsatt lovande ut framover. Reidun, Steinar og Haakon helsar til Ruth Eva og gratulerer med dagen!
- Jarle

Terrenget over Camp 1 er goldt og øde - og fantastisk flott!
(Bilete frå ein tidlegare ekspedisjon)

ONSDAG 12. FEBRUAR

Kviledag i Camp 1. Alt vel! Sigrun helsar til mor si som har bursdag i dag :)
- Jarle

 

TYSDAG 11. FEBRUAR

Brynjulv sendte ein SMS frå satellitt-telefonen i kveld. Dei er no i Camp 1 etter å ha brukt 5 timar frå Base Camp i dag. Alle fortsatt i god form. Dette ser verkeleg lovande ut då værmeldingane også ser bra ut. Men Aconcagua gir seg aldri utan kamp, så sjølv om det ser veldig bra ut no vil det heilt sikkert komma utfordringar framover... I morgon kviler dei i denne leiren, det er ein viktig del av akklimatiseringsplanen. Det gjeld å ikkje ha det for travelt når ein skal opp på eit så stort fjell. Neste leir ligg på 5500 moh. og før ein skal sova på denne høgda må ein gjera dei riktige tinga lenger nede.
- Jarle

 

MANDAG 10. FEBRUAR - ETTERMIDDAG

Ikkje før hadde eg lagt ut forrige oppdatering så ringte Brynjulv. Alt står strålande til med gjengen vår og det er tydeleg at dette er ein sterk gjeng. Dei brukte kun 4 timar opp til Camp 1 i går med opp mot 20 kilo i ryggsekkane. Ingen merkar noko til høgda og Brynjulv har knapt nok delt ut ein Paracet endå. Dei har til dels gått i t-skjorte i Base Camp og værmeldingane framover er forholdsvis lovande med tanke på toppstøtet. Det er sjølvsagt langt fram, men i forhold til dei siste to åra då værmeldingane har vore prega av kraftig vind ser det no forholdsvis bra ut. Det kjem kanskje inn eit lite lågtrykk om nokre dagar som kanskje gjer at dei må endre litt på opplegget, men langtidsmeldingane fram mot toppstøtet ser lovande ut. Brynjulv melder til slutt at Haakon har fått litt høgt blodtrykk, men eg forsto det slik at det har å gjera med teltnaboen... (den unge argentinske kokka :)
- Jarle

Luksusen i Base Camp går mot slutten. I morgon flyttar dei opp i Camp 1 på 5000 meter og kjem sannsynlegvis ikkje ned igjen frå fjellet før toppstøtet er over. (Bilete frå fjorårets ekspedisjon)

MANDAG 10. FEBRUAR - MORGON

Lørdagen var det kvile som stod på programmet. Det er viktig at kroppen får restituert seg no når dei er komne opp på 4200 moh. Dei måtte også forbereda gårsdagens etablering av Camp 1 på rundt 5000 meter. Dei bar då utstyr opp til leiren slik at det blir mindre å bæra i morgon når dei flyttar opp i denne leiren "for godt", dvs. at dei ikkje skal ned igjen til Base Camp før toppstøtet. Eg fekk ein tom melding frå satellitt-telefonen i går, reknar med det var Brynjulv som ville formidla detaljane om gårsdagen - men det er ikkje alltid teknikken spelar på lag på dei høgaste fjella i verda :) Men i dag er det i alle fall kviledag igjen. Den siste i "luksusen" i Base Camp der dei har eige messetelt med bord og stolar og kokk som lagar god mat til dei. Når dei no flyttar oppover på fjellet blir det betrakteleg meir spartansk. Dei bur då to personar i kvart telt og må lage sin eigen mat i kvart telt. Kryss fingrane, i morgon begynner dei for alvor å bevega seg oppover fjellet mot det som forhåpentlegvis blir toppen på tysdag i neste veke (dersom været ikkje gjer at planen må endrast). Her ser du planen for dagane framover:
I dag: Kviledag BC
11. feb: BC - C1
12. feb: Kviledag C1
13. feb: C1 - C2 - C1 (Etablere Camp 2)
14. feb: Kviledag C1
15. feb: C1 - C2
16. feb: Kviledag C2
17. feb: C2 - C3 (Etablere Camp 3)
18. feb: Toppstøt!
19. feb: Reservedag
20. feb: Reservedag

 

- Jarle

 

FREDAG 7. FEBRUAR

Dagens etappe starta med ein kald elvekryssing. Det er fleire elvekryssingar på vegen frå Casa di Piedra til Base Camp, men spesielt den første er forholdsvis kjølig då sola endå ikkje er kommen over fjelltoppane. Etter fem timars gange var dei i BC. Det er raskare enn normalt og Brynjulv melder også at dette er ein sterk gjeng. No skal dei ha ein kviledag her før dei begynner å transportera utstyret oppover på fjellet. Det er ein av dei tinga som er så fint med slike ekspedisjonar - kontrasten mellom fysiske utfordringar og kvile og avslapping...
- Jarle

 

TORSDAG 6. FEBRUAR

Brynjulv melder via satellitt-telefon at dei no er komne inn til Casa di Piedra på 3200 moh. To lange dagsetappar er tilbakelagt innover Vacasdalen. Dei brukte kun 5 timar inn til denne leiren i dag, noko som indikerer at dei er godt akklimatisert. Meir og meir tyder på at det nye akklimatiseringsopplegget vårt fungerer veldig bra. Dei føler seg sterke og fine og ingen har merka noko ubehag med høgda. Nyheitene frå fjellet er at ingen har vore på toppen dei siste 20 dagane pga. tøffe vindar. Me satsar på at det bles frå seg i løpet av ei vekes tid når det begynner å nærma seg toppstøtet. Vanlegvis gjer det det heilt på slutten av sommarsesongen. Hausten er nemleg rundt hjørnet på denne kanten av verda, men statistisk sett er det gode sjansar for ein roleg periode på Aconcagua heilt på slutten av klatresesongen. I morgon kjem dei inn til Base Camp. Der lever dei luksuslivet nokre dagar før det blir meir spartanske forhold etter kvart som dei flyttar høgare og høgare på fjellet.
- Jarle

I morgon får dei denne utsikta etter kvart som dei nærmar seg foten av Aconcagua. Base Camp ligg heilt inntil fjellet rett ved albogen til personen øverst til venstre i biletet.
(Bilete frå ein tidlegare ekspedisjon)

 

TYSDAG 4. FEBRUAR

I dag var dei på tur i godt over 6 timar, og besteig eit 3900 meter høgt fjell i Chile! Flott start på akklimatiseringa... Brynjulv melder om ei nydeleg utsikt mot Aconcagua frå toppen. Litt vind var det på toppen, men det må ein rekna med i Andesfjella, som er berykta for dei vestlege vindane som feiar over fjellkjeden. Dermed nærmar første del av akklimatiseringa seg slutten. I morgon begynner dei den tre dagar lange marsjen inn Vacasdalen mot Base Camp, Plaza de Argentina. Dette er ein fantastisk flott vandretur i seg sjølv, frodige grasmarker nede i dalen mens fjellsidene er prega av det tørre klimaet i området. Fjella har ein spesiell raudleg farge som gjer det veldig eksotisk for oss nordmenn som er vant med gråstein... På denne kanten av jorda er det no høgsommar. så temperaturen vil sannsynlegvis vera høg nok til at dei går stort sett med shorts og t-skjorte heilt inn til Base Camp på 4000 moh.
- Jarle

Fjellet i bakgrunnen er Aconcagua, 3000 meter høgare enn fjellet dei står på her som er 3900 meter høgt.

MANDAG 3. FEBRUAR

6 timar på tur idag mellom 3200 og 3300 meter innover ein flott dal langs grensa til Chile. Flott ver men litt vind. Frost om morgonen. Sett Guanacos og Helene Harefrøken. Nokre trøndarar sakna difor jaktrifla. I morgo ber det oppover mot ein topp i Chile på opp mot 4000 meter. Alle friske og raske. Fin stad for aklimatisering.
- Brynjulv

 

Dette er ein Guanaco (Bilete frå ein tidlegare ekspedisjon)

SØNDAG 2. FEBRUAR

På veg til Las Cuevas. Toppen av Aconcagua i bakgrunnen. Om to veker er dei kanskje der...

 

LØRDAG 1. FEBRUAR

Seint i går kveld norsk tid (dei ligg 4 timar etter oss) landa dei i Mendoza langt inne på den Argentinske pampasen. Noko av det første dei gjorde var å eta ein solid kjøttmiddag. Den argentinske biffen er verdenskjent for sin saftige og fantastiske smak. Faktisk er akkurat Mendoza-området kjent for å vera det området som produserer det alle beste kjøttet. Dei skal no tilbringa dagen i dag med forberedelsar og pakking, samt at dei skal ordna lisensen som dei treng for å klatre fjellet. I morgon flyttar dei opp til fjellhytta Las Cuevas på ca. 3000 moh. der første fase av akklimatiseringa skal skje. Følg med på denne sida framover - no er eventyret i gang!
- Jarle

 

FREDAG 31. JANUAR

Alle ankommet Buenos Aires, og utruleg nok er all bagasje med... No ventar dei på flyet vidare til Mendoza. Den lange flyturen er snart over. Brynjulv melder om sterk varme og god stemning.
- Jarle

 


På flyplassen i Buenos Aires

KLAR TIL AVREISE!

Det er kun få dagar til avreise og ekspedisjonsnervene (ein avansert form for reisefeber...) herjar nok blant deltakarane no. Reidun, Steinar, Håkon, Hanne, Sigrun, Erik og Knut Ådne skal dei neste vekene utfordra Aconcagua, det høgaste fjellet i Sør-Amerika. Ekspedisjonsledar er Brynjulv Eide som har lang erfaring med dette fjellet. Førstkommande lørdag flyr dei til Buenos Aires i Argentina og vidare til Mendoza, der dei møter vår lokale helt Micky, som er ein av dei mest erfarne guidane på dette fjellet. Første del av akklimatiseringa vil skje ved å gå dagsturar frå ei hytte sør for Aconcagua, deretter brukar dei tre dagar på å gå inn til foten av fjellet der Base Camp ligg. Dette blir basen i nokre dagar, før ein flyttar vidare oppover fjellet og etablerer nye leirar etter kvart som ein kjem høgare og høgare.

 

På denne sida kan du lesa oppdateringar etter kvart som ekspedisjonen skrider fram. Oppdateringar kjem ikkje kvar dag, men me skal prøva å halda dere her heime oppdatert om det som skjer på fjellet med få dagars mellomrom.

 

Les meir om detaljar og dagsprogram for ekspedisjonen.

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 

Blir du frista til å prøva deg på Aconcagua også? Eg arrangerer denne ekspedisjonen kvar vinter. No i månadsskiftet februar/mars arrangerer eg informasjonsmøter i Oslo, Bergen, Stavanger og Tromsø. På desse møta presenterer eg alle turane og ekspedisjonane som eg arrangerer. Alle er velkomne! Les meir

 


Bilete frå tidlegare ekspedisjonar (Foto: Brynjulv Eide og Jarle Trå)