dagbok svalbard fottur 2010

 

MANDAG 8. AUGUST

Dei fyrste tilbakemeldingane frå deltakarane og turledar Brynjulv tydar på at dette vart ein uforgløymeleg tur. Og når eg fekk sjå bileta frå turen er det ingen tvil om at dette er ein tur heilt utanom det vanlege. Bileta talar vel for seg... Eg var i utgangspunktet ikkje tenkt å arrangera denne turen fleire gonger sidan det berre var 4 deltakarar på denne turen. Men eg veit at fleire av dei som hadde lyst til å vera med var bekymra for vekta på ryggsekken. Det kan eg no definitivt sei at ikkje er noko problem. Fleire av deltakarane hadde ryggsekkar på berre om lag 14 kilo! Satsar på turar annakvart år framover, 2011, 2013 osv. Turen kan definitivt anbefalast til dei som har lyst til å oppleva urørt og barsk natur, arktisk dyreliv og villmark.

 

Sjå dei fantastiske flotte bileta frå turen.

 

LØRDAG 7. AUGUST

I dag har dei vore på sightseeing i Barentsburg. Brynjulv er den perfekte guiden i denne russiske gruvebyen, då han var ofte her i tida som sysselmannsbetjent på Svalbard for nokre år sidan. Å komma til Barentsburg kan samanliknast med å reise i tid, mange samanliknar det med å dra attende til 50-talet. Båtturen attende til Longyearbyen gjekk langt raskare enn motsatt veg for seks dagar sidan. I dag var det lite bølger og det har sjølvsagt mykje å sei for farten.

 

FREDAG 6. AUGUST

Snakka akkurat med Brynjulv og dei er no straks framme i Barentsburg. Dei har hatt ein strålande tur og naturopplevingane har vore overveldande. Tidlegare i dag bada dei i fjorden, badetemperaturen var 2-3 grader (men det er vel omtrent som i resten av Noreg denne sommaren...) No ventar middag og overnatting på Barentsburg Hotell, før dei i morgo skal ha ein sightseeing i den spesielle russiske gruvebyen.

 

ONSDAG 4. AUGUST

I dag har dei kryssa Vestre Grønfjordbreen og har satt opp leir innerst i Grønfjorden. Ein fantastisk dag - i følge Brynjulv - litt skodde på morgonkvisten, men det vart strålande flott etter kvart som dei kom opp på sjølve breen. Då dei kom ned til der dei har satt opp leiren, stod velkomstkomitéen klar - to store reinsbukkar. Ellers har dei sett mykje fuglar og dyreliv generelt. Denne leiren kjem dei til å overnatta to netter i. I morgon går dei ein dagstur frå leiren.

 

TIRSDAG 3. AUGUST

Brynjulv ringte går kveld og eg fekk nokre få ord med han før satelitten sannsynlegvis dukka under horisonten. Dei er no ved fronten av Vestre Grønfjordbreen innerst i Orustdalen. Dei har gått i tett skydekke i nesten heile dag, men værmeldingane ser betre ut for morgondagen.

 

MANDAG 2. AUGUST

I kveld har dei slått opp leiren ved Skardtjørna. Ein fin dagsmarsj i forholdsvis flatt terreng, og været var også samarbeidsvillig. Dei har sett polarreven på nært hold, ein liten nysgjerrig tass var berre 5-6 meter i frå dei. Sidan det ikkje noko særleg med jakt på Svalbard, er dyra stort sett veldig lett å komma tett innpå. No slappar dei av og nyter ein utsøkt gourmetmiddag (frysetørka…) og samlar krefter for morgondagens marsj vidare i retning Barentsburg.

 

SØNDAG 1. AUGUST

Transportetappen ut til Isfjorden Radio vart lengre enn planlagt. Sjølv om rib'en er laga for stor fart, må den sjølvsagt ta hensyn til bølger. Og akkurat i det dei skulle dra frå Longyearbyen begynte det å blåsa, dermed tok turen over tre timar - ein etappe som i beste fall ikkje tar stort meir enn ein time. Men no er dei etablert på den heilt spesielle overnattingsplassen Isfjorden Radio. I morgo startar vandringa mot Barentsburg.

 

SVALBARD FOTTUR

4 deltakarar, leda av Brynjulv Eide, legg snart ut på ein spesiell gåtur på Svalbard. Gruppa skal gå frå Isfjorden Radio til Barentsburg, gjennom vill og urørt natur. Eit aktivt dyreliv pregar dette området på denne tida. Kanskje får dei sjå både polarrev og Svalbard-rein i tillegg til det yrande fuglelivet. Opphaldet på Isfjorden radio er ein opplevelse i seg sjølv, og dei skal også overnatta på hotellet i barentsburg, den russiske busetninga på Svalbard. Brynjulv Eide ledar denne turen, han kjenner Svalbard som si eiga bukselomme etter mange år som sysselmannsbetjent.

 

Følg med her for oppdateringar frå turen. Dei startar frå Isfjorden Radio søndag 1. august.

 


(Foto: Jarle Trå)