DAGBOK MOUNT KENYA 2016

 
TYSDAG 16. AUGUST 

Etter den supre grotte og sykkeldagen i går var me svoltne på meir og den lokale arrangøren Machano Ali (Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.) hadde fleire aktuelle tema på lista si. Me noterer oss også at Ali generelt sett er interessert i å visa fram den lokale byen og kulturane.

Dagen starta med blekksprut jakt, der ei lokal dame i full muslimsk påkledning leda an. Me vassa langt ut i strandsona, men det var så langgrunt at det berre rakk til knea/låret. Ho som kunne kunsten stakk til stadighet spydet inn i huler og under steinar. Me fekk ikkje blekksprut, det var antakelig mest på grunn av frisk pålands bris. Broren hennar derimot hadde fått både akkar og blekksprut, som vår guide leverte inn til eit lokalt hus.

Først besøkte me nokre damer som flettar fargerike korger og brilleetui, guiden fortalte at problemet deira var at dei ikkje kunne Engelsk og ikkje fekk markedsført seg. Så besøkte me ein lokal familie med to vaksne og 6 ungar på ca 30kvm. Koking foregjekk ute i gårdsrommet, me sat på golvet på ei fletta matte og fekk demonstrert kornmaling med håndkvern, tvinning av hamptau og fletting. Overalt der me er er ungar svært ivrige med å følgja med og sjå på oss kvite, dei er smilande og blide i fillete klær.

Ein kjempespesiell aktivitet me fekk vera med på var då dei lokale fiskarare kom inn til auksjon med dagens fangst, 10-12 fulle bøtter med red-snapper. Med motorsykkel og fletta stamp bakpå var mange oppkjøparar frå landsbyane rundtom no klar til kjøp. Det vart litt av eit show når fiskarane tømde ut fangsten og buda byrje å hagle inn. Me fattar ikkje korleis ein hadde kontroll men fisken vart fordelt, det aula også rundt med folk som berre var tilskuarar.

Etter dette besøkte me lokale båtbyggjarar. Bortsett frå krittsnor var verktøyet og metodar slik det har vore gjort i århundrer. Boremaskina var ei bue med tau på tvinna rundt ein bor, og ein bora ved å dra bua fram og tilbake. Med ei teksle øksa dei med millimeter presisjon ut spor i kjølen for å fella inn første bordet.

Dei hadde olje på eit bord og sette fyr på for vri det til å passe som nedste bordet i baugen, og dei slissa lange 1 toms mahognybord med håndsag. Dei ville gjera det autentisk for at båtbyggjarkunsten ikkje skulle dø ut.

Omvisninga denne dagen vart avslutta med den beste blekkspruten me nokon gong har smakt, sitjande på ei matte på eit betonggolv heime hos guiden. Kona sa at ho ikkje ville ha møblar. Knallgo lunsj.

Resten tå dagen er strandliv med snorkling og sømjing. Herlig plass å være dette 😊

- Dag Gjert

FullSizeRender 

IMG 3663

IMG 3666IMG 3668IMG 3672IMG 3675IMG 3678IMG 3687IMG 3688IMG 3690IMG 3695IMG 3696IMG 3698IMG 3700IMG 3707 

 

MÅNDAG 15. AUGUST

Oppsummering Zanzibar

Kl halv fem om natta kom taxi og henta oss, me ville da få drøye to timar på flyplass før flyet gjekk, god tid tenkte me, men gate var faktisk på "final call" før me rakk fram til gate. Første sikkerhetskontroll med full gjennomlysning var i inngangsdøra til flyplass. Så var det ein svært treg innsjekk der ein måtte levera inn både vaksinasjonskort og registreringsskjema som vi fekk ved ankomst. Så var det ny passkontroll, med fingeravtrykk og fotografering. Deretter opp ein etasje til ny sikkerhetssjekk, nå med full "body scan" og her vart matpakken frå hotellet ribba for juice og vatn. Greitt at sikkerheten er på topp, men så ineffektivt som ein jobbar her tok faktisk denne løypa 2 timar, me rakk flyet 😊

På Zanzibar slo varmen mot oss :), og etter ein runde med utfylling av skjemaer og betaling for å få koma inn i landet og full scan av bagasje, kom me oss i taxien.

Det vart ein interessant kjøretur, som i Kenya salgsboder langs veien, men hakket ryddigare her. Zanzibar er Muslimsk og overgangen til tildekka damer/jenter var markant. Eit ganske normalt trafikk bilde med ok bilpark, venstrekøyring også her.?Mange vaksne på sykkel, ikkje som heime framoverlent med sykkeldrakt og hjelm, nei her set ein gjerne rak i ryggen med caps og finsko. Det mest iøynefallande er likevel okse med kjerre, ja dette ser me ofte. Enten kjerra er full av graskar, murstein eller i fult trav med tom vogn, uansett sterke kontrastar.

Språket her nede er Swahili og Engelsk står ikkje like sterkt som i Kenya, Zanzibar var ei tid Portugisisk. Difor, når eg så spurte om veien for å kjøpa barberhøvel, så havna eg hos barberar. Vel det var ein artig opplevelse, hovudet sit på enno og den kolsvarte innfødde som utførte oppdraget sat si ære i gjera dette skikkelig.

Dag 2 på Zanzibar vart nytta til snorkletur. Me vassa då ut til ein lokalbygd tradisjonsjonell dhow seglbåt med påmontert påhengsmotor. Snorklinga gjorde me ved Memba, ei øy eigd av Bill Gates. Her var det eit yrande liv av fiskar i mange fargar, blekksprut vart også observert. Heimatt i medvind heiste me segl på dhow båten, segl og rigg var 100% tradisjonell type, ingen modernisering her. Båten gjorde flott fart.

Dag 3 på Zanzibar er snart omme, for ein fantastisk dag! Me skulle på sykkeltur og vart henta av ein lokal sjåfør med Martin Schanke som forbilde. På smale gater som sikkert ikkje har vore grusa sia 70 talet, blant ungar, vaksne, sauer og geit suste me avgårde og ved ivrig bruk a fløyta kom me "trygt" fram til sykkelutleige.

Turen vår gjekk til ein liten landsby med ei grotte, via ein smak kjerreveg kom me fram. Guiden vår fortalte at denne byen omtrent ikkje hadde hatt/har kontakt med omverda. Smilande ungar stimla til frå alle kantar, jambo (god dag) ropte dei til oss. Klea deira var svært fillete, dei ville eg skulle ta bilde tå dei slik at dei etterpå kunne få sjå bildet på telefonen.

På ein smal sti, blant tjora sauer og kyr snirkla me oss fram. Guiden fortalde at desse grottene hadde lagt urørt fram til 2013. På grunn av overtro våga ingen seg inn. Så miste ein gut hunden sin inn i grotta og bestemte seg for å finna hunden og oppdaga grottene som gjekk fleire hundre meter inn/nedover under jorda. Kjempespennande, fantastiske formasjonar og flotte fargar og masse flaggermus. Det heile svært urørt og lite turistifisert.

Så bar det vidare på sykkel tvers gjøno byen, borna var heilt ville, overalt ljoma det jambo jambo frå hoppande glade ungar frå 2-3 år opp til 10-12 års alderen, fantastisk.

Me besøkte smia i ein bydel kjent for smikunst, her var det full produksjon sjøl på ein søndag og dette var ikkje tillaga for oss. I eine æsa produserte dei 5-6 toms boltar for grove konstruksjonar, i ei anna æse vart det produsert båtsaum ca 3toms og i siste æsa vart det produsert spett og reparert eit bagasjebrett til ein sykkel. Det var litt av eit tempo når gamalt armeringsjern vart omforma til boltar av infødde på bar overkropp. Jentene i følgjet likte det dei såg.

Den siste begivenheten var bading i ei grotte ved ruinene av ein gamal kongebolig frå 13-1400 talet. Vasco da Gama var nevnt men me er ikkje sikker på om han hadde vore der. Vatnet var krystallklart, skulle også vera lækjande og det var herlig å stupe uti.

Siste merkelige skue denne kvelden er frå terrassen der eg sit og skriv. 8-10 muslimkvinner godt påkledd i lange kjolar og burka vassar utover stranda. Dei formar ein slags L der dei i fremste spissen vassar ytterst til opp under armane. Midt i rekkja har dei eit kvitt gadn mellom seg. Dei fremste sler med pinnar i vatnet, så krøllar dei seg saman til ein sirkel og fisken som evt. er mellom dei vert fanga i gadnet. Me får vite at dette er ein tradisjon for søndags kveldar, og dei fangar nokre småfisk i kvart kast.

Då er ein begivenhetsrik dag er straks omme. Nyt livet på Zanzibar

Dag Gjert

For Laila, Helene og Unni

Zanzi 

 

LAURDAG 13. AUGUST

Det er vel ingen som blir misunneleg... (Foto: Unni Austefjord)

IMG 7290 copy

 

FREDAG 12. AUGUST

Dag Gjerts oppdatering frå gårsdagen - turens siste dag:

Dette var dagen for retur til Nairobi, ein drøy 4 timers kjøretur frå Nanyuki. No skulle me ha eit offisielt stopp ved ekvator linja for fotografering og det vart ein opplevelse langt meir interessant enn forventa. Ein lokal kremmar med ei trakt og eit litermål med vatn, gjorde stoppen til ein spennande fysikk leksjon. Frå midt på Ekvatorlinja bevega me oss ca 10m i nordleg retning. Her fylte karen opp vatn i trakta med to fyrstikker flytande i vatnet og me såg at stikkene roterte med urviseren etterkvart som vatnet rann ut. Så gjekk me mot sør, ca 10m frå senter og same forsøket vart utført, her roterte fyrstikkene mot urvisaren etterkvart som vatnet rann ut og då me vandra inn til midt på linja stoppa rotasjonen. Coreolis's effekt, bevist midt på lyse dagen i svartaste Afrika, steikje moro :)

Det er spesielt korleis det er satt opp ymse slags salgsboder langs vegen der me køyrer. Det me ser mest av er grønnsaker og frukt, med appelsiner og epler møysommelig stabla i pyramider. Der er og utsalg av senger, sofaer, klær, plantar og fersk mat som vert grilla på halve oljefat. Og overalt flyt bosset i store mengder, og det yrer av smilande Afrikanarar i alle aldrar. Kjekt også at me ser svært mange gutter og jenter i skuleuniform på vei til/frå skule. Meget effektive fartsdumpar dempar farten i dei travlaste handelsområda. Ein poppulær måte å ta seg fram på er ved bruk av motorsykkeltaxier, 150 kubikk syklar som lett tar 2 passasjerar. Me ser flott oppdolla kvinner og karar i dress på vei til jobb, bygdekåner på vei heim med varene og ein unge, sjåførane snirklar seg fram, ingen med hjelm.

I Nairobi besøkte me Karen Blixen sin ranch. Flott omvisning og mange detaljar om livet der, som filmen mitt Afrika er bygd på. Interessant og dei fleste av oss kjem nok til å sjå filmen ein gong til no.

Denne kvelden skal reisefølgjet dela lag, fire stykk skal vidare til Zanzibar og resten reiser heim. Felleskvelden vert avslutta med eit festmåltid på Carnevorni i Nairobi.

Om det kjem fleire oppdateringar er avhengig om det skjer ting på Zanzibar som det er verd å skriva heim om :)

Mvh Dag Gjert

 

Turen til Mount Kenya er over og halvparten av gjengen er no attende i Norge mens resten ligg på stranda på Zanzibar. Me hadde ein kjempeflott tur i eksotisk fjellnatur. Me avslutta med ein utruleg flott safari ved foten av fjellet, og me besøkte Karen Blixen-museumet i Nairobi. I går kveld åt me blant anna struts, kanin og okseballar på ein av Nairobis mest kjente restaurantar... Tusen takk for turen Unnlaug, Sverre, Unni, Dag Gjert, Lajla, Helene, Bjørn Terje, Harald og Nils Petter!

- Jarle

  Mount-Kenya-1Mount-Kenya-2Mount-Kenya-3Mount-Kenya-4Mount-Kenya-5Mount-Kenya-6Mount-Kenya-7Mount-Kenya-8Mount-Kenya-9Mount-Kenya-10Mount-Kenya-11Mount-Kenya-12Mount-Kenya-13Mount-Kenya-14Mount-Kenya-15Mount-Kenya-16Mount-Kenya-17Mount-Kenya-18Mount-Kenya-19Mount-Kenya-20Mount-Kenya-21Mount-Kenya-22Mount-Kenya-23Mount-Kenya-24Mount-Kenya-25Mount-Kenya-26Mount-Kenya-27Mount-Kenya-28Mount-Kenya-29Mount-Kenya-30Mount-Kenya-31Mount-Kenya-32Mount-Kenya-33Mount-Kenya-34Mount-Kenya-35Mount-Kenya-36

(Alle foto: Jarle Trå)

 

ONSDAG 10 .AUGUST

Etter at turen til Mount Kenya til no har vore omtrent so særnorsk som den kan verta, fjellvandring skal me no forsøkja oss på noko så særafrikansk som det kan verta, Safari :)

Me bur no på eit flott hotell anlegg ved byen Nanyuki, herligt masse jungellydar rundt oss, basseng, og dusj som stod til terningkast 10 etter fem dagar i fjellet utan.

I åtte tida rullar me avgarde, sola står allereie høgt på himmelen og etter eit par kilometer kryssar me Ekvatorlinja. I gatene der me køyrer ser me skuleborn i skuleuniform som vinkar ivrig til oss kvite som susar forbi, me ser og flotte dresskledde menn med skjorte og slips og blankpussa sko vandrande på fortaua der det ligg minst 10 cm med laust sandstøv.

Me kjem raskt fram Ol Pejeta Conservatory eit dyrereservat driven a lokale myndigheiter og private. No løftar me opp taket på safarijeepene og etter 10 minutter med skjemautfylling køyrer me sakte inn i parken. Store flotte sletter, store trær, busker og kratt, dette ligg godt til rette og me spente på kva som lurer rundt neste sving. Så oppdagar me dei første Bavianane, nokre Sebraer og Impala antiloper og steikje der ligg jo nokre Vannbøflar :) dette vert moro :)

Så byrjar det å verta verkeleg safari, store flokkar med Sebraer og Antiloper, lurer løvene i sivet?

Me er så innom eit lukka område for Sjimpansar. Inngjerda for å beskytte dei mot andre dyr og området nyttar reservatet til å hjelpe dei utrydningstrua sjimpansane. Sjimpansane har 96,8 % av menneskets gen og me såg mange menneskelige trekk. Eine sjompansen Mary, laga show for oss. Alt i alt kjempemoro.

No byrjar parken brått å vise kva den har å by på, me oppdagar Elefantane. Ein flokk på 9 dyr, 2 svært små beitar like ved ein sideveg og på andre sida er den svære hannen i flokken. Hannen held seg ofte åleine og passar på. Så vil elefantane krysse vegen, me lyt rygge, me får dei veldig tett på, ser i detalj både amming og korleis dei riv opp gras og pjøter i munnen med snabelen, kjempeopplevelse. Me besøkte Flodhest området men dei viste seg ikkje. Me opplevde mange fleire sebra, antiloper, villsvin og hjortedyr før me tek lunsj like ved eit vannhull. Her ser me det same som over og i tillegg to store kvite Nashorn, fantastisk :).

Turen etter lunsj byrja med å skue to grasiøse sjiraffar, så ein stor vannbøffelflokk, sikkert meir enn 100 dyr. Store og små, kalvane er ikkje ulik dei me ser heime, og dei delvis kryssar vegen der me køyrer. Kjempemoro og der fleire giraffar, heile tida mange antiloper, sebraer og villsvin. Så stoppar me ved eit spesielt anlegg. Me får vite at me no er ved turens surprise. Dette viste seg å være eit svart nashorn som vart blindt, mista synet i kamp for sju år sia, tatt hand om av parken og hadde det bra. Nashorn sine viktigaste sansar er luktesans og hørsel og dei lever ofte åleine. Parkvoktaren som tok oss med til nashornet Baraka hadde jobba med dyret sia dei redda det og Baraka var glad i og adlydde voktaren. Me fekk dyret heilt bort til plattforma me stod på og fleire mata og klappa 1000kilos dyret. Underteikna knadde overleppa slik voktaren tilrådde, FOR EIN OPPLEVELSE.

Safarien nærma seg slutten, me køyrde no nær både Nashorn par med unge og fleire giraffar, bøflar, antiloper, coyoter og struts.

Så kom me til eit nytt område, her vart me møtt tå ein uniformert parkvoktar som hoppa i eine bilen og "ut i bushen" bar det bokstaveleg talt. Me svinga altso no av dei offisielle vegane og pløyde inn mellom busk og kratt. Ka i alle dagar var no dette? Men så kom valutaen, der var løvene. Tre løvinner låg strak ut og nytte dagen, rolige som late huskattar løfta dei såvidt på hovudet der me stoppa 4-5 m frå dei. Kjørte rundt ei busk til, to nye løvinner og der sjefen sjølv, strak ut. Han lea ikkje eingong på øyra der me parkerte 4-5m frå han. Eine løvinna hadde eit våkent blikk og følgde oss med blikket, utanom det enste dei oss omtrent ikkje, viste tydeleg at dei er skogens konge og treng ikkje bry seg om undersåttar. Parkvoktaren ba oss vera stille, klappa så hardt tre gongar, då hyvde sjefen opp hovudet og kika årvåkent rundt seg. Me fekk flotte bilete.

Korleis denne utanom spesialsafarien vart ordna skakje eg spekulera i men me var alle einige om at safarien hadde vore fantastisk.

Slik enda nok ein fantastisk dag i Afrika, me nyt da.

Mvh "skribenten"

 

TIRSDAG 9. AUGUST

Me startar dag 5 med delvis skya vær, utetter dalen, i motsett retning av der me kom opp. 100m frå leiren finn me fersk Leopard avføring, våre erfarne guider er ikkje i tvil. Så her har altså den store katten vandre rundt i natt. Me finn også Hyene avføring, folkens dette er Afrika.
Resten av vandringa går over eit par høydedrag i vekslande skodde og siste timen i skikkelig regnvær, greitt at det ikkje er eit telt som ventar. Etter 5 ein timars tur når me fram te transportpunktet, ei hytte på ca 3500moh. Slik enda altså vandringa blandt spektakulære fjell for å nå Spektakulære Point Lenana, verdt kvart steg tatt og kvar kalori brent. Dette var moro, i lag med ein god gjeng med blanda både alder og erfaring. Det var krevande men absolutt verdt innsatsen, kan anbefalast :)

 

MANDAG 8. AUGUST

På toppen 07:30. Fantastisk tur i vilt landskap. Skodde på toppen. Laila måtte snu 100 meter under toppen, ellers alle opp. Kjempeinnsats av alle. Detaljer kjem i morgon kveld.

- Jarle -

So e den store dagen kommen, dvs. den e to timar gamal og kl 03 om natta byrjar me å gå mot toppen. Frå leiren på 4200 moh til 4950. Det er stummande mørkje og ein fantastisk stjernehimmel, eit par minus. Med hodelykter og trygge guider går dette bra. Me går ein tim over store sletter for og deretter byrjar bratten. Me klyv oss oppetter ei lava ur, på kryss og tvers finn me ein slags vei, laus grus men me finn fotfeste.
På ca 4500 moh vert terrenget betydelig brattare, men me finn framleis bra fotfeste. Sola er i ferd med å renne opp over åskammane i aust, men desverre kjem og nokre skoddedottar sigande. Eit par hundre meter frå toppen vert det veldig bratt. Me får beskjed om å vera forsiktige og me er ikkje vanskelig å be. I det brattaste 3 - 4 henga går det lugst ned og me passar oss vel både kor me trør og att me gjedna ser litt fjell å gripe fatt i. Fjellformasjonen er ekstremt oppreven og mange lause steinar ser ut som at dei ligg på ras, spennande. Me rundar no rundt den vesle toppen og dei siste 10-15 metrane opp er det wire å halda i og ei ørlita Via ferrata. Skilt understreka at dette var verdas høgaste Via Ferrate, men med sine 2m også sikkert verdas kortaste. Oh what a feeling, å stå der på toppen av Point Lenana, eit lite platå ca 20 x 5m og bratt ned på alle sider. Desverre ikkje med super utsikt på grunn av skodda men innimellom opnar det seg litt det er både majestetisk og himmelsk.
Nedover igjen går det kjapt etter at dei brattaste partia er passert. Me går nedover ein bratt morene rygg og ganske kjapt ser me leiren. Bærarane har rukke å pakka, sprunge ein snarveg og sete opp telta på ny plass, denne ligg ved enden av ein lang dal med ruvande fjell rundt, også xxxxxxxx eit av Mount Kenya fjella som er høgare enn Lenana men krev klatring. Nokre heilt spesielle plantar er overalt i dalen. Som ved dei andre leirane er småfuglane svært nyfikne, den flotte grøn/blå som ser ut som ein forstørra Kolibri og eit par spurvetypar er omtrent tamme. Ein fornøgd gjeng kryp i telta, i måro ventar sluttetappen og ein dusj.

- Dag Gjert -

 

SØNDAG 7. AUGUST

Dag tre av turen vakna dei fleste av oss te høgrøysta glade afrojentestemmer som hoia til venner som enten kom eller gjekk. Det var freistande å ropa ut HALD KJEFT på godt Norsk, men like etter skein sola mellom fjella rett inn i den fantastiske campen vår ved Lake Michaelson, og med ein kort dagsetappe framfor oss var det avslappa atmosfære denne morgonen. Nokre hadde slete med søvnen og hatt mange turar ute og skua den fantastiske stjernehimmelen andre har nok litt tendens til vanlege høgdesymtom men dei fleste søv nok godt.
Etter frukost svinga me nedom vasskanten for å skua, eventuelt bidra med Norsk fiskekunst. Lake Michaelson er kjent for aure omkring kiloen. Eine guiden hadde oppgåva med å fiska, utstyret var enkelt med 10m gott på ei 3m lång bambusstong og angel med agn som han kasta ut 4-5m og lot søkkja. Vår fiskar fekk ikkje noko men ein som fiska på andre sida av vatnet hadde fått ein flott aure på 4-500 gram som han stolt viste fram.
Då tok me farvel med leiren i den flotte botnen blant spektakulære fjell. Dagens etappe starta bratt oppetter ei ur i ei kløft med ei lita elv sildrande. Det er T-skjorte og shorts vær, som er litt spesielt å tenkja på, me er tross alt på 3800moh. Trass i at me går i ei lava-ur utanom sesongen er det mange flott plantar å sjå, både knall raude, kvite og gule. Me går i roleg tempo opp mot og over 4000m, ein kjenner godt den tynne lufta. Midt i ura har eit murmeldyr funne seg ein flott stein ved elva. Den er på størrelse med ein hare, i elefantfamilien, og bryr seg absolutt ikkje om oss tullinger som giddar å klyva oppover denne fine morgonen. Eine guiden fortel at ein kan eta dei om ein e i matnaud og då sler ein dei lett i hjel med ein stein. Etter ura med elva opnar ein flott dal seg, me er i eit heilt fantastisk fjellandskap med svært taggete fjelltoppar i himmelsynet. Slikt hadde eg aldri forestilt med i Afrika, dette minner meir om Grand Canyon i USA.

Me går på ny opp ei bratt li, der tidas tann har forma fleire fallos figurar i stein, artig å sjå og praten vert med eitt meir livleg. Når me no kjem opp på ei stor slette kan me også skimte målet for turen, Point Lenana ein skoddedott. Eit flott syn og endå fleire spektakulære fjell kjem til syne. Det er no relativt flatt og lett å gå fram til leiren, og igjen ligg denne svært idyllisk til ved ei lita tjødn, på 4200moh, idyll. Så pass idyll at ein spreking te og med prøvde vannkvaliteten, vakje so verst og absolutt forfriskande. Bærarane har også i dag gått raskt forbi oss og dei fleste telta er allerede oppe og lunsjen nesten klar.
Planen for "toppstøtet" vert drøfta, reknar med å starte i 2-3 tida og alle e bestemt på å vera med.
Etter ein kort pause går me ein tur utpå kanten av platået me er på. Dette er eit spektakulært klippe platå som går loddrett ned mot forrige leir. Dette er spektakulært så det omtrent overgår Preikestolen, og me får nokre fantastiske utsyn og bilder.
Dag 3 går mot slutten, sola forsvann nett bak ein fjellkam. Det er byrja rime på telta, spesielt tatt i betraktning at me er rett på Ekvator, me er klar for middag og tidleg i "køy".
Ciao
Dag Gjert
For: Unnlaug, Laila, Helene, Unni, Harald, Sverre, Bjørn Terje, Nils Petter og Jarle

 
LØRDAG 6.AUGUST

Me er no i Lake Michaelson Camp. Ein fantastisk leirplass ved ein liten innsjø nede i ein dramatisk dal omgitt av enorme loddrette fjellsider. Eksotiske plantar omkrinsar telta våre og me føler verkeleg at dette må vera ein av dei vakraste og mest spesielle leirstadene me har budd på. Ein av bærarane våre drog akkurat opp ein flott fjellaure. Me er nesten åleine på denne ruta, kun ei lita gruppe til ligg i denne leiren i natt. Turen opp hit var lang og relativt hard, men alle gjennomførte med stil og ingen er spesielt prega av høgda sjølv om me var opp på 4100m i dag. No får me god mat laga av kokken vår Samuel, og me går tidleg til ro for å samle krefter til morgendagens etappe. Lala salama! (Godnatt på swahili)

- Jarle -

 
FREDAG 5. AUGUST

Alle ankom Nairobi i god behold i går kveld og i dag køyrte me nordover mot Mount Kenya-massivet. Utpå ettermiddagen var me framme ved startpunktet og gjekk den fyrste korte etappen opp til Bandas Camp på 2930 moh. Tett skodde, men heldigvis ikkje noko regn. Me satsar på at det lettar til i morgon. I kveld diska kokken Sam opp med ein fantastisk middag. Latteren sit laust i gruppa og me gledar oss til neste etappe i morgon.

- Jarle -

 

FØRSTE TUREN TIL MOUNT KENYA!

I august arrangerer me vår første tur til Mount Kenya. Dette fjellområdet kan best beskrivast som ein blanding av Kilimanjaro og Alpane, med over 5000 meter høge skarpe tindar i midten av eit vulkansk og eksotisk fjellmassiv. Me skal bestiga Point lenana (4985m), det tredje høgaste punktet og det høgaste du kan gå på utan omfattande bruk av klatreutstyr. Etter fjellturen må me sjølvsagt på safari når me først er i denne delen av verda.

Unnlaug, Sverre, Unni, Dag Gjert, Lajla, Helene, Bjørn Terje, Harald og Nils Petter er snart til avreise. Jarle ledar gruppa med god hjelp av sine dyktige lokale hjelparar med hovedguiden David i spissen.

På denne sida legg me ut oppdateringar frå turen stort sett kvar dag.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 

Bilete frå "test-turen" i 2015 (Foto: Jarle Trå)

Mount-Kenya-Jarle-Tr-4

Mount-Kenya-vandre-Jarle-Tr

Mount Kenya Jarle Tr 26

Mount Kenya Jarle Tr 21