DAGBOK ACONCAGUA 2010

 

Sjå bilete frå ekspedisjonen.
Les Erika Nilssons artikkel.
Brynjulv forteller om jordskjelvet til Bergens Tidende.
Her kan du sjå dagsprogrammet og meir informasjon om mine Aconcagua-ekspedisjonar.

 

 

TORSDAG 4. MARS

Alt går etter planen, og det ser ut som tidspunkta frå i går gjeld fortsatt for alle. Velkommen heim!

 

ONSDAG 3. MARS

Kl. 2130
Slik det ser ut no kjem alle heim i morgon kveld (torsdag). Dei som skal til Bergen landar ved midnatt, dei som skal til Oslo ca. kl. 1900, og Erika landar i Stockholm ca. kl. 1815.
Kl. 1230
Alle er no i Brasil, unntatt Helene, Erika, Svein og Brynjulv. Dei drar med eit fly seinare i dag frå Buenos Aires, og blir gjenforent med gjengen i Brasil. Det ser ut som dei kjem heim seint i morgon kveld, altså torsdag kveld.

 

TIRSDAG 2. MARS

Kl. 2200
Siste oppdatering frå Brynjulv: Dei flyr til Buenos Aires kl. 23. Vidare til Brasil der det blir eit lenger opphald. Så vidare til Frankfurt og deretter Bergen, Oslo og Sverige.
Kl. 1730
Dei er no booka på eit fly til Buenos Aires i kveld (avgang ved midnatt norsk tid, landar kl. 0200). Vidare med fly til Europa i løpet av natta eller morgontimane. Alle kjem med til Buenos Aires, men det er ikkje 100% sikkert endå at alle får plass vidare til Europa med samme flyet. Dette gjeld også Erika som opprinneleg hadde ei heilt anna flyrute enn dei andre. Eg oppdaterer sannsynlegvis igjen seint i kveld rett før dei flyr frå Mendoza.
Kl. 1530
Etter mykje att og fram angåande flybillettane og kva flightar som går som normalt er dei no på flyplassen i Mendoza. Ingen kan pr. i dag gi definitivt svar på kva fly som går og kva som er kansellert. Men sannsynlegvis må dei fly via Buenos Aires heim igjen. Følg med her for oppdateringar etter kvart som ting blir litt meir avklart i kveld.

 

MANDAG 1. MARS

Snakka med Brynjulv i dag og dei kosar seg no i varmen i Mendoza. Dei har ikkje vore på rafting eller andre aktivitetar mens dei har vore i Mendoza. Etter ein så lang ekspedisjon er det ofte det som fristar mest - berre å gå gatelangs, setta seg ned i ein park og slappe fullstendig av. Mendoza er faktisk ein idyllisk by, sjølv om den er stor. Feiringa av den vellykka ekspedisjonen vart også både lang og fuktig, og det er kanskje også litt av grunnen til at dei tar det litt med ro i dag... Forhåpentlegvis går det greit å fly heim i morgon. Oppdatering vil komma her på nettsida mi så fort eg veit om alt går greit. Dei flyr frå Mendoza ca. kl. 1900 i morgon norsk tid.

 


Bilete frå Aconcagua 2008: Flott utsikt frå Camp 2

 


Bilete frå Aconcagua 2008

 

 

SUNDAG 28. FEBRUAR

I dag er kanskje gjengen på rafting i ein av dei flotte elvane i nærheita av Mendoza, eller dei er på besøk på ein vingård - Mendoza-området er midt i hjertet av den Argentinske vinproduksjonen. Men størst av alt akkurat no, er nok berre det å rusle rundt i sivilisasjonen, med masse mennesker rundt seg overalt. Etter nesten tre veker under spartanske forhold på fjellet vert det mange intense inntrykk når ein er tilbake i ein storby som Mendoza. Flyplassen i Santiago vert truleg stengt i fleire dagar, så me arbeider no med å fly dei heim via Buenos Aires. Dei skal eigentleg fly frå Mendoza tirsdag til Santiago.

 

LØRDAG 27. FEBRUAR

Kl. 1830
Fekk melding av Brynjulv. Dei er no kommet ned til hovedvegen mellom Chile og Argentina og er no på bussen mellom Punta del Inca og Mendoza. Sivilisasjonen lokkar med dusj, mjuke senger og ein velfortjent feiring. Dei merka godt jordskjelvet i natt. Det raste i fjellsidene rundt leiren.
Kl. 1000
Sannsynlegvis hadde dei den siste overnattinga i telt på Pampa de Lenas i natt då jordskjelvet ramma. Dersom dei gjekk heilt ut i løpet av gårsdagen overnatta dei på hotell i Mendoza. Området dei er i er på andre sida av Andesfjella i forhold til Santiago, og også eit godt stykke lenger nord. Sannsynlegvis har dei merka godt det voldsomme jordskjelvet som ramma Chile i dag tidleg. Men dei er så langt unna at eg ikkje reknar med at det er materielle skader i dette området. Men flyplassen i Santiago er stengt, foreløpig i eit døgn. Forhåpentlegvis vil den åpna igjen før gjengen skal fly heim igjen på tirsdag.

 

FREDAG 26. FEBRUAR

Dei er no på veg ut frå fjellet. Den lange marsjen som dei brukte fire dagar på inn til Base Camp, brukar dei no berre to (kanskje berre ein...) den andre vegen.

 

TORSDAG 25. FEBRUAR

Kjempegode nyheiter frå Andesfjella: Seks på toppen + Brynjulv og Micky i går. Fantastisk innsats av gjengen! Dei hadde flaks med været. Dei siste vekene har det vore veldig få på toppen, vinden har herja voldsomt. Også i dag når dei våkna i Camp 2 var vinden så kraftig at eit toppstøt i dag hadde vore umogeleg. Av og til skal ein ha litt flaks! No fortjener alle eit skikkeleg godt kjøttmåltid, kokken diskar nok opp med noko spesielt i dag når dei kom ned igjen til Base Camp. Og forhåpentlegvis har dei ei vinflaske - for dette må feirast! Dersom eg forstod Brynjulv korrekt på ei ikkje heilt perfekt satelitt-telefon linje frå Base Camp, var det Unnlaug, Erika, Svein, Asbjørn, Ronny og Leif som nådde toppen. Men alle gjorde ein solid innsats - dette står det verkeleg respekt av.

 

Bilete frå Aconcagua 2008: I 2008 var det ei lita snøbyge i det me stod på toppen, men ellers perfekte værforhold. Brynjulv fortalte at været var perfekt også denne gongen.

 

ONSDAG 24. FEBRUAR

Kanskje står dei akkurat no på toppen. Det er veldig spennande å vente på nyheiter frå gjengen, men sannsynlegvis får me ikkje vita om dei har nådd toppen før i morgon kveld når dei er nede i Base Camp igjen. Kanskje har dei tatt med satelitt-telefonen, og då er det håp om ein oppdatering også i kveld. Været ser ut til å vera ok, i alle fall på yr.no.

 

TIRSDAG 23. FEBRUAR

I dag går dei frå Camp 1 på 5000 meter opp til Camp 2 på 5800 meter. Ein forholdsvis tung dag der dei bærer med seg ein del utstyr oppover. Så er det berre å prøve å sove og slappe av så godt som dei klarer før toppstøtet startar grytidleg i morgontimane - det er som regel ikkje heilt enkelt når spenningsnivået er så høgt som det garantert er akkurat no. Værmeldingane ser fortsatt lovande ut, me får håpe dette går til topps. Aconcagua er lunefull. Dette fjellet er noko anna enn f.eks. Kilimanjaro, som stort sett alltid byr på fine og stabile værforhold. Eg oppdaterer så fort eg høyrer noko. Det er ikkje sikkert me får nytt frå fjellet før dei er nede igjen i Base Camp dagen etter, men eg håpar å få ein oppdatering også i morgon.

 


Bilete frå Aconcagua 2008: Kort kvilepause på ca. 5700 meter, på veg frå Camp 1 til Camp 2

 

MANDAG 22. FEBRUAR

Kort dagsetappe opp til Camp 1. Toppstøtet er i gang!

 

SØNDAG 21. FEBRUAR

På kviledagen gjeld det å slappa heilt av - ikkje berre fysisk, men også mentalt. Det er viktig å ha fokus på fjellet og det som ligg framfor dei, men like viktig er det å ikkje tenke altfor mykje på det som ventar dei neste dagane. Pga. den kraftige vinden dei opplevde for nokre dagar sidan er det heilt sikkert nokon som er litt nervøse akkurat no. Litt musikk på iPod'en eller ei god bok er perfekt for å få tankane over på andre ting. Brynjulv ringte, og alt ser no bra ut, også når det gjeld værmeldinga. Dei går opp til Camp 1 i morgon.

 


Bilete frå Aconcagua 2008: Klesvask og hårvask - livet i Base Camp er nesten som heime

 

LØRDAG 20. FEBRUAR

Rapport frå Brynjulv på satelitt-telefon i dag: Etter eit svært vindfult opphald høgt på fjellet, er dei no nede i Base Camp igjen. Vinden har herja skikkeleg, og alle var glade for å vera nede igjen i låglandet for å slappe av eit par dagar. Brynjulv og Micky er likevel svært optimistisk fordi værmeldingane for nokre dagar fram ser lovande ut. Vinden skal løye mykje i løpet av tirsdag, onsdag står dei sannsynlegvis på toppen dersom alt går etter planen. Han var utruleg imponert over innsatsviljen og haldninga til gjengen til tross for dei tøffe forholda. Dei var faktisk heilt opp til Camp 2 til tross for vinden. Utstyret ligg no på rett plass, og alt er perfekt framfor toppstøtet. Gudrun har bestemt seg for å ikkje vera med på toppstøtet, ho har hatt problem med å få i seg nok mat og drikke. Erling har også bestemt seg for å stå over toppstøtet.

 

FREDAG 19. FEBRUAR

Camp 2 på 5800 meter var målet i dag, og forhåpentlegvis tillot været gjengen å gå heilt opp. Der la dei igjen ein del utstyr. No er det berre ei natt igjen av akklimatiseringsoppholdet høgt på fjellet, før dei skal ned igjen til Base Camp og slappe av eit par dagar før toppstøtet startar.

 


Bilete frå Aconcagua 2008: Ekspedisjonsledar Brynjulv på 5500 meter

 


Bilete frå Aconcagua 2008: Kokken Tor

 

TORSDAG 18. FEBRUAR

Dei er no for alvor høgt på fjellet. I dag er dei sannsynlegvis opp til 5500 meter. Dei frakta med seg litt av utstyret oppover, slik at det blir mindre vekt i morgo når dei skal heilt opp til Camp 2 på omlag 5800 meter. No begynner det også å bli interessant å sjå på værmeldingane framover mot toppstøtet som sannsynlegvis skjer onsdag i neste veke. Yr sine langtidsmeldingar ser svært lovande ut, men det er fortsatt mange dagar fram og det er også usikkert kor relevante desse meldingane er for dette fjellområdet. Men dei vil i alle fall gi ein peikepinn etter kvart som det nærmar seg.

 

ONSDAG 17. FEBRUAR

Etter ein forholdsvis tøff dag i går der dei etablerte Camp 1, er det i dag ein roleg dag i leiren på 5000 meter. Viktig at kroppen får ta seg inn igjen. Men dei øver nok litt på å gå med stegjern, og dei tar seg sannsynlegvis ein tur i nærområdet. Dei lagar no maten sjølv i kvart telt, så no er det definitivt litt meir ekspedisjonspreg over det heile i forhold til "luksusen" i Base Camp.

 

Bilete frå Aconcagua 2008

 

TIRSDAG 16. FEBRUAR

I dag flytta dei altså opp til Camp 1 for å tilbringa nokre netter der. Det er spesielt å sove og bu på 5000 meter. Det meste går tyngre og kroppen treng lenger tid for å hente seg inn igjen. Men leiren ligg flott til, og utsikta og omgivelsane gjer at ein fort gløymer at ein er litt tungpusta.

 

MANDAG 15. FEBRUAR

Snakka med Brynjulv på satelitt-telefon i dag og alt er bra med gruppa. I går var dei heilt opp til Camp 1 med utstyr, det gjekk fint og sjølv om alle merkar høgda godt der oppe, så var det ingen som fekk problem i dag heller. I dag har dei igjen hatt ein kviledag, men i morgo flyttar dei opp til Camp 1 på omlag 5000 meter. Der skal dei tilbringa sannsynlegvis 4 netter før dei returnerer til Base Camp for eit par dagars kvile før toppstøtet startar.

 

Bilete frå Aconcagua 2008: På veg oppover stien eit stykke over Camp 1.

 

SUNDAG 14. FEBRUAR

I dag går dei opp til omlag 5000 meter og etablerer Camp 1. Dei går i storslagen natur, mellom spektakulære penitentes (spesielle snøformasjonar forma som skarpe "nåler") og moreneryggar. I Camp 1 setter dei opp dei solide ekspedisjonstelta, som blir ståande her fram til toppstøtet. Dei overnattar imidlertid ikkje her denne gongen. Dei går ned igjen til Base Camp i kveld. Første turen opp til 5000 meter blir nok forholdsvis tøff for dei fleste, det er endå tidleg i akklimatiseringsprosessen - neste gong dei går opp til Camp 1 vil det gå betrakteleg lettare.

 

Her kan du lesa meir om den vellykka 2008-ekspedisjonen og sjå fleire bilete.
Her kan du også lesa og sjå bilete frå første gongen eg, Brynjulv og Geir Arne var på Aconcagua.

 

LØRDAG 13. FEBRUAR

Kl. 1930
Brynjulv ringte i kveld, og han hadde gode nyheiter. Alle er friske, været er bra og maten er god! Det er riktignok storm høgt på fjellet, men det er betre at det er det no enn seinare når det nærmar seg toppstøtet. Dei må festa bardunene ekstra godt også i Base Camp, vindkasta kan vera voldsomme her nede også. Personen som mangla bagasjen sin har fortsatt ikkje fått den, men no skal den vera på veg oppover dalen på eit muldyr. Erika var 26 år for eit par dagar sidan, og det vart feira med rødvin og barbeque. Ellers så var det meir enn varmt nok før dei starta på fjellturen, 36 grader i skyggen var det mens dei var i Mendoza.
Kl. 1400
I dag er det ein velfortjent kviledag i Base Camp. Det er viktig å vera litt tolmodig i denne fasen av ekspedisjonen. Dersom ein går for fort oppover på sjølve fjellet er sjansen stor for at ein blir sjuk, enten høgdesjuke eller på andre måtar. Litt av utfordringa til Brynjulv akkurat no er altså å halda gjengen igjen og få dei til å forstå at det lønnar seg å venta. Men Base Camp er ein fin plass, gold og øde riktignok. Dei ruslar nok ein liten tur i området rundt leiren. Reknar med den første oppdateringa frå Brynjulv kjem i dag eller i morgo.

 

FREDAG 12. FEBRUAR

Siste etappe fram til Plaza de Argentina, Base Camp på 4200 meter. Heile den fire dager lange vandringa inn til Base Camp er flott, men den siste dagen er i alle fall min personlege favoritt. Stien slynger seg att og fram, opp og ned, i ein av dei mest dramatiske og ville V-dalane du kan tenka deg. Og heile tida ligger Aconcagua framfor deg og reiser seg meir og meir over deg dess nærmare du kjem. Til slutt flatar terrenget ut, og sjølve Base Camp ligg på morenehaugane rett ved foten av fjellet. I løpet av dagen kjem dei altså fram til leiren som skal vera basen for alt som skjer vidare framover. I morgo er det kviledag, så prøver dei seg nok etterkvart oppover mot Camp 1 med litt utstyr.

 


Bilete frå Aconcagua 2008: Dalen begynner å flate litt ut etter kvart som ein nærmar seg Plaza de Argentina (Base Camp)

 

TORSDAG 11. FEBRUAR

Akklimatiseringsdag betyr ikkje nødvendigvis kviledag. Casa de Piedra er ein flott plassert leir nede på den enorme elvesletta i Vacasdalen. På austsida går det bratte fjellsider rett opp, som er perfekte for å vinne litt høgde, slik at akklimatiseringsprosessen for alvor kjem i gang. Eg tippar dei har vore opp mot 4000 meter i dag, leiren ligg på 3200 meter. Sannsynlegvis har Micky, min Argentinske hovedguide på fjellet, ordna barbeque til middag. Det blir garantert populært!

 

ONSDAG 10. FEBRUAR

Etter ein kort etappe i går, var det i dag ein lenger etappe fram til Casa de Piedra (3200m). Dei vandra langs elva i botnen av dalen heile dagen, og rett før Casa de Piedra såg dei endeleg Aconcagua for første gong. Det tårna seg opp nesten 4000 meter høgare enn dei, men dei er fortsatt eit stykke frå fjellet. I morgo er det akklimatiseringsdag i Casa de Piedra, og dagen etter går dei siste stykket fram til Base Camp ved foten av fjellet.

 

TIRSDAG 9. FEBRUAR

I dag tidleg starta dei marsjen frå Punta de Vacas (2600m) til Pampa de Lenas (3000m). Den fire dagar lange anmarsjen inn til Base Camp på 4200m) er den perfekte akklimatiseringa før ein begynner på sjølve Aconcagua. Vacasdalen som dei nå vandrar i er fantastisk flott, med dramatiske fjell rundt på alle sider. Muldyr og hestar tar seg av bagasjen slik at dei kan gå med lette dagstursekkar.

 

NB! Legg gjerne igjen ei helsing til gjengen i gjesteboka mi. Det er ikkje sikkert dei får sjekka den før dei kjem heim igjen, men då er det i alle fall kjekt å sjå alle gode ønsker som ein har fått med på vegen.

 


Bilete frå Aconcagua 2008

 

MANDAG 8. FEBRUAR

Kl. 1530
Den sakna bagasjen har dukka opp, så no er alle startvanskane over og gjengen er supermotivert til å starta vandringa innover den spektakulære Vacas-dalen i morgo.
Kl. 1330
I dag skal gjengen gjera dei siste forberedelsane i Mendoza før dei vert køyrt opp i Andesfjella med buss, til ein enkel overnattingsplass i Punta del Inca. Dette ligg berre nokre kilometer frå der dei skal starte å gå. Men no først skal dei få tak i permiten, dvs. lisensen, som dei må ha for å klatre fjellet. Micky, ein av dei lokale guidane, er på flyplassen for å prøve å få tak i den siste ryggsekken som ikkje kom sammen med gjengen i går. I verste fall blir det ein intens handlerunde på sportsbutikkane i Mendoza for den uheldige, men me satsar på at den dukkar opp. Erika landar i Mendoza i ettermiddag og vert køyrt med taxi opp til Punta del Inca i kveld, der ho blir forent med resten av gjengen. Som du kan lesa i gjesteboka mi klarte ho fint å få timane til å gå i New York!

 

SØNDAG 7. FEBRUAR

Kl. 2130
Litt utfordringar i starten av ekspedisjonen (men det er vel sånn det skal vera...). Erika er fortsatt i New York. Sannsynlegvis blir ho eit døgn forsinka til Mendoza, men akkurat det samme opplevde me sist gong også uten at det skapte større problem. Eit kolli med bagasje kom heller ikkje fram, så nå får me håpa at Lufthansa klarer å få den fram uten at den blir for mykje forsinka. Ellers er det 34 grader i Mendoza, no skal dei på supermarknaden å gjera dei aller siste innkjøpa. Deretter er det biffmåltidet over alle biffmåltid som skal inntas. Argentina, og spesielt Mendoza, er kjent for sitt fantastiske kjøtt - eg har sjølv ete mine desidert beste kjøttmåltid i Mendoza. Smaken og mørheita var så utruleg bra at det nesten er verdt ein tur til Mendoza åleine.
Kl. 1400
Fekk melding frå Brynjulv om at dei har landa i Santiago og at alt har gått greit. Men Erika frå Sverige som skulle komma seg til Santiago på eigen hånd ringte meg akkurat no, ho er fortsatt i New York. Flyet er kansellert, men det løyser seg forhåpentlegvis greit ved at ho kjem med eit seinare fly. No flyr resten av gjengen vidare til Mendoza i Argentina der dei landar seinare i kveld norsk tid. Brynjulv som er over 1,90 høg skreiv at han såg fram til endå fleire timar i fly... (flyturen frå Madrid til Santiago tar nesten 14 timar nonstop!)

 


Bilete frå Aconcagua 2008: Lars er i gang med sin Mendoza baby-beef... han sa nei til pommes frites!

 

ACONCAGUA 2010

Ein stor gjeng på 12 deltakarar leda av Brynjulv Eide er klar for avreise til Argentina og Aconcagua, eit fjell som manglar berre 27 meter på 7000-meters grensa. Dei drar frå Noreg no på lørdag 6. februar og vil sannsynlegvis stå på toppen rundt 24. februar. Følg med på denne sida for oppdateringar frå min høgaste og tøffaste ekspedisjon!

 

NB! Oppdateringar kjem ikkje like hyppig frå denne ekspedisjonen som på mange av mine andre turar. Regn med omlag 3-4 dagar mellom kvar oppdatering.