DAGBOK INKA TRAIL (SALKANTAY) 7. - 22. JULI 2019

 

17. JULI

I dag har dei vore i Machu Picchu - eg har ikkje fått nokon oppdatering frå dei endå, men Tito fekk sendt meg desse fire bileta frå dei siste daganes eventyr...

0717 4

0717 4

0717 4

0717 4

0717c

 

15. JULI

Tito klarte å få sendt gjennom eit par bilete i dag. Det øverste er frå turens høgaste punkt, Salkantay Pass (4634m), det nederste frå Humantay Lake i starten av vandreturen. Som ein ser er det stor variasjon i naturen undervegs på denne ruta. Og i dag går dei ned i jungelen, så no får dei sjå endå ei anna side av naturen i denne delen av Andesfjella.

- Jarle

0715

0715b

 

14. JULI

Dei går no Salkantay-ruta  til Machu Picchu. Det er ikkje så enkelt å sende bilete eller oppdateringar undervegs, så sannsynlegvis høyrer me frå dei att på torsdag. 

 

13. JULI

På sightseeinga i Cusco i dag fekk dei sjå de imponerande ruinane Sacsayhuamán og beundre utsikta over Cusco fra Christo Blanco-statua. Cusco ligg 3400 moh, og har 300 000 innbyggjarar. Cusco er kjent fordi byen var hovedstaden og det kulturelle sentrum i Inkariket. I 1533 kom den spanske erobraren  Francisco Pizarro til Cusco, og hans menn bygde om byen i løpet av få år. Pallass og templer vart revet, og kyrkjer vart bygt med steinane frå dei gamle byggverka. Det er derfor ein  blanding av bygg frå Inkariket og frå kolonitida i Cusco.

- Jarle

0714 2

0714 2

(Foto: Tito)

 

12. JULI

I dag har dei køyrt buss over Altiplano-sletta, frå Titicaca-sjøen til Cusco. Undervegs stopppa dei på mange attraksjonar og fekk sjå fleire byggverk frå Inka-tida. No er dei altså komne til Cusco - Inkaenes "hovedstad". I dag blir det sightseeing før sjølve vandreturen mot Machu Picchu startar i morgon.

- Jarle

0712d

(Foto: Tito

)

11. JULI

I dag har dei vore ut på dei flytande øyene på Titicaca-sjøen. Store øyer laga av siv. Ein trur det nesten ikkje før ein ser det...

0711 2

0711 2

 

10. JULI

Bilete frå dei siste dagars eventyr...

0709 5

0709 5

0709 5

0709 5

0709 5

(Foto: Tito)

 

8. JULI

Seint i går kveld norsk tid landa dei trygt i Lima, og vart møtt på flyplassen av Tito, min gode og svært dyktige lokale turledar.  Trøytte etter ein lang flytur over Atlanterhavet gjekk dei og la seg rett etter ankomst hotellet i Miraflores. I dag vakna dei opp til den første av dagane i eit tettpakka program som verkeleg skal gi dei ein smak av fantastiske Peru - og Sør-Amerika.  Etter ein kort sightseeing i Lima satte dei kursen nedover langs Stillehavskysten til Ica, der basen skal vera for aktivitetane dei neste par dagane.  Følg med her framover for å sjå kva dei får oppleve.

- Jarle

0708 1

0708 2 

(Foto: Tito)

 

KLARE FOR INKA TRAIL!

Ei ny stor gruppe er klar til å oppleve denne fantastiske turen som heilt klart er den mest varierte på programmet mitt - både når det gjeld kultur og natur. Peru er kontrastanes land. Gjengen vår skal blant anna gå Salkantay-varianten av Inka Trail, utforska Machu Picchu, besøka dei flytande øyane på Titicaca-sjøen, gå på oppdagingsferd i jungelen, oppleva Nazca-ørkenen og dra på båttur rundt Ballestas-øyane.

Marianne, Christian, Dina, Mariann, Anne Grethe, Liv Berit, Ann Jorunn, Margot, Lene, Thomas, Nina, Are, Nils Ola og Terje er no klar for avreise til Peru for å realisera det store Sør-Amerika-eventyret. Min gode venn og dyktige samarbeidspartner Tito skal leda gjengen gjennom nokon av Sør-Amerikas største attraksjonar.

På denne sida legg me ut bilete og oppdateringar etter kvart som turen skrider fram.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

(Bilete frå tidlegare turar. Foto: Anna-Marie Haugen og Jarle Trå)

inkatrail 03

inkatrail 03

inkatrail 03