Ekspedisjonskurs på Finse

Bli med Knut Horvei til Finse, der han lærer deg korleis du skal ferdast trygt og komfortabelt på ski i norske vinterfjell. Dette er ein skitur med pulk med det fantastiske høgfjellsområdet rundt Finse som utgangspunkt, der du samtidig deltar på eit intensivt og spennande kurs! Dersom været og forholda ellers er bra nok, tar de kanskje ein dagstur opp på toppen av Hardangerjøkulen. På Finse har både Fridtjov Nansen, Ernest Shackleton og til og med Prinsen av Wales vore og testa ski- og vinterferdigheitene sine, så her burde det vera mogeleg også for deg å bli ein dyktig, erfaren og ivrig vinter-friluftsmann/kvinne.

Er du nysgjerrig på vinterfriluftsliv eller vil forbereda deg til ein lengre skitur eller ekspedisjon? Eller kanskje du berre har lyst på tur? Me pakkar pulken og reiser på eventyr i dei sagnomsuste områda rundt Finse mellom Hardangervidda og Skarvheimen, mellom vestlandet og austlandet. På turen er me innom viktige tema for ein vintertur som til dømes turplanlegging, pakking, utstyr, bekledning, sikker bruk av kokeutstyr, orientering og sikkert vegvalg samt rutiner rundt oppsetting av telt og etablering av leir.

 

Reisemålvinterkurs på finse
 Land  Noreg
Antall dagar 4
Datoar Sjå min fullstendige turkalendar med oversikt over påmeldingsstatus
Min. antal 4
Max antal 8
Påmelding Sjå påmeldingsskjema
Påmeldingsfrist Ingen konkret dato, men eg anbefaler alle å melda seg på eller reservera ein plass så tidleg som mogeleg. Om du er seint ute så skal eg gjera mitt beste for å få deg med uansett.
Pris 2017 5 500,-
Pris 2018 5 500,-

Eg kan arrangere alle mine turar som ein lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.

 

Prisen inkluderer

  • Turledar med alt av nødvendig sikkerheitsutstyr
  • Overnatting ei natt i leiligheit på Finse, to netter i telt
  • All mat
  • Fellesutstyr (pulkar med taudrag, pulkpose, telt, primus og kokeutstyr)

 

PRISEN INKLUDERER IKKJE

  • Tog billett t/r Finse
  • Drikkevarer
  • Reiseforsikring

 

utstyr

Me stiller med fellesutstyr som telt, pulkar og utstyr til matlaging. Deltakarane får tilsendt detaljert utstyrsliste over personleg utstyr i god tid før avreise.

FYSISK FORUTSETNING

Du må ha gått litt på ski før, men me stiller ikkje krav om at du har gått med pulk eller budd i telt vinterstid før. Du må vera i stand til å gå dagsetappar på nokre timar fleire dagar i strekk. Mykje tid vil bli brukt på å samle gruppa og gjennomgå forskjellige temaer, både undervegs på dagsetappen og i leiren om kvelden og morgonen, så det blir ikkje veldig lange dagsetappar. Du får opplæring i å sette opp telt og bruk av kokeutstyr. På denne turen må ein vera forberedt på at det kan bli uvær (eg trur Knut håpar på det...) eller det kan bli gnistrande sol og rimeleg varmt på dagtid. Men i så tilfelle vil temperaturen sannsynlegvis gå ned mot 20 minusgrader om natta.

 

  • Dag 1

    Dag 1

    Ankomst Finse. Me lagar oss middag, sjekkar utstyr, studerer værmeldinga og finpussar turplanen. Me organiserer også fellesutstyret slik at alt er klart til dagen etter. Siste toget frå Bergen ankjem Finse 18:18 og siste tog frå Oslo kl. 19:58. Me disponerer ein eigen leiligheit med fleire soverom, bad, kjøkken og stove.
  • Dag 2

    Dag 2

    Etter frukost spenner me på oss skia og legg ut på tur. Det er mykje vær på Finse, her kan me få hardt vær frå alle retningar og dette legg føringar på kva turmål me set oss. Me kan gå nord-vest forbi Finsenutane og inn i det flotte området i Såtedalen. Rett vest mot Dyrhaugane eller kanskje aust langs Hallingskarvet? Toppen av Hardangerjøkulen kan og stå på lista, mogelegheitene er mange og me tilpassar turen etter vær og føre. Er me så heldige å få skikkelig ”Finsevær” så kanskje det er nok å gå rett utanom døra og sette opp telt... Undervegs på dagsetappen går me gjennom viktige tema for turar i vinterlandskapet. Denne første dagen brukar me god tid på å velje leirplass og på å etablere ein god leir.
  • Dag 3

    Dag 3

    Etter ein god frukost og eit par koppar med kokekaffi pakkar me ned teltleiren og fortsetter vår ferd i vinterlandskapet. Me tar opp tips og triks undervegs på turen som me ikkje gjekk gjennom dagen før. Me har fokus på å ha gode marsjrutinar samt å gjere gode og trygge vegval.
  • Dag 4

    Dag 4

    Me prøver å komme tilbake til Finse til lunsjtider, slik at me får oss lunsj før avreise mot vest og aust. Me skal rekka toget som går mot aust kl. 14:37 (og vest kl. 16:23).

rgf logo


Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.