EVEREST BASE CAMP / lobuche east


Alle som er interessert i høge fjell og flott natur bør ein gong i livet gå turen inn Khumbudalen til Everest Base Camp og gå opp på Kala Pattar. Oppleva den spesielle følelsen av å stå ved foten av det høgaste av dei alle: Mount Everest, Chomolongma, Sagarmatha... Verdas høgaste fjell er ikkje berre ein 8000 metring, det er nesten ein 9000 metring! Lobuche East strekker seg heile 6119 meter mot himmelen og er ein seriøs topp der du verkeleg får prøvd deg på Himalaya-klatring sammen med dyktige og erfarne sherpaer som sikrar deg og sørger for at alt går trygt for seg. Når ein står på toppen av dette fjellet og kikkar over på Everest som ligg "rett over dalen", og som reiser seg endå 2700 meter over deg - då forstår ein verkeleg kva Himalaya dreiar seg om...

Men å gå Khumbudalen frå Lukla til Everest Base Camp er mykje meir enn berre høge fjell og fantastisk natur. Khumbudalen er Sherpaene sin dal. Her er all transport basert på bærarar og yak-oksar, her er ingen vegar eller motorisert ferdsel. Sherpaene er eit svært vennleg og imøtekommande folkeslag, og dei er kjent for sitt gode humør og smittande latter.

Dersom du ikkje vil vera med opp på sjølve Lobuche East, så går det heilt fint å vera med på denne turen likevel. Du vil då bu på ein lodge i Pheriche dei 2-3 dagane toppstøtet tar, med fantastiske mogelegheiter for dagsturar i området rundt. Det anbefales også å bli med opp i High Camp på Lobuche East den eine dagen slik at du får føla litt på spenninga som bygger seg opp før toppstøtet. Dette er altså like mykje ein tur for deg som kun ønsker vandreturen inn Khumbudalen til Everest Base Camp og Kala Pattar.

 

ReisemålEverest Base Camp / Kala Pattar / Lobuche East
 Land  Nepal
Max. høgde 6119 moh.
Antall dagar 23 (17 på fjellturen)
Datoar Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus
Min. antal 9
Max antal 16
Påmelding Sjå påmeldingsskjema
Påmeldingsfrist

Ingen konkret dato, men eg anbefaler alle å melda seg på minimum 6 månadar før avreise. Om du er seint ute så skal eg gjera mitt beste for å få deg med uansett.

Pris 2017 35 900,-
Pris 2018 37 900,-
NB! Dersom den norske krona fortsatt held seg svak framover vil det tilkomma ein valutakompensasjon på prisen. Nøyaktig sum vil vera avhengig av kursen på faktureringstidspunktet. Alle som tar kontakt ang. denne turen vil få detaljert informasjon om korleis valutakompensasjonen vert utrekna.

Eg kan arrangere alle mine turar som ein lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.

 

Prisen inkluderer

  • Fly tur/ retur frå Norge til Kathmandu
  • All transport i Nepal
  • Alle hotell-overnattingar i delt dobbeltrom
  • All overnatting på tehus (lodgar), 2-3 i telt for dei som skal på Lobuche East
  • 17 dagers fottur med lokale guidar og bærarar (tar 15 kilo for kvar deltakar)
  • Alle måltider på fotturen
  • Alle tillatelsar og parkavgifter
  • Medisinsk oksygen
  • Sightseeing i Kathmandu
  • Norsk turledar

 

PRISEN INKLUDERER IKKJE

  • Tips til lokale guidar, kokkar og bærarar på fotturen (ca. 130 dollar)
  • Visum til Nepal: Ca. 40 dollar (ordnast på flyplassen)
  • Medisinsk evakuering med helikopter (reiseforsikring)
  • Lunsjar og middagar i Kathmandu
  • Evt. drikkevarer til middagar og lunsjar i Khumbudalen
  • Evt. enkeltrom

NB! Du får det drikkevatnet du treng av kokkane undervegs, men dersom du heller vil kjøpe drikkevatn på flasker kan du gjera det heile vegen.

VERDAS FLOTTASTE UTSIKT

Dei små isolerte landsbyane som heng i fjellsidene, Yak-oksane, gjestfriheita til Sherpa-folket - alt er med på å gjera denne turen til noko du aldri vil gløyma. I tillegg kan du bestiga Lobuche East på heile 6119 meter som står mellom dei verkelege gigantane i dette området. Me skal også bestiga Kala Pattar, ein "liten topp" bak Everest Base Camp (alt er relativt!). Men frå toppen har du det som blir kalla "verdas flottaste utsikt". Everest Base Camp er også ein spesiell stad å besøke, når ein tenker på all historien som er knytta til plassen. Minnesmerka over dei mange klatrarane som har omkomme på dette fjellet gjer inntrykk.

TRANSPORT

Fly frå Norge til Kathmandu. Dersom du flyr frå andre flyplassar enn Flesland (Bergen), Gardermoen (Oslo), Værnes (Trondheim) eller Sola (Stavanger) kan det bli eit lite tillegg for tilslutningsfly. Innanriksfly flyr oss frå Kathmandu til Lukla i Khumbudalen.

OVERNATTING

I Kathmandu bur me på eit bra hotell. På fotturen i Khumbudalen bur me på enkle tehus (lodger). Dei som skal på Lobuche East må bu to (evt. tre) netter i telt i High Camp. Lodgane i Khumbudalen er stort sett enkle, men mange av dei er koselege. Soveromma er ofte dårleg isolert så ein varm sovepose er obligatorisk også på lodgane. Det er enkle dusjmogelegheiter på nokre av lodgane. Også toalettforholda kan vera svært enkle, spesielt lengst inne i dalen. Dei fleste stadene er det to personar på kvart rom, men det kan også skje at det blir tre eller fire.

FYSISK FORUTSETNING

Dette ein lang tur der du skal vera i høgden over lang tid. Me tar oss god tid slik at me akklimatiserer på optimal måte, dermed unngår me forhåpentlegvis ubehag når me kjem heilt inn til foten av Everest. Men fleire av dagsetappane er lange. Du må klare å gå lange dagsetappar i fleire dagar etter kvarandre. Bærarar tar mesteparten av bagasjen din (15 kg.) så du bærer kun dagstursekk sjølv. Dei som vil prøva seg på Lobuche East gjer det etter at me har vore inn til Everest Base Camp. Dermed er me i teorien godt akklimatisert. Lobuche East er ein bratt og skarp topp der du ikkje må lida av utprega høgdeskrekk. Det er fleire bratte og utsatte parti også på veg oppover mot toppen. Men me har med dyktige sherpaer som hjelper til med å sikre undervegs, i tillegg til den norske turledaren.

NB! Denne turen kan du altså vera med på også om du ikkje vil opp på Lobuche East. Me deler gruppa i to nokre få dagar, når dei forsøker seg mot toppen. For å bestige Lobuche East må du ha stegjern, isøks, klatresele og jumar (tauklemme), men dette kan du leige der nede. Du treng ikkje erfaring med slikt utstyr, dette vil det bli trent på undervegs på turen, før de kjem fram til fjellet.

 

Everest dag for dag

  • Dag 1

    Dag 1

    Me flyr frå Norge.
  • Dag 2

    Dag 2

    Me landar i Kathmandu og blir transportert til hotellet vårt. Resten av dagen kan du enten slappa av eller du kan gå ut og oppleva den veldig spesielle atmosfæren i Thamel, den mest fargerike bydelen i Kathmandu.
  • Dag 3

    Dag 3

    Forberedelsesdag i Kathmandu. Det er som regel ein del ting som må ordnast før avreise til Lukla. Du kan også handle souvernirar i ein av dei mange små butikkane eller du kan berre sitta på ein av dei små restaurantane og sjå på livet nedanfor. Det er umogeleg å kjeda seg i denne byen. Men vær oppmerksom når du går i gatene. Sykkeldrosjene som kjem susande i full fart nedover dei trange gatene har som regel dårlige bremsar...
  • Dag 4

    Dag 4

    Kathmandu (1530 moh.) - Lukla (2800 moh.) - Monjo (2800 moh.)
    I dag får du sannsynligvis oppleva den mest spektakulære flyturen i ditt liv. Viss det ikkje er skyer så ser me Mt. Everest, Cho Oyu, Lhotse og hundrevis av andre fjell i Himalaya. Landingsstripa på flyplassen i Lukla er spesiell, den ligg på ei hylle i fjellet og er faktisk ca. 10 grader bratt. I Lukla møter me sirdaren vår (sjefsguiden), kokken og bærarane våre, som kjem til å gjera sitt ytterste for at me skal få ein behageleg og fin tur innover Khumbu-dalen. Etter å ha ete lunsj og snust litt på stemningen i den spesielle landsbyen startar me turen innover Khumbudalen med å gå til Monjo der me overnattar.

    Gangtid: 5 timar
  • Dag 5

    Dag 5

    Monjo (2800 moh.) - Namche Bazaar (3400 moh.)
    Dette er dei store hengebruers dag, og sjølv om me er heilt i begynnelsen på vår lange vandring innover Khumbudalen så ser me likevel fantastisk flotte og ville fjell på begge sider av dalen. Den siste hengebrua over elva Dudh Kosi, ledar oss rett inn i den siste lange motbakken opp til Namche Bazaar, "hovedstaden" i Khumbudalen. Namche Bazaar er ein svært spesiell landsby der husa ligg i ein amfi-lignande dal på terassar over kvarandre. Dette har i alle år vore ein marknadsplass der handelsfolk frå Tibet og Nepal møtes for å selge og kjøpe varer. I Namche Bazaar er det også ein del små butikkar, dersom du har behov for å supplera litt utstyr eller bekledning.

    Gangtid: 5 timar
  • Dag 6

    Dag 6

    Akklimatiseringsdag i Namche Bazaar (3400 moh.).
    Me lar kroppen venna seg til den tynne lufta før me går vidare innover Khumbudalen, derfor tar me to netter i Namche Bazaar. Men me går ein tur i dag også. Først opp til Everest View Hotel, der me sannsylegvis får sjå Everest for første gong. Me ser også Ama Dablam, Lhotse, Nuptse og mange andre av dei aller største og flottaste fjella i verda. Her kjem det garantert til å bli tatt mange bilete. Kanskje går me heilt opp til Khumjung, den vesle landsbyen som Tenzing Norgay kom frå. Han var sammen med Edmund Hillary det første mennesket på toppen av Everest i 1953. Når me kjem ned igjen til Namche Bazaar kan det kanskje frista å stikka innom den lokale bakaren, han er berømt for sine fristelsar. Her er det også Internett for dei som vil senda ei helsing heim.
  • Dag 7

    Dag 7

    Namche Bazaar (3400 moh.) - Deboche (3700 moh.)
    Me går vidare innover på vestsida av dalen, men etterkvart går stien nedover mot elva og krysser denne like under den lange motbakken opp til klosteret i Tengboche. Dette klosteret er berømt for den fantastiske beliggenheita og utsikta, og mange kjente fjellklatrarar har vore innom her for å få velsigninga som trengs før ein begir seg i kast med dei store fjella i området. Me stikk innom klosteret og får oppleva den spesielle sermonien som munkane utfører fleire gonger for dagen. Me går vidare ned til Deboche der me overnattar.

    Gangtid: 8 timar
  • Dag 8

    Dag 8

    Deboche (3700 moh.) - Dingboche (4400 moh.)
    I dag har me flott utsikt mot Everest. Me forlater etterkvart skogen og det vert mindre og mindre vegetasjon innover mot Dingboche, der me skal overnatte. Dette er den øverste permanente busettinga i Khumbudalen, og ein av dei høgaste i verda. Gangtid: 6 timar
  • Dag 9

    Dag 9

    Dingboche (4400 moh.) - Chukkung (4750 moh.) - Dingboche (4400 moh.)
    Me overnattar to netter i Dingboche for å få optimal akklimatisering. I dag ruslar me inn til Chukkung som ligg i dalen som går austover frå Dingboche. Gangtid: 5 timar
  • Dag 10

    Dag 10

    Dingboche (4400 moh.) - Lobuche (4900 moh.)
    I dag forlater me vegetasjonen totalt, og Everest kjem nærmare og nærmare. Me passerer Chukpilhara, som er mest kjent for alle minnesmerka over Sherpaene som har mista livet på Everest. Det er også minnesmerke over fleire vestlige klatrarar, blant anna fleire av dei som mista livet under dei dramatiske dagane i mai 1996.

    Gangtid: 6 timar
  • Dag 11

    Dag 11

    Lobuche (4900 moh.) - Gorak Shep (5150 moh.)
    Me følger Khumbubreen heilt inn til Gorak Shep. Her ligg dei øverste lodgane i Khumbudalen. Ein spesiell plass der atmosfæren er prega av at du no er nesten heilt inne ved Mount Everest. Gangtid: 4 timar
  • Dag 12

    Dag 12

    Gorak Shep (5150 moh.) - Everest Base Camp (5300 moh.) - Gorak Shep (5150 moh.)
    Me går inn til Everest Base Camp ved foten av det aller høgaste fjellet i verda. Khumbubreen fløymer ned mot leiren, og synet gjer garantert eit voldsomt inntrykk. Dette er den mest berømte staden i heile Himalaya. Det var frå Everest Base Camp Edmund Hillary og Tenzing Norgay starta bestigningen som leda dei heilt til topps i 1953. Det var også her Arne Næss og gjengen hans hadde leiren sin då dei vart dei første nordmennene på toppen. Det er sannsynlegvis ikkje klatreekspedisjonar her på denne årstida, så det er ein rolegare plass no enn i april/mai.

    Gangtid: 4 timar
  • Dag 13

    Dag 13

    Gorak Shep (5150 moh.) - Kala Pattar (5545 moh.) - Lobuche (4900 moh.)
    Me står tidleg opp for å gjennomføra vårt eige vesle toppstøt i skyggen av Everest. Me skal opp på Kala Pattar, eit stort fjell dersom det hadde stått alle andre stader i verda, men berre ein liten "haug" her klemt inne mellom dei enorme fjella. Me får det som mange kallar "verdas flottaste utsikt" frå toppen: Everest Base Camp med det berykta Khumbubrefallet og Everest som tronar i bakgrunnen. Me tar bilder og nyter det å vera på ein så spesiell plass før me vandrar ned igjen til Gorak Shep, der me et lunsj. Så går me vidare nedover dalen til Lobuche.

    Gangtid: 7 timar
  • Dag 14

    Dag 14

    Lobuche (4900 moh.) - Lobuche East Base Camp (5200 moh.)
    Me har nok ein fantastisk flott etappe framfor oss, me blir etter kvart bortskjemt på flotte fjellmotiv. Nå begynner me bestigninga av sjølve Lobuche East, med ein kort etappe på bratt sti opp til Base Camp. Me kjem forholdsvis tidleg fram til leiren, slik at me kan gjera dei aller siste forberedelsane, samt kvile og slappe av før toppstøtet i natt.

    Gangtid: 3 timar
  • Dag 15

    Dag 15

    Toppstøt Lobuche East (6119 moh.)
    Me startar om natta, lenge før sola kastar dei første strålene på dei gigantiske fjella rundt oss. Me bruker hodelyktene oppover fjellsida. Første del av toppstøtet går på bratt stein og sva, mens siste del går på bratt snø. Sherpaene gjer ein kjempejobb og sikrar oss med faste tau. Morgonsola fargar etter kvart heile fjellet i eit utruleg lys - ingen stader i verda er soloppgangen så flott som den er i Himalaya. Toppeggen dei siste 300 metrane bort til toppunktet er spektakulær, det er alltid spennande om det er mogeleg å nå sjølve toppunktet. På toppen får du verkeleg følelsen av å ha besteget eit stort fjell. Me bruker kanskje 6-7 timer opp, og 3-4 timer ned att. Mektig slitne, men også mektig fornøyde traskar me til slutt inn i Base Camp, og kokken ordnar heilt sikker med noko ekstra godt for å feire bestigninga.
  • Dag 16

    Dag 16

    Lobuche East Base Camp (5200 moh.) - Pangboche (4000 moh.)
    Dagens etappe går av seg sjølv, no er det nemleg stort sett berre nedoverbakke. Og no er litt av drivkrafta at sivilisasjonens gleder for alvor begynner å nærma seg att...

    Gangtid: 6 timar
  • Dag 17

    Dag 17

    Dersom alt har gått etter planen fram til no tar me to overnattingar i Pangboche og går i dag ein tur opp til Ama Dablam Base Camp. Ama Dablam er kjent som verdas flottaste fjell, så dette blir ein opplevelse for livet.
  • Dag 18

    Dag 18

    Pangboche (4000 moh.) - Namche Bazaar (3400 moh.) - Monjo (2800 moh.)
    Når me kjem til Namche Bazaar, føles plassen større enn den gjorde på veg innover. Me har blitt vant med dei små landsbyane langt inne i Khumbudalen som berre består av nokre få hus og lodgar.

    Gangtid: 8 timar
  • Dag 19

    Dag 19

    Monjo (2800 moh.) - Lukla (2800 moh.)
    Me er no heilt nesten heilt nede i "tjukklufta" igjen, så den siste etappen fram til Lukla går lett.

    Gangtid: 4 timar
  • Dag 20

    Dag 20

    Fly: Lukla - Kathmandu
    Me satsar på å komma oss med eit fly tidleg om morgonen, slik at me kan nyta ettermiddagen i Kathmandu og ikkje minst forbereda oss til feiringa om kvelden.
  • Dag 21

    Dag 21

    Sightseeing i Kathmandu er noko anna enn i dei fleste andre byar. Likbrenning og apekattar i kloster er ikkje akkurat daglegdagse opplevelsar for dei fleste av oss. Me besøker Pashupatinath, der Nepalesarane brenner sine døde for deretter å kaste aska på elva for at den skal flyta ut i havet med den hellige elva Ganges. Me besøker også Swayambunath Stupa, også kalla Monkey Temple. Inntrykka du får denne dagen kjem til å vare lenge.
  • Dag 22

    Dag 22

    Me får tid til å gjera dei siste innkjøpa, eller me kan slappa av på hotellet. Om ettermiddagen drar me til flyplassen. I det flyet tar av får me kanskje eit siste glimt av Nepals mange 8000-metringar: Everest, Cho Oyu, Lhotse, Makalu, Kanchenjunga, Dhaulagiri, Annapurna og Manaslu. Rart å tenka på at først i det me nærmar oss marsjhøgde er me høgare enn desse gigantane.
  • Dag 23

    Dag 23

    Heime igjen i gamlelandet, fulle av inntrykk av flotte naturopplevelsar, eksotisk kultur og ikkje minst minner om eit fantastisk og hyggeleg folkeslag.

    Me tek atterhald om endringar på grunn av vêrforhald og liknande.

rgf logo


Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.