inka trail - verdas flottaste fottur


Å gå Inka Trail fram til Machu Picchu er ein av dei flottaste og mest berømte vandreturane i verda. Men Peru-turen vår inneheld så mykje meir: Amazonasjungelen, Titicacasjøen, Nazcaørkenen og Ballestasøyane - også kalla Peru sitt svar på Galapagosøyane.

det beste av sør-amerika

Dei fleste av oss ønsker ein eller annan gong i livet å oppleve Sør-Amerika. Naturen og kulturen er fascinerande og heilt annleis enn det me er vant med. Men dette kontinentet er langt vekke og for mange vil ein tur dit vera noko ein kun gjennomfører ein gong i livet. Derfor gjeld det å oppleva det mest karakteristiske, spesielle og spektakulære når ein først er der.

Dersom ein fekk valget om kva attraksjonar i Sør-Amerika ein ville oppleva, ville nok dei fleste svart Inka Trail, Machu Picchu, Amazonas-jungelen og Titicaca-sjøen. Eg har derfor satt sammen ein tur som inneheld blant anna desse attraksjonane.

Peru er kanskje verdas mest varierte land når det gjeld natur. Snøkledte fjell over 6000 meter (Andesfjella), ørken med nokre av verdas største sanddyner (Nazcaørkenen), verdas største og mest artsmangfaldige jungel (Amazonasjungelen), høgfjellssletter over 4000 meter (Altiplano), verdas høgaste navigerbare innsjø (Titicacasjøen) og Peru sin versjon av Galapagosøyene (Ballestasøyane). På denne turen får du oppleva alt sammen! Tilbakemeldingane frå dei som har deltatt er eintydige - dette er ein tur der ein får utruleg mange inntrykk og opplevelsar i løpet av litt over to veker.

Men sjølv om høgdepunkta står i kø dei 17 dagane turen varer, er det vandreturen langs Inka Trail fram til Machu Picchu som vil vera den største opplevelsen for dei fleste. Dette er ein 4-dagers tur (3 overnattingar i telt) der du går i dei fantastisk flotte Andesfjella på høgder opp til 4200 meter.

Når ein også får besøke Inka-hovedstaden Cusco og fleire andre viktige historiske kulturminner, samt ein av verdas største byar Lima, seier det seg sjølv at det er lite tid til å kjeda seg på denne turen!

 

ReisemålInka Trail / Machu Picchu / Amazonas / Titicaca
Land Peru
Max. høgde Ca. 4200 moh.
Antall dagar 17  (16 frå og med 2018)
Datoar Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus
Min. antal 10
Max antal 20
Påmelding Sjå påmeldingsskjema

Påmeldingsfrist

Ingen konkret dato, men eg anbefaler alle å melda seg på minimum 9 månadar før avreise. Lisensen som du treng for å gå Inka Trail kan for høgsesongen verta utsolgt veldig tidleg, og det er dessverre ikkje mogeleg å reservera desse lisensane utan navn. Men om du er seint ute så skal eg gjera mitt beste for å få deg med uansett, utanom høgsesongen kan det vera mogeleg å få tak i lisensar på kort varsel.
Pris 2017 37 900,- (+ 1500 på turar med avreise i juni/juli/august)
Pris 2018 38 900,- (+ 1500 på turar med avreise i juni/juli/august)
NB! Dersom den norske krona fortsatt held seg svak framover vil det tilkomma ein valutakompensasjon på prisen. Nøyaktig sum vil vera avhengig av kursen på faktureringstidspunktet. Alle som tar kontakt ang. denne turen vil få detaljert informasjon om korleis valutakompensasjonen vert utrekna.

Eg kan arrangere alle mine turar som ein lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.

viktig!

På grunn av at det kun er 500 personer som får lov til å starte på sjølve Inka Trail kvar dag (inkludert bærarar og guidar), anbefaler eg at du melder deg på så tidleg som mogeleg. Det er ikkje mogeleg å reservera plassar på Inka Trail. Det varierer kor tidleg det blir fullt, men eg anbefaler at du melder deg på minimum 9 månader før turen startar. Nokre datoar er det mindre pågang, så du må gjerne ta kontakt om det nærmar seg avreise også, så kan eg sjekke om det er ledige plassar.

 

Prisen inkluderer

  • Fly tur/retur frå Norge - Peru (Lima)
  • Alle innenriksfly i Peru
  • All transport i Peru
  • Alle hotellovernattingar i delt dobbeltrom
  • Alle måltid på Inka Trail og i Amazonas
  • Alle frukostar
  • Alle tillatelsar og parkavgifter
  • Alle utflukter og severdigheiter med engelsktalande guide
  • Norsk eller lokal turleiar (sjå om oss - turleiarar)

PRISEN INKLUDERER IKKJE

  • Tips til lokale guidar, kokkar og bærarar (130 - 190 dollar, avhengig av gruppestørrelse)
  • Flytur over Nasca-linjene (ca. 200 dollar + 5 dollar i flyplasskatt pr. 2015)
  • Lunsjar og middagar i Lima, Ica, Puno og Cusco
  • Drikkevarer
  • Visum til Tanzania (50 dollar, ordnast på flyplassen)
  • Evt. enkeltrom 

 

TRANSPORT

Fly (KLM) frå Norge via Amsterdam til Lima, hovedstaden i Peru. Dersom du flyr frå andre flyplassar enn Flesland (Bergen), Gardermoen (Oslo), Værnes (Trondheim), Sola (Stavanger), Kjevik (Kristiansand), Torp (Sandefjord) eller Vigra (Ålesund) blir det eit tillegg for tilslutningsfly. Innanriksfly mellom Lima og Puno, Cusco og Puerto Maldonado og attende til Lima. Buss frå Puno til Cusco. Motorisert kano innover i Amazonas-jungelen.

OVERNATTING

I Lima, Ica, Puno og Cusco bur me på hotell. I Amazonas-jungelen bur me i enkle bungalowar. På Inka Trail bur me i moderne to-mannstelt (3 netter). NB! Som opplyst om lenger oppe blir denne turen redusert med ein dag frå og med 2018. Då flyr me direkte til Puno etter båtturen dag 4 (sjå dagsprogrammet lenger nede) og slepp dermed ei natt på hotell i Lima. Dette er berre ein "logistisk innstramming" for å unngå ei strangt tatt unødvendig overnatting i Lima.

Mat

Maten på hotella er omtrent som du er vant med her heime. Frukosten er typisk litt enklare enn kva me nordmenn er vant med. Når me går Inka Trail har me med eigen kokk. I Amazonas-jungelen er maten av god hotell-standard. Når me er på bussen, får me servert lunsj undervegs.

FYSISK FORUTSETNING

Du må vera i bra fysisk form for å gå Inka Trail, dvs. at du ikkje har problem med å gå ein roleg tur på mange timar i norske fjell. Dag to og tre er lange og det er ein del høgdemeter opp og ned. Stien er stort sett svært god, men terrenget er kupért. Bærarane våre tar seg av bagasjen, du sjølv bærer kun det du treng under sjølve marsjen. Temperaturen er stort sett behageleg på dagtid, men sjølvsagt kan været slå om her som på alle andre fjell. Temperaturen er sjeldan under 0 grader om natta.

AVSLUTT FERIEN PÅ C0PACABANA

Har du lyst til å avslutta turen til Sør-Amerika med badeferie på ei av dei flottaste strendene i verda? Opplev Rio de Janeiros fantastiske og intense atmosfære, eller slapp av på ei av dei to verdensberømte strendene Copacabana eller Ipanema. Du kan sjølvsagt vera der så mange netter du ønsker. Ta kontakt for pris.

Deltakarmøte

Når du melder deg på vil du motta detaljert utstyrsliste og mykje praktisk informasjon. Du vil også bli invitert til eit deltakarmøte som eg arrangerer nokre gonger i året for denne turen. På dette møtet går eg detaljert gjennom alle praktiske sider av turen, og det vert sjølvsagt anledning til å stilla alle spørsmål du måtte ha.

 

  • Dag 1

    Dag 1

    Me flyr frå Norge til Lima i Peru med KLM via Amsterdam.
  • Dag 2

    Dag 2

    Etter frukost starter me Peru-eventyret med ein sightseeing i Lima. Sjølv om Lima kanskje druknar litt i alle dei andre attraksjonane ein skal oppleva på denne turen, har også denne byen sin fascinerande historie. Etter lunsj blir me transportert med privatbuss sørover Stillehavskysten til Ica, ikkje så langt frå Nazca-ørkenen. Hotellet har svømmebasseng.
  • Dag 3

    Dag 3

    Dei som ønsker det kan ta ein flytur over dei verdensberømte Nasca-linjene om morgonen. (Flyturen over Nasca-linjene kostar US$ 200,- + 12,50 i flyplass-skatt pr. september 2015). For dei som ikkje ønsker å fly startar dagen roleg med nokre timar ved bassenget der du kan nyta sola (Ica er ein av stadane det regnar minst i heile verda, så her trur eg at eg kan garantera sol...) eller du kan vandra litt rundt på eigen hånd. Etter lunsj køyrer me nokre minuttar opp til Huacachina for ein spennande og adrenalinfylt køyretur i nokre av verdas største sanddyner. Dyktige og erfarne sjåførar køyrer dei svære buggiane opp og ned sanddynene som om det var den naturlegaste ting i verda. Du får også sjansen til å forsøka deg på noko så eksotisk som sand-boarding dersom du ønsker det.
  • Dag 4

    Dag 4

    Kontrasten til gårsdagens ørkenutflukt kan nesten ikkje bli større - dagen startar med ein båttur som du ikkje kjem til å gløyme så lett! Ballestasøyene vert kalla Peru sine Galapagosøyer fordi dei har eit svært spesielt dyreliv. Me får sannsynlegvis sjå sjøløver, sel, pingvinar, flamingoar og tusenvis av andre sjøfuglar. Ein utruleg kontrast til den golde ørkenen berre nokre mil unna. Om ettermiddagen blir me transportert tilbake til Lima.
  • Dag 5

    Dag 5

    Me flyr til Puno ved Titicacasjøen, verdas høgaste navigerbare innsjø (dvs. at det går store båtar på den), 3812 moh. På den andre sida kan ein på klare dagar sjå 5-6000 meter høge snøkledte Andesfjell raga over innsjøen. Eit spektakulært skue.
  • Dag 6

    Dag 6

    Me besøker dei heilt spesielle flytande øyane Uros i Titicaca-sjøen. Her tilbringer me lang tid og får ein skikkeleg omvisning korleis dei bygger dei spesielle øyane og korleis samfunnet fungerer her ute. Me vert også med på ein båttur i ein sivbåt som ser ut som ein liten versjon av Kon-Tiki, flåten som Thor Heyerdal fekk bygt ved Titicaca-sjøen i 1947 og som han segla frå Lima til dei Polynesiske øyane Raroia.
  • Dag 7

    Dag 7

    I dag køyrer me over Altiplano-sletta i ein komfortabel privatbuss. Me besøker nokre Inka-ruiner på vegen - ein perfekt måte å få strekka på beina av og til. Me køyrer over eit av dei høgaste fjellpassa i Andes-fjella, me er faktisk oppe i nesten 4400 meter i buss! Tidleg på kvelden køyrer me inn i Cusco, Inkaenes hovedstad.
  • Dag 8

    Dag 8

    Me tilbringer ein dag med sightseeing i Cusco, Inkaene sin kulturelle hovedstad - ein heilt spesiell by som ligg 3400 moh. Me utforskar denne byen som mange meiner er den mest spennande byen i heile Sør-Amerika. Me besøker mange flotte turistattraksjonar både i byen og i fjellsidene rundt. Dette er også ein perfekt dag som akklimatisering til Inka Trail.
  • Dag 9 - 12

    Dag 9 - 12

    Me blir transportert til startpunktet på Inka Trail. I løpet av fire dagar vandrar me denne berømte stien fram til Machu Picchu. Bærarane våre tar seg av bagasjen vår og kokken ordnar dei mest imponerande måltid. Me skal over tre fjellpass på den 44 kilometer lange vandringa. Når me kjem fram til Machu Picchu får me først ein historisk og kulturell omvisning før me får tid til å nyta denne fantastiske staden på eigen hånd. Det er ikkje så mykje meir å sei om Inka Trail og Machu Picchu... det må opplevast! For dei fleste er dette høgdepunktet på heile turen, og vil gje deg minner som du aldri vil gløyma.
  • Dag 13

    Dag 13

    Me flyr frå Cusco over Andesfjella til Puerto Maldonado langt inne i jungelen. Frå Puerto Maldonado blir me frakta i motoriserte kanoar oppover elva Madre de Dios til dei eksotiske jungel-bungalowane som me skal bu i dei neste to nettene. Me drar ut på tur i området, både til fots og med kano. Me studerer det særegne dyrelivet i jungelen, blant anna apekattar, papegøyar, piraia (kanskje får du ein på kroken...), skilpadder og kanskje til og med den sjeldne elve-oteren og kaimanen (krokodille). Er du ekstremt heldig får du også sjå jaguaren.
  • Dag 14

    Dag 14

    Me fortsetter utforskinga av dyrelivet i området og me drar kanskje på båttur til ein liten innsjø i nærleiken. Me besøker kanskje også ein shaman, som er den lokale medisinmannen (heksedoktoren…) for stammefolket som lever i nærleiken. Detaljane i programmet mens me er i jungelen vert bestemt ut frå kva guidane anbefaler akkurat når me er der.
  • Dag 15

    Dag 15

    Me blir frakta i kanoar tilbake til Puerto Maldonado og deretter flyr me til Lima, hovedstaden i Peru.
  • Dag 16

    Dag 16

    Den siste dagen i Peru brukar me til å utforska shoppingmogelegheitene i hovedstaden Lima. Men du kan sjølvsagt også bruka dei siste timane til å besøka eit av dei mange museuma i byen, eller berre nyta byen heilt på eigen hånd. Turledaren kan gi gode tips. Om kvelden blir me transportert ut til flyplassen og reisa heim igjen til Norge startar.
  • Dag 17

    Dag 17

    Etter ein lang flytur landar me i Norge på formiddagen.

    Me tek atterhald om endringar på grunn av vêrforhald og liknande.

rgf logo


Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.