VÅRE TURLEIARAR

 

 

Jarle Trå

Jarle Trå

Eigar og turleiar sidan 2006

Jarle leda sin første tur til Kilimanjaro i 2006. Etter kvart vart turmenyen utvida og no inkluderer den 13 forskjellige turar over heile verda. Jarle gjekk Noreg på langs i 1994, kun med Cappelens bilkart i målestokk 1:335 000 i ryggsekken. Han har sidan klatra fleire 8000-metringar i Himalaya og fleire andre store fjell på forskjellige kontinent. Eit forsøk på Everest i 2009 kosta han både tær og deler av fingrane, men det hindrar han ikkje frå å leve like aktivt som tidlegare. Jarle har gått alle turane på programmet og skaffa seg gode samarbeidspartnarar over heile verda som hjelper til med å organisera detaljane på kvar tur.

Knut Horvei

Knut Horvei

Turleiar sidan 2010

Knut vert av mine kundar beskrevet som den sindige vossingen som med sin rolege men humoristiske væremåte innbyr til tillit. Knut er høgskuleutdanna med Bachelor innan turleding og guiding. Hans spesialitet er kanskje lange skiturar, til dømes på Svalbard, men han ledar like gjerne turar til toppen av høge fjell over heile verda. Han gjekk i sin ungdom Noreg på langs, så dette er ein skikkeleg villmarkens sønn!

Brynjulv Eide

Brynjulv Eide

Turleiar sidan 2009

Brynjulv er er ein staut harding (altså frå Hardanger…) med kone og tre aktive søner. Men til tross for dette har han både tid og overskot til å leda grupper på tur. Dei som har vore på tur med Brynjulv veit at ein meir real og dugande turledar er det vanskeleg å finna. Han har eit naturtalent som ledar som ein nesten må oppleva for å forstå. Brynjulv har leda dei fleste turane på programmet og er alltid klar for nye utfordringar.

Haavard Gjerdset

Haavard Gjerdset

Turleiar sidan 2015

Haavard er ein av Norges mest erfarne ekspedisjonsledarar. Han har utalelege turar bak seg til høge fjell over heile verda. Haavard ledar dei fleste turar, men det er kanskje spesielt Afrika og Nepal som står hans hjarte nærmast. Haavard er ein kar som med sin kompetanse og erfaring skapar god stemning på tur og mange kjem attende igjen og igjen for å vera med på nye turar med han.

Augusto

Augusto "Tito" Zavala

Turleiar sidan 2008

Tito har vore samarbeidspartnaren min heilt sidan 2008 då eg arrangerte min første tur til Inka Trail. Sidan har dette blitt den mest populære turen min og Tito har mykje av æra for dette. Ein utruleg solid og dyktig kar som deltakarane umiddelbart får tillit til. Han skapar ein unik stemning i gruppa, og det skin tydeleg gjennom at han verkeleg brenn for det å visa sitt fantastiske land til turistar frå andre land.

Giscard

Giscard "Gis" Chavez

Turleiar sidan 2015

Gis er frå høglandet ved Titicaca-sjøen og har utdanning som profesjonell turledar. Han er lidenskapeleg interessert i kultur, folkemusikk og gastronomi og har derfor dei beste forutsetningar for å formidla dette vidare til deltakarane. Han har arbeida som turledar i over 10 år og får svært gode tilbakemeldingar og er kjent for å skapa svært god stemning på turane sine.