Svalbard skitur


Det er noko spesielt med ein skitur på Svalbard. Denne store arktiske øygruppa som ligg "rett under" Nordpolen, og som kan samanliknast med kva som helst når det gjeld flott natur. Og kanskje får me sjå bamsen...

Me arrangerer to skiturar på Svalbard: Svalbard skitur og Newtontoppen skiekspedisjon. Det er forholdsvis stor forskjell på desse turane når det gjeld kva krav me stiller til deltakarane angåande erfaring, fysisk styrke og personleg utstyr. Mens Svalbard skitur er ein tur der me stiller små krav til tidlegare erfaring og vinterkompetanse, er Newtontoppen skiekspedisjon ein langt tøffare tur. Også når det gjeld vind- og værforhold – og ikkje minst kulde – kan det vera stor forskjell. Dersom du har liten erfaring med vinterturar på ski anbefaler me Svalbard skitur. Les fleire detaljar ang. fysisk forutsetning lenger nede. 

Les GlobetrotterElisa sin fine reiseskildring frå denne turen.

NB!  Viktig å melde seg på tidleg pga. liten hotellkapasitet i Longyearbyen.

 

Reisemål Svalbard Skitur
Land Svalbard, Noreg
Antall dagar 9 (6 netter i telt)
Datoar Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus
Min. antal 8
Max antal 14
Påmelding Sjå påmeldingsskjema

Påmeldingsfrist

Ingen konkret påmeldingsfrist, men eg anbefaler alle å melda seg på minimum 8 månadar før avreise pga. liten hotellkapasitet i Longyearbyen i høgsesongen. Om du er seint ute så skal eg gjera mitt beste for å få deg med uansett.
Pris 2023
24 900   (ikkje inkl. flybillett t/r Svalbard)
Pris 2024 26 900   (ikkje inkl. flybillett t/r Svalbard)

Eg kan arrangere alle mine turar som lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.

 

Prisen inkluderer

  • All transport på Svalbard (unntatt flybuss frå og til flyplassen)
  • Alle overnattingar på enkelt hotell/gjestehus
  • Alle måltider på Svalbard, unntatt den siste middagen
  • Norske turledarar
  • Search and rescue forsikring

 

PRISEN INKLUDERER IKKJE

  • Fly frå fastlandet til Svalbard (t/r)
  • Flybuss frå og til flyplassen
  • Drikkevarer
  • Middag den siste kvelden
  • Evt. enkeltrom

 

TRANSPORT

SAS flyr direkte frå Gardermoen til Longyearbyen kvar dag i høgsesongen. Norwegian flyr fleire dagar i veka. Eg kan ordne flybillettar for deg dersom du ønsker det. Vær oppmerksom på at om du har SAS Eurobonus-poeng så trengs det ikkje fleire poeng for ein tur til Longyearbyen enn for ein innanriks tur i Norge.

 

OVERNATTING

Me bur på dobbeltrom på eit enkelt hotell eller gjestehus på Svalbard. Det kan vera rom med felles bad på gangen, men som regel kan du oppgradera til rom med bad. På skituren bur du sammen med ein teltkamerat i eit romsleg 3-mannstelt (Helsport Svalbard 3).
 

Fellesutstyr

Eg har eit stort lager med pulkar, telt, liggeunderlag og kokeutstyr på Svalbard. Lån av dette er inkludert i prisen. Du får opplæring i alt utstyr som me brukar på turen, både oppsetting av telt og bruk av brennar.

 

Mat

Me lager mat sjølv i kvart telt. Frukost består som regel av havregraut med tilbehør. Lunsj og middag blir stort sett frysetørka mat i ulike smakar og variantar.

 

FYSISK FORUTSETNING

Du må ha erfaring i å gå på fjellski utanfor preparerte løyper. Det er ein fordel at du har budd i telt vinterstid før, men ikkje noko ufråvikeleg krav. Du får opplæring i å sette opp telt og bruk av kokeutstyr. Det er ikkje ein forutsetning at du har gått med pulk før, men du må i tilfelle ikkje ha rygg- eller hofteproblem. Du må ha ein viss kondisjon og du må vera i stand til å gå roleg 6-7 timar kvar dag. Me avpassar dagsetappane etter formen i gruppa, dersom nokon syns dagsetappane blir korte så kan me heller ta ein topptur etter at leiren er etablert. Det er flust av mogelegheiter for kveldsturar frå leiren. Sol har me uansett nesten heile døgnet... På denne turen kan det bli alt frå t-skjorte vær dersom sola skin og det er vindstille, til kraftig vind og -20. Men sidan sola ikkje er under horisonten veldig mange timar kvar natt, blir det ofte ikkje skikkeleg kaldt før ut på kvelden.

  • Dag 1

    Dag 1

    Me landar i Longyearbyen og blir transportert til hotellet/gjestehuset vårt. Det blir velkomstmiddag om kvelden og etterpå blir det eit informasjonsmøte der me blir kjent med kvarandre og går gjennom ein del detaljar.
  • Dag 2

    Dag 2

    Me pakkar pulkane og øver på å sette opp teltet og å bruke brennaren. Moderne telt og brennarar er svært lette å bruke, så du treng ikkje vera bekymra om du ikkje har erfaring med dette. Dersom me får tid besøker me museumet i Longyearbyen, og får oppleve litt av den fascinerande og dramatiske historien til dette spesielle samfunnet. På ettermiddagen blir me transportert med bil til startpunktet for turen, og me går kanskje nokre kilometer - berre for å komme i gang!
  • Dag 3 - 8

    Dag 3 - 8

    Turen går vidare i Drønbreen-området. Dette er eit snøscooterfritt område, så me får verkeleg nyta den storslåtte og urørte arktiske villmarka. Dette blir kanskje den flottaste ski-turen du nokonsinne kjem til å gå! Me etablerer leir kvar kveld, og lagar mat og smeltar snø i kvart telt. Me deler på å gå nattevakt for sikkerheits skuld, sjølv om det er små sjansar for at bamsen skal ta seg ein tur. Me spar opp ei skikkelig latrine, slik at ein får gjera sitt fornødne i skjul. Me går vidare austover før me etterkvart rundar inn i Reindalen som ledar sørover mot Van Mijenfjorden. Etter kvart rundar me nordover igjen opp Tverrdalen og til slutt kjem me i kontakt med sivilisasjonen igjen i det me når utløpet av Bolterdalen der me vert henta og frakta attende til Longyearbyen. No gjer det ekstra godt med ein varm dusj, ein god middag og ei god og mjuk seng! (NB! Den nøyaktige ruta kan bli endra dersom vær- og føreforhold tilseier det)
  • Dag 9

    Dag 9

    Fly tilbake til fastlandet.

    Me tek atterhald om endringar på grunn av vêrforhald og liknande.

rgf logo


Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.