TRENINGSBLOGG MAI 2016

 

15. - 30. MAI
Stisykling i Himalaya - Annapurna Circuit og Mustang Valley. Sjå fleire bilete her.

 

TORSDAG 12. MAI
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: ca. 800
Bjarte og eg. Dyrvedalen, Dale og Geithaugane.

 

ONSDAG 11. MAI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 15 min
Akk. høgdemeter: ca. 450
Rute: Møn - Opelandsstølen - Mønsberget - Møn

 

TYSDAG 10. MAI
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: ca. 900
Bjarte, Njål og eg tok ein tur over Skutlesåsen og opp på Sonvesåsen. Via Istad og under Mønsberget før me avslutta i Bømoen.

 

MÅNDAG 9. MAI
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1520
Rute: Liaset (335m) - Stavaskarsnuten (1349m) - Olsskavlen (1576m) - Vestrebotnen (990m) - Stavaskarsnuten (1349m) - Liaset (335m)
Ein svært varm skitur! Trykkande varmt sjølv på toppen av det høgaste fjellet på Voss. Men bra føre over 1100 moh, under var det mildt sagt utfordrande sugeføre.

 Olsskavlen 2

Olsskavlen 1

 

SUNDAG 8. MAI
Aktivitet: Stispringing (og litt snøspringing...)
Totaltid: 1t 45 min
Akk. høgdemeter: 650
Rute: Mølster - Hanguren - Kiseldur - Raugstad - Mølster 

 

LAURDAG 7. MAI
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: ca. 230
Stad: Bømoen

 

ONSDAG 4. MAI
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 765
Fjell: Tuvegga (1181m)

 

TYSDAG 3. MAI
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 805
Fjell: Roaldshornet (1230m)
Roaldshornet er nær det perfekte skifjellet. Høgt, med utsikt mot både hav og skarpe tindar. Flotte åpne og bratte flankar som går rett over i kjempeartig skogskøyring der den siste svingen vert satt ein meter frå hytta. Og når ein bereknar det slik at ein får solnedgangen på toppen finns det knapt nok ein finare stad å vera.

16.05.03 Roaldshorn 2

16.05.03 Roaldshorn 4

16.05.03 Roaldshorn 6

16.05.03 Roaldshorn 1

16.05.03 Roaldshorn 5

 

SUNDAG 1. MAI
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 765
Fjell: Tuvegga (1181m)
I dag kom skyene inn over Sunnmørsalpane etter mange fine dagar. Flatt lys og vind på toppen.