TRENINGSBLOGG NOVEMBER 2016

 

ONSDAG 30. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: ca. 1100
Pudderalarm i Myrkdalen! 20 cm. på fin såle. Vindstille. Tok to nedkøyringar ned det brattaste i staden for å gå til topps på Finnbunuten. Gjekk opp nord for Kråholet sidan dette var himmelretningen der pudderet hadde fått ligga mest i ro under gårsdagens vindkast. Puddersesongen 2016/17 er i gang med eit smell - men det spørs om pudderet overlever morgondagens temperaturar.

 

TYSDAG 29. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 620
Håpte på mini-pudderalarm då det la seg 8 cm på verandaen i sentrum. Ikkje noko meir i Bavallen, og kraftig vind på toppen av Slettafjellet (917m), men akkurat bra nok til at ein kunne ha det moro ned att.

 

MÅNDAG 28. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 970
Flott tur i nydeleg vær på Finnbunuten (1358m) frå Myrkdalen. Til og med føret var heilt ok.

 

LAURDAG 26. NOVEMBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 520
Bavallen - Bavallstoppen t/r.

 

ONSDAG 23. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 620
Kristina og eg gjekk frå Bavallen opp på Slettafjellet (917m). Litt meir snø enn sist, men delvis knekkebrødskare gjorde at låra fekk køyrt seg på veg ned att.

DSC 0075

DSC 0079 

 

SUNDAG 20. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: ca. 300
Rute: Drageskaret - Storhornet (271m) - Litlehornet (214m) t/r. Ei havørn fulgte meg i minst eit kvarter, mens eg sprang  langs ryggen frå Storehornet til Litlehornet.

 

LAURDAG 19. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: ca. 750
Rute: Gursken - Saursegga (514m) - Haugshornet (431m) - Gursken. Ein av dei finaste stiturane ein kan tenka seg startar rett bak hytta på Gursken. På "ryggtraversen" over Saursegga ser du storhavet på den eine sida og Sunnmørsalpane på den andre. Majestetisk, spesielt sidan lyset her ute endrar seg heile tida.

 

TORSDAG 17. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: ca. 700
Rute: Bjørge (Ellingsøya) - Myklebosthornet (329m) - Rørene (295m) t/r. Ålesundsområdet begynner verkeleg å framstå som eit mekka for stispringing! Nysnøen ligg langt ned i fjellsidene i Sunnmørsalpane lenger inne, mens her ute er det perfekte stiar sjølv om det har vore fuktig i det siste.

Myklebosthornet-1

Myklebosthornet-2

 

ONSDAG 16. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: ca. 800
Område: Spjelkavik - Blindheimsfjellet - Emblemsfjellet. Utforskning av nye fantastiske sti-områder på Sunnmøre står høgt på agendaen for tida. Eit sammensurium av stiar i fjellet rett aust for Spjelkavik gjer det til eit eldorado for stispringing.

 

TYSDAG 15. NOVEMBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: ca. 300
Minneverdig kveld på Sukkertoppen (314m), Ålesunds bautastein ut mot Atlanterhavet. "Supermånen" var super i kveld også.

Sukkertoppen 1

 

FREDAG 11. NOVEMBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 720
Kristina og eg gjekk frå Bavallen til Horgaletten.

 

TORSDAG 10. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 620
Vinterens fyrste skitur! Frå Bavallen opp på Slettafjellet (917m). Ikkje meir snø enn det må vera, spesielt oppe på topp-platået, men det gjekk overraskande greitt ned att sjølv om eg tok ned i nokre steinar her og der. Ville aldri ha brukt "god-ski" på ein slik tur, men har eit gamalt par som eg har teke vare på til desse aller fyrste turane. Utruleg artig tur - ikkje fordi det var skikøyring av høg kvalitet - men fordi det alltid er noko heilt spesielt med sesongens fyrste skitur.

 

ONSDAG 9. NOVEMBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 520
Bavallen - Bavallstoppen t/r.

 

TORSDAG 3. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: ca. 700
Rute: Muren - Gjøna (532m) - Saursegga (514m) - Haugshornet (431m) - Gursken. Stien slynger seg på toppen av eggen stort sett heile vegen frå Gjøna til Haugshornet. Dette området er verkeleg eit mekka for variert og og spennande stispringing.

Tusen takk til Jostein og Oddlaug for lånet av den koselege hytta på Gursken!

Saursegga-2

Saursegga-6 

 

ONSDAG 2. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: ca. 650
Ny topp, ny fantastisk utsikt. Frå Eikrem opp på Skallen og Sundsnipa på Sula.

Skallen-2

Skallen-3

Skallen-4

Skallen-5

 

TYSDAG 1. NOVEMBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: ca. 700
Ytre delar av Runde vart utforska på kryss og tvers. Me var blant anna opp på Rundabranden (294m) og ned til Runde fyr heilt ytterst på neset. Uverkeleg og spesiell natur her ute, spesielt sidan snødekte Sunnmørsalpar lyste i solnedgangen langt der inne.

Runde-7

Runde-8

Runde 5

Runde-13