TRENINGSBLOGG DESEMBER 2016

 

TYSDAG 27. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 620
Øyvind og eg gjekk frå Bavallen opp på Slettafjellet (917m). Til dels artig føre ned att sjølv om det ikkje var mange centimeter pudder på skaren.

 

MÅNDAG 26. DESEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 50 min
Akk. høgdemeter: 50
Stad: Bømoen

 

MÅNDAG 19. DESEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: ca. 500
Rute:  Frå Mølster først opp på Hanguren, deretter litt att og fram i Hangurslia. Snø- og isfrie stiar heilt opp på Hanguren.

 

FREDAG 16. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 55 min
Akk. høgdemeter: 970
Ny kveldstur på Finnbunuten (1358m) frå Myrkdalen - den einaste turen som fungerer slik snøforholda er no? Men ikkje så bra føre denne gongen, og litt vind på toppen. Dei siste to gongene har det vore fullstendig vindstille på toppen.

 

ONSDAG 14. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 50 min
Akk. høgdemeter: 970
Flott fullmåne-tur på Finnbunuten (1358m) frå Myrkdalen. Veldig bra pudder oppe og gode løyper nede.

 

SUNDAG 11. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 10 min
Akk. høgdemeter: 970
Hadde ikkje høge forventningar i det eg starta frå Myrkdalen med Finnbunuten (1358m) i sikte. Men då den store månen dukka opp bak fjella i aust og pudderet auka gradvis over 800 moh. vart det ein flott tur likevel. Jevnt 15 cm. pudder frå toppen heilt ned til 900 moh.

 

LAURDAG 10. DESEMBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 520
Bavallen - Bavallstoppen t/r.

 

ONSDAG 7. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 1t 05min
Akk. høgdemeter: 520
Frå Bavallen opp på Bavallstoppen (818m). Elendigt vær og føre.

 

SUNDAG 4. DESEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 385
Rute: Bjørge (Ellingsøya) - Myklebosthornet (329m) - Vikanakken (211m) - Bjørge.

 

FREDAG 2. DESEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 945
Starta på Valkvæ på Godøya og sprang eggen opp på Storhornet (497m). Vidare ned til Alnesvatnet og opp på det fremste og høgaste punktet mot storhavet (Lesten, ca. 365m). Samme veg attende. Dette er ein tur som ser utruleg spennande ut på kartet, og den levde opp til forventningane. Ålesundsområdet er rett og slett eit paradis for stispringing. Ein av dei desidert flottaste springeturane mine nokonsinne! 

Storhornet 7

Storhornet-1

Storhornet-2

Storhornet-3

Storhornet-4

Storhornet-5

Storhornet-6

Storhornet-8

Storhornet-9