TRENINGSBLOGG JUNI 2017

 

TORSDAG 22. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 395
Rallarvegen frå Haugastøl til eit par kilometer frå Finse. Då hadde eg allereie kryssa 5-6 snøfenner og det såg ut som det vart tettare og tettare mellom dei.

 

ONSDAG 21. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 820
Stad: Golsfjellet
Lite som slår stisykling på Golsfjellet når det er knusktørt og ein har viddene heilt for seg sjølv.

Golsfjellet 7

Bilete frå juli i fjor då Martin, Øyvind og eg tilbrakte ei helg på dei samme stiane.

Golsfjellet 7

Golsfjellet 3

Golsfjellet 7

Golsfjellet 7

Golsfjellet 5

Golsfjellet 7

0621 3

Solnedgangen er alltid noko for seg sjølv på Golsfjellet, og i kveld var ikkje noko unntak. Kanskje dette var akkurat når sola snudde...

0617 6

0617 6

 

MÅNDAG 19. JUNI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 760
Rundt Sassolungo.

0619 utsnitt 3

Stien kjem ned skaret/dalen midt i biletet, mellom Sasso Piatto til høgre og Sassolungo til venstre. (Bileta er tekne på tidlegare turar)

0619 utsnitt 3

0619 utsnitt 3

 

SUNDAG 18. JUNI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 4t 40min
Akk. høgdemeter: 1680
Fjell: Piz Boé (3152m)
Piz Boé er det høgaste fjellet i Sella-massivet og det 12. høgaste i Dolomittane.

0528 1

Piz Boé er den høgaste toppen litt til venstre i dette biletet teke frå Sassongher 28. mai.

0613 2

 

LAURDAG 17. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 660 opp / 2390 ned
Mest nedoversykling i dag, med hjelp av heissystemet i området. Men først fekk eg med meg innspurten i Hero Sella Ronda, eit terrengsykkelritt i UCI MTB Marathon World Series, dvs. med dei aller beste i verda som deltar. 86 kilometer og 4500 høgdemeter på dårlege kjerrevegar og stiar på 4 timar og 29 minutt er imponerande for å sei det mildt... Så la eg i veg på min eigen tur, grovt sett ein runde rundt Sassolungo-massivet. Med hjelp av dei to heisane eg tok vart det ein relativt roleg dag fysisk, men i fantastiske omgivelsar.

0617 9

Vinnaren av Hero Sella Ronda 2017 (eg hadde desverre gløymt å skru ned ISO'en på kameraet etter reve-biletet i kveldsmørket for to dagar sidan...)

0617 9

Og han her vart nummer tre (trur eg... ikkje så lett å forstå ein overivrig italiensk speaker)

0617 9

Så møtte eg massane i Passo Duron (for dette er også eit ritt for tusenvis av "vanlege" terrengsyklistar).

 

FREDAG 16. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X) / Stispringing
Totaltid: 4t 40min
Akk. høgdemeter: 1660
Fjell: Piz de Puez (2913m)
Først stisykling inn den fantastiske Vallunga, så på med joggeskoa og rett opp på ein av dei høgaste toppane på nordsida av Val Gardena.

0616 6

0616 2

0616 1

0616 5

0616 3

 

TORSDAG 15. JUNI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1165
Fjell: Sasso Piatto (2958m) frå Passo di Sella

0617 4

Fjellet til venstre er Sasso Piatto.

0526 2

Sasso Piatto til høgre i dette biletet frå motsatt himmelretning.

0617 6

Har budd litt i bilen dei siste dagane, og har hatt jevnleg besøk av både hjort, hare og rev. I går var faktisk reven og haren der samtidig. Tydeleg at denne reven var av den kresne typen som ikkje var så glad i hare.

0617 6

0617 5 

Utsikta ut bilvindauget når sola går ned.

 

TYSDAG 13. JUNI
Aktivitet: Stisykling / Stispringing / Via ferrata
Totaltid: 4t 40min
Akk. høgdemeter: 1200 opp / 2200 ned
Starta med å ta taubanen opp på Secada (2450m), der eit nettverk med flotte høgfjellsstiar førte meg inn til foten av Sass Rigais (3025m) der eg låste sykkelen fast i ein stolpe. Så på med joggeskoa og ein lang og artig via ferrata opp den skarpe austryggen til toppen, og ein endå lenger men litt enklare ned den bratte sørveggen, slik at det vart ein fin travers av fjellet.

0613 3

0613 14

0613 14

0613 14

0613 14

0613 14

0611 11

Bilete frå søndagens tur. Sas Rigais er toppen midt  biletet på andre sida av dalen.

0608 1

 

MÅNDAG 12. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 5t 25min
Akk. høgdemeter: 1860
Langtur rundt nokre av dei aller flottaste fjella i heile Dolomittane: Sella-, Schlern- og Rosengarten-massiva. Først på sti og kjerreveg over Seiser Alm, så nokre timar på asfalt før eg avslutta med Marcialonga-traséen opp Val di Fassa til Campitello. Her vart fristelsen for stor og eg tok taubanen opp til Col Rodella/Passo di Sella, ellers hadde det blitt 900 seige og brennheite høgdemeter heilt på slutten av ein allereie lang tur. 

 

SUNDAG 11. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 720
Stisykling i området Passo di Sella og Seiser Alm.

0611 12

0611 12

0611 12

0611 12

0611 12

 

LAURDAG 10. JUNI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1765
Fjell: Col de la Pieres (2747m) frå Selva
Starta med ein reprise av turen 24. mai, og no var snøen på det brattaste partiet smelta og det var derfor ingen problem å nå toppen. I dag ville eg ha meg ein lang rundtur, og eg fortsatte derfor bratt ned skaret på nordsida og så vestover dalen før eg gjekk rett opp att til Furcela dia Piza der eg kom inn på samme sti som eg starta på. Ved sida av runden for tre dagar sidan i Limone sul Garda er dette ein av dei finaste rutene for bratt stispringing eg har opplevd. Ubeskriveleg flott og dramatisk (og stupbratt) terreng - dette er Dolomittane på sitt aller mest spektakulære.

0524 16

0524 16

0524 16

0524 16

0524 16

0524 16 

Bilete frå turen 24. mai. På den turen sprang eg deler av dagens rute. Det har blitt mykje grønare i fjellet no, og det meste av snøen er smelta.

 

FREDAG 9. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1175
Stisykling i fjella på nordsida av Val Gardena.

0609 9

0609 9

0609 9

0609 9

0609 12

0609 14

 

TORSDAG 8. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1500
Frå Tremosine på kjerreveg og sti opp til Bocca di Val Marza (1787m) og Passo Tremalzo. Ned att lenger vest slik at det vart ein fin runde.

0608 10

0608 10

0608 10

0608 10

 

ONSDAG 7. JUNI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1815
Rute: Limone sul Garda - Monte Preals - Valle del Singol - Cima di Mughera - Limone sul Garda
To solide motbakkar på dagens rundtur. Limone og Riva er verkeleg stiparadis. Fantastiske omgivelsar!

0607 17

0607 17

0607 17

0607 17

0607 17

  

TYSDAG 6. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 585
Regntunge skyer i fjella, så i dag heldt eg meg mest i låglandet. Fant nokre nye stiar i Valle del Sarca, og avslutta med ein tur opp på Monte Brione mellom Riva og Torbole. I det eg stod på toppen åpna himmelen seg i ein av dei mest intense tordenbygene eg har opplevd. Men når det er 25 varmegrader er det eigentleg berre moro. Det føltes som å vera midt inne i ein gigantisk foss og på det verste var det faktisk vanskeleg å sjå vegen framfor seg - då er det rimeleg tett mellom regndråpane!

 

SUNDAG 4. JUNI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1460
Fjell: Monte Guil (1322m) frå Limone sul Garda
Limone Extreme Skyrace er - som navnet tilseier - eit ekstremt fjelløp i fjella rundt Limone. I år utgjer det også finalen i Skyrunner World Series. Killian Jornet, som no bur i Norge, vart nr. 2 sist finalen gjekk her i 2014. I 2015 køyrde eg tilfeldigvis gjennom Limone akkurat den dagen det vart arrangert, og såg at det var eit arrangement som verkeleg satte Limone på hovudet. Eg sprang deler av traseen nokre dagar seinare, men i dag sprang eg ein rundtur opp på Monte Guil som gjorde at eg fekk med meg den aller mest spektakulære delen av traseen. Dvs. det er nesten ikkje riktig å kalle dette stispringing - for det er sjølvsagt altfor bratt for oss normale folk å springe i motbakkane, og det er faktisk til tider tøft nok å springe nedover også, så tekniske og bratte som desse stiane er. Eg likar best å springe lett og fritt, dvs. utan ryggsekk. Og då blir det vanskeleg å ta med kamera. Men denne rundturen var så ufatteleg flott at eg sansynlegvis kjem til å ta den om igjen med kamera i løpet av kort tid. Dagens tur var enkelt og greitt ein av dei flottaste eg har hatt nokonsinne. 

21 Alpane 2015 1

21 Alpane 2015 2 

Bilete frå ein tur på dei samme stiane hausten 2015.

 

LAURDAG 3. JUNI
Aktivitet: Stisykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1355
Frå Riva opp via Lago di Ledro, og vidare bratt opp til Bocca dei Fortini (1243m). Her kjem ein inn på det unike militærvegsystemet frå 1. verdenskrig som gjer Riva til eit paradis for stisykling. Desse vegane framstår delvis som sti mange stader, og snor seg heilt opp til ca. 1850 moh . Eg valgte i dag stien til Passo Rocchetta og så rett ned att til Riva.

0603 3

0603 2

0603 1

 

FREDAG 2. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel/Stispringing
Totaltid: 3t 55min
Akk. høgdemeter: 1420
Først med sykkel opp til Lago di Tenno, så med joggesko vidare opp til Malga Vender (1506m).

 

TORSDAG 1. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 810
Stad: Riva del Garda
Når tordenbygene blir for heftige i Alpane, er det fint å kunne evakuere ned til Riva nokre dagar. Her er det mindre tordenaktivitet når det er så varmt over Alpane som det er no. Første dagen i Riva er det obligatorisk med ein tur på den historiske vegen (stien) opp til Lago di Ledro. Meir spektakulært blir det ikkje! Vidare inn Valle di Canzei før den artige nedkøyringa ned att til Riva.

DSCF3019

Bilete frå 2013 då Bjarte, Njål og eg var på "treningsleir" i Riva del Garda.