TRENINGSBLOGG OKTOBER 2017

 

TYSDAG 31. OKTOBER 
Aktivitet: Terrengsykkel/Stispringing
Totaltid: 6t 35min
Akk. høgdemeter: 2081 (1200 på sykkel, resten med joggesko)
Lang kombitur med sykkel og joggesko oppover nordsida av Valtellino. Røyk frå dei voldsomme skogbrannane lenger vest i Nord-Italia kom inn i dalen i natt og på formiddagen var den så tjukk at det var vanskeleg å sjå over til den andre sida. Kraftig røyklukt over 1500 moh. 

1031 3

1031 3

 

MANDAG 30. OKTOBER 
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 4t 15min
Akk. høgdemeter: 805
Eventyrleg stisykling!

1030 15

1030 15

1030 15

1030 15

1030 13

1030 13

1030 15

 

SUNDAG 29. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1285
Har forflytta meg ned til nordenden av Comosjøen. Etter 1100 høgdemeter med hårnålssvingar på asfalt gjennom mindre og mindre landsbyar, fann eg ein kjempefin flytsti som gjekk horisontalt bortover fjellsida mellom stølsklyngene som pregar fjellsidene her. Fantastisk utsikt ned mot innsjøen heile tida.

1029 7

1029 7

1029 7

1029 7

1029 13 

Sit ute på terassen og jobbar. 20 grader kl. 19:30.

 

FREDAG 27. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 997
Dammen i Vajont-dalen sto ferdig i 1959. Den var på det tidspunktet verdas høgaste dam, og er sjølv i dag den sjuande høgaste dammen i verda, heile 262 meter høg. Men berre fire år etter den stod ferdig, kl. 22:39, 9. oktober 1963, falt fjellet Mont Toc ned i den kunstige innsjøen bak dammen. 260 millionar kubikkmeter med stein og jord falt mange hundre høgdemeter. For å forstå dimensjonane kan ein nevne at størrelsen på det raset som var venta frå Veslemannen i Rauma for nokre veker sidan var estimert til 200 000 kubikkmeter. Raset frå Mont Toc var altså 1300 gonger større. Og konsekvensane var så kolossale at det er vanskeleg å fatte. Ei 250 meter høg flodbølge (50 millionar kubikkmeter med vatn) slo over toppen av dammen og knuste alt i sin veg nedanfor. Rundt 2400 menneske omkom i løpet av minuttar. Sjølve dammen stod i mot, sjølv om trykket mot den vart berekna til å ha vore tilsvarande to atombomber av Hiroshima-størrelse.

1027 1

Terrenget med skog som du ser bak dammen var ein del av raset. Det fylte heile den tronge dalen heilt fram til foten av dammen slik at plasseringa av dammen i dag framstår surrealistisk sidan terrenget fortsetter oppover rett bak den. Bølga slo altså 250 meter over dammen (sannsynlegvis den høgaste megatsunamien på planeten i historisk tid) og dei forvridde stålstrukturane i framgrunnen tilhøyrer den gamle vegen som vart fullstendig knust - og her står eg nøyaktig 340 meter frå dammen, på samme høgde...

1027 5

Her var det ein svær kunstig innsjø fram til kl. 22:39, 9. oktober 1963. Eit minutt eller to seinare var den stort sett tømt. Du ser tydeleg korleis massane har løsna langt oppe i fjellsida og sklidd 600 høgdemeter ned.

1027 5

Bølga kom ut dalen under meg og traff først Longarone som me ser i høgre halvdel av biletet. Longarone vart stort sett utsletta sjølv om den ligg i gjennomsnitt 40 meter over dalen på den andre sida. Bølga fortsatte nedover mot Belluno (til venstre) og øydela mange fleire landsbyar på sin veg.

1027 5

Den vesle landsbyen Casso ligg rundt 200 høgdemeter over dammen, på andre sida i forhold til Monte Toc. Casso fekk derfor eit "direkte treff" av bølga og dei fleste husa vart knust. Kun dei aller øverste stod att.

Disastro Vajont 2

Flyfoto tatt etter raset. 

 

TORSDAG 26. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 4t 35min
Akk. høgdemeter: 1641
Langtur rundt Bosconero-massivet, mest på asfalt men også litt sti.

1026 3

1026 3

 

ONSDAG 25. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1218
På skogsvegar og stiar på sørsida av imponerande Antelao (3264m). Både ser og høyrer mykje hjort i fjellsidene her nede. Det er brunsttid og det er ein spesiell stemning når ein høyrer brølet frå dei store bukkane.

1025 1

 

TYSDAG 24. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 1t 22min
Akk. høgdemeter: 476
Kort tur gjennom små og pittoreske landsbyar i nærområdet rundt her eg bur i San Vito di Cadore. 

 

MÅNDAG 23. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube Stereo 160)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1394
Område: Val d'Oten
Mest på grusvegar, men også ein kjempefin sti nede i dalen over Pieve di Cadore.

1023 2

 

LAURDAG 21. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1345
Sti: Sentiero Bonacossa

1021 4

1021 4

1021 4

1021 4

 

FREDAG 20. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 5t 15min
Akk. høgdemeter: 1856
Lang rundtur i fjella nordvest for Cortina, på militærvegar frå fyrste verdenskrig.

1020 1

 

ONSDAG 18. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1732
Frå San Vito di Cadore opp til Bivacco Slataper rett under søraustveggen av Sorapiss (toppen er 3205 meter høg og eit av dei høgaste fjella i området).

1018 9

Bivacco Slataper ligg på ryggen rett over flaggstonga. Stien går frå San Vito di Cadore opp til høgre rundt fjellet og opp frå baksida.

1018 9

1018 9

Bivacco Slataper

1018 9

1018 9

Steinbukken (Alpine Ibex) er ein av dei største og mest imponerande skapningane i høgfjellet i Alpane. Vanlegvis er dei sky og spring rett oppover steile fjellveggen når dei ser eit menneske. Så kva som gjorde at denne store ruggen var så uredd er vanskeleg å sei. Fyrst då eg var ein meter frå han gav han beskjed at no var det nok. Nokre umiskjennelege nikk med hovudet indikerte tydeleg at fotoshooten var over, og at dersom eg ville unngå knockout burde eg forlata staden umiddelbart. Eg tok hintet.

1018 9

1018 9

 

TYSDAG 17. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 5t 35min
Akk. høgdemeter: 1871
Område: Passo Giau - Croda da Lago

1017 2

1017 2

1017 8

1017 8

1017 8

 

SUNDAG 15. OKTOBER
Aktivitet: Via ferrata
Totaltid: 5t 50min
Akk. høgdemeter: 1560
Fjell: Punta Fiames (2240m) og Punta Erbing (2301m)
To via ferrata-ruter på ein dag gjorde at det vart ein lang dag i fjellet i noko som nesten minna om full sommar. Vart litt dehydrert før eg kom meg ned att til bilen. Svært varmt for tida! Først tok eg via ferrataen Michielli Strobel, 950 høgdemeter rett opp på Punta Fiames (600 høgdemeter var via ferrata). Ruta følger grovt sett ryggen på venstre sida:

1015 1

Så tok eg Terzia Cengia som strengt tatt ikkje bør reknast som ein via ferrata - det var i alle fall nesten ingen vaier eller sikringar der... Ikkje spesielt teknisk vanskeleg, men i den engelske beskrivelsen eg las på forhånd stod det at "this is not a route for the faint hearted or anyone who does not have a head for heights". Og for å sei det mildt så var det ei ekstremt luftig rute opp på Punta Erbing. Ruta følger den midterste av dei tre diagonale hyllene som du skimtar i veggen under (frå nederst til venstre oppover mot høgre), deretter fortsetter den på samme hylla rundt hjørnet, så på biletet ser ein berre ein tredjedel av ruta:

1015 2

1015 5

1015 5

1015 13

1015 13

 

LAURDAG 14. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1544
Fjell: Col de la Cross (1967m)

1014 2

1014 2

 

FREDAG 13. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing/via ferrata
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1043
Fjell: Monte Piano (2306m)
Artig rundtur opp og ned Monte Pianos bratte og spesielle stiar. Via ferrata siste 250 metrane rett opp til toppen. Bileta under er frå den ordinære stien, sjølv om det til tider kan minna om ein enkel via ferrata der også...

1013 5

1013 5

1013 5

1013 5

 

TORSDAG 12. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 6t 05min
Akk. høgdemeter: 1979
Område: Lago di Landro - Drei Zinnen
Dolomittane på sitt aller flottaste! Til tross for utsikta og dei flotte panoramastiane oppe på fjellet var det skogsstiane (som det ikkje er så enkelt å ta bilete av) nede i dalane som var dagens høgdepunkt. Har sjeldan hatt det så moro på raske flytstiar før.

1012 17

1012 17

1012 17

1012 17

1012 17

1012 17

1012 17

1012 17

1012 17

1012 17

1012 17  

 

TYSDAG 10. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 3t 58min
Akk. høgdemeter: 1351
Val Travenanzes er klassikaren over alle når det gjeld stisykling i Cortina-området.

Bilete frå samme tur i juni 2013:

1010 eldre 5

1010 eldre 5

1010 eldre 5

1010 eldre 5

1010 eldre 5

 

MÅNDAG 9. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 4t 40min (halvannan time var på sykkel til og frå startpunktet)
Akk. høgdemeter: 1577
Sprang rundt Monte Pelmo (3172m).

1009b 11

I Dolomittane er stiane litt meir spektakulære enn dei fleste andre stader...

1009b 11

1009b 11

1009b 11

1009b 11

Ein eller fleire små dinosaurar (enten fabrosaurus eller coelophysis) lagde desse fotavtrykka for rundt 215 millionar år sidan.

1009b 11

Yr 2 

Om nokon lurar på kvifor eg tilbringer kvar haust i Alpane...

 

SUNDAG 8. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 3t 55min
Akk. høgdemeter: 1459
Starta dagens tur med ein svært bratt motbakke. Første tre kilometer låg jevnt over 20 prosent, såg 25-talet på sykkelcomputeren på det aller brattaste. Heldigvis vart det litt snillare etterkvart som eg nærma meg foten av imponerande Monte Pelmo (3174m). Flott sti ut mot Monte Penna.

1009 5

1009 5

1009 5

 

LAURDAG 7. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 3t 11min
Akk. høgdemeter: 831
Fjell: Nuvolau( 2574m)
Stispringing blir ikkje betre enn dette!

1007 9

1007 9

1007 9

1007 9

1007 9  

1007 13

 

FREDAG 6. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1223
Langtur rundt heile Monte Cristallo-massivet på grusveg, asfalt og litt sti.

1006 3

1006 3

1006 3

 

TORSDAG 5. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 4t 16min
Akk. høgdemeter: 1760
Fjell: Monte Rita (2183m)
Starta med ein motbakke på over 1400 høgdemeter. Først på asfalt gjennom idylliske alpelandsbyar, deretter hårnålsvingar på grusveg opp på eit av dei flottaste utsiktspunkta i området, Monte Rita. Så på nydeleg sti (derfor eg valgte traktoren på denne turen) ned att til Passo Cibiana (1530m).

1005 4

1005 4

1005 4

1005 4

 

ONSDAG 4. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1310
Fjell: Antelao, opp vestsida til ca. 2150m
Antelao er 3264 meter høgt, og det høgaste (og kanskje flottaste?) fjellet i dei austlege Dolomittane. I dag vart det berre ein sein kveldstur med joggesko opp til botnen av den 1100 meter høge nesten loddrette vestveggen. Kanskje er det mogeleg å komma seg på toppen i løpet av den neste veka. Men den enklaste ruta er nordeggen, og det ligg snø i nordsidene over 2800m så den må kanskje venta til ein annan gong. Er altså attende i Dolomittane, denne gongen bur eg i ein liten landsby sør for Cortina.

1004 4

1004 3

1004 4

 

SUNDAG 1. OKTOBER
Aktivitet: Fjellsykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 970
Bjarte og eg. Via Bavallen opp til Bavallstoppen og på sti ned til Hanguren. Sti vidare opp til Finnesdemma og ned til gamle ljosløypa. Me fulgte denne mot Kiseldur og så ned løypa til Raugstad. Flott vær - men vått i terrenget!