TRENINGSBLOGG JANUAR 2018

 

LAURDAG 20. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 57min
Akk. høgdemeter: 1628
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Tre nedkøyringar, ein frå toppen og to frå litt over tregrensa. 10 cm. påfyll sidan torsdag, perfekt i skogen men litt vindpåvirka over tregrensa.

 

TORSDAG 18. JANUAR
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 1507
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
To nedkøyringar.

Vardanosi 1

Når ingen andre kan vera med stiller alltid Kvitebjørn opp.  Alltid like blid og entusiastisk. Det einaste kravet han stiller for å vera med er litt kake og masse kos.

 

ONSDAG 17. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 32m
Akk. høgdemeter: 690
Fjell: Såta (933m) og Raudhovden (894m)
Ein ser tydeleg at vinden for to dagar sidan herja ekstremt med snødekket. Reine berg- og dalbanen nedover dei vanlegvis jevne og fine snøflankane på Såta. Heldigvis kom det 15 cm. pudder etter at vinden løya slik at forholda no er bra til tross for dette. 

 

SUNDAG 14. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: ca. 1t 50min
Akk. høgdemeter: ca. 700
Martin, Øyvind, Alex og eg starta på Skutle og gjekk opp den preparerte løypa til Otledalen og vidare oppover mot Grønahorgi, men me snudde eit godt stykke under toppen pga. kraftig vind.

 

LAURDAG 13. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 1810
Fjell: Horndalsnuten (1461m)
Øyvind, Brynjulv og eg. Frå Øvre Fenno over Byrseteggi (1025m) og vidare opp på Horndalsnuten (1461m). Over Byrseteggi på veg heimatt også. Flott vær og til dels fint pudder nede i dalane, men skareføre høgt oppe.

Horndalsnuten yvind

(Foto over: Øyvind Birkeland)
(Foto under: Jarle Trå)

Horndalsnuten 

 

FREDAG 12. JANUAR
Aktivitet: Sykkel, Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 44min
Akk. høgdemeter: 555
Frå Myrkdalen forbi Revhaugen og opp rundt Tjørnarhovden. Vidare innover Kvanndalen til det høgaste punktet, der det tippar ned att mot Brekkedalen. Artig nedkøyring ned att til Myrkdalen. Stjerneklart og kun eit par kuldegrader høgt oppe, mens det var -11 nede ved Myrkdalsvatnet.

Kvanndalen 1

 

TORSDAG 11. JANUAR
Aktivitet: Sykkel, Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 37min
Akk. høgdemeter: 630
Når forholda er mindre gode for topptur på ski betyr det som regel gode forhold for fatbike. Frå Raugstad opp på Hanguren, via Finnesdemma til Raude Kross-hytta mot Kiseldur og ned att til Raugstad. I kveld var det berre å gi gass nedover også, sidan snøen var slik at dekka satt som limt i svingane.

Hanguren 1

 

ONSDAG 10. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 1t 38min
Akk. høgdemeter: 729
Einar, Brynjulv, Ronja, Taro og eg. Frå Bavallen opp på Hangurstoppen, ned til Hanguren, ein runde i langrennsløypa (?) via Finnesdemma attende til Hangurstoppen og så ned att koffertløypa til Bavallen.

 

SUNDAG 7. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: 1020
Fjell: Såta (933m)
Tre nedkøyringar i 15 cm. dagsferskt pudder.

 

LAURDAG 6. JANUAR
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: ca. 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1290
Fjell: Bjørndalskamben (1402m)
Peter, Brynjulv og eg. Nydeleg vær og flott pudder heilt frå toppen.

Bjrndalskamben 3

Bjrndalskamben 3

 

TORSDAG 4. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: ca. 1t 50min
Akk. høgdemeter: ca. 750
Fjell: Såta (933m)
Morten, Knut og eg. To nedkøyringar, ein på nordsida ned til Potten og ein på sørsida.

 

ONSDAG 3. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 3t 21min
Akk. høgdemeter: 1843
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Tre nedkøyringar, ein frå toppen og to frå ca. 1100m.

 

TYSDAG 2. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: ca. 1t 50min
Akk. høgdemeter: 695
Fjell: Såta (933m)
Martin, Håvard og eg. Flott fullmåneskin og perfekt pudder. To nedkøyringar.