TRENINGSBLOGG APRIL 2018

 

LAURDAG 21. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 4t 33min
Akk. høgdemeter: 1514
Fjell: Rauthorn (3269m), også kjent som Böshorn
Fantastisk føre!

0421 5

0421 5

0421 5

0421 5

0421 2

 

FREDAG 20. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 3t 55min
Akk. høgdemeter: 1322
Stad: Lia under Riederalp og Bettmeralp opp til Fiesch.

0420 2

 

TORSDAG 19. APRIL 
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 2t 26min
Akk. høgdemeter: 986
Stad: Naters, Sveits
Opp til 27 grader viste termometeret då eg køyrte gjennom Sveits i dag. Fin tur på asfalt opp til Blatten og vidare på skogsveg opp til 1770 moh. der snøen stoppa meg.

0419 1

 

MÅNDAG 16. APRIL
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 1t 05min
Akk. høgdemeter: 690
Frå Bavallen opp på Horgaletten. Raskt føre i løypene, hadde ikkje forventa det i dag.

 

SUNDAG 15. APRIL 
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 420
Sommar-følelse i dag. 19 grader og tørr asfalt.

 

LAURDAG 14. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 5t 07min
Akk. høgdemeter: 2381
Fjell: Horndalsnuten (1461m), over Byrseteggi (1025m) begge vegar
Brynjulv, Øyvind og eg. Ein tur ned til stølen på nordsida også. Stort sett bra slushføre, men nokre stader var det blitt skikkeleg sugeføre. Faktisk så ødela eg skoen min i ein bråstopp, den knakk tvert av bak i leddet. Heldigvis skjedde det i den aller siste svingen før me var nede att ved bilen.

 

TORSDAG 12. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 7t 45min
Akk. høgdemeter: 3935
Fjell: Horndalsnuten (1461m), over Byrseteggi (1025m) begge vegar
Horndalsnuten har mange flotte flankar i nesten alle himmelretningar, så nesten uansett korleis vær og vind har vore så vil ein finna noko som er bra. I dag var eg sikker på at nordvestflanken ville vera like fin som i går, men kald vind gjorde at det var knallhardt då eg gjekk opp første gongen. Men den fine renna på nordsida (som eigentleg går rett mot aust) hadde då fått fleire timar med morgonsol og var i toppform. Det vart derfor to nedkøyringar ned til 600 moh, under stølen i Horndalsbotnen. Etter det hadde sola snudd seg nok rundt til at også nordvestflanken var storvegs, og den fekk også to nedkøyringar. Det vart mange timar i fjellet i dag - men når føret er så bra som det er no må eg berre legga alt anna til side. Vanlegvis får ein ikkje så mange slike dagar om våren før det vert så mildt om nettene at det vert sugeføre. Så lenge det er minusgrader om nettene og strålande sol om dagen vert det ein heilt vanvittig rask slush som er minst like artig å køyra på som det beste pudder.

0412 2

0412 2

Det var eit merkeleg vindfenomen i dag. Vinden herja knallhardt rundt toppane på Raundalsryggen i eit par timar - det var nesten vanskeleg å stå oppreist på toppen. Men både før og etter var det nesten heilt stille. Dessverre tok den med seg pudderet som låg rundt toppen, men det er uansett berre 100 høgdemeter før ein kjem ned til slushen så det er ingen krise.

 

ONSDAG 11. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 6t 10min
Akk. høgdemeter: 2960
Fjell: Horndalsnuten (1461m), over Byrseteggi (1025m) begge vegar
Kveldstur. Fire nedkøyringar ned nordvestflanken. Pudder øverst og slush nederst.

11 5

11 5

11 5

11 5

11 5

Horndalsnuten 11



TYSDAG 10. APRIL 
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 2t 02min
Akk. høgdemeter: 387
Bjarte og eg. Min første tur på Meridaen i år. Ikkje så ofte eg syklar berre på asfalt, men når ein har sykla mykje på sti og snø i vinter så er det rått å kjenna på korleis ein stiv hardtail setter kreftene i bakken. Nesten samme følelsen som når ein var liten og fekk på seg joggeskoene den første vårdagen det var tørt i tunet.

 

SUNDAG 8. APRIL
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 1255
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Kveldstur frå Bavallen opp på Horgje. Kanskje den siste turen med hodelykt i år?

09

I kveld var det vindstille og mildt, men når det verkeleg stormar er det fint å kunne gå innandørs. Ikkje mange fjelltoppar over 1400 meter du kan det på.

 

LAURDAG 7. APRIL
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 690
Frå Bavallen opp på Horgaletten.

 

TORSDAG 5. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 547
Stad: Lia over Tillung
Brynjulv, Øyvind og eg. Verken vær eller føre var noko spesielt å skryta av i kveld.

 

MÅNDAG 2. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 5t 34min
Akk. høgdemeter: 2027
Stad: Jordalen
Kolbein, Olav, Hans-Inge, Frode og eg. Ny stor dag i Jordalen. Fem nedkøyringar av varierande lengde frå Øyastølsfjellet (1342m), Uraskarfjellet (1435m) og Fyresnipa(1461m). Kolbein (14 år) var dagens helt både oppover og nedover. 

Jordalen b 8

Jordalen b 8

Jordalen b 8

Jordalen b 8

Jordalen b 8

Jordalen b 8

Jordalen b 8

Jordalen b 8

 

SUNDAG 1. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 5t 30min
Akk. høgdemeter: 2094
Stad: Jordalen
Rykta gjekk om at føret i Jordalen hadde overlevd vinden dei fyrste dagane i påsken og Frode og eg måtte inn å sjekke. Først opp på Vetlafjellet (1290m) og ned vestsida til Brekkedalen. Så opp på Øyastølsfjellet (1342m) og ned søraustsida. Til slutt opp att på Vetlafjellet og ned austsida. Rykta var ikkje overdrevne - fantastisk pudderføre i alle himmelretningar.

Jordalen 9

Jordalen 9

Jordalen 9

Jordalen 9

Jordalen 9

Jordalen 9