TRENINGSBLOGG JUNI 2018

 

LAURDAG 30. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 5t 30min
Akk. høgdemeter: 1575
"Gruppetur" frå Vangen nesten utelukkande på sti til Oppheim, over Tvildesåsen, Storåsen, Grauaåsen, Skorseteggi (972m) og Kolingseggi (941m). Vidare på sti sørover Langedalen til Helgaset, og så på grus og asfalt ned att til Vangen. Storslagen sti-runde!

0630 Skorseteggi 7

0630 Skorseteggi 7

0630 Skorseteggi 7

0630 Skorseteggi 7

 

FREDAG 29. JUNI
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: 875
Fjell: Fresvikbreen (1642m)
Geir Arne, Brynjulv, Saga, Taro og eg. Me starta i Fresvikjordalen og gjekk via Huldakyrkja, ein flott "fortopp" med fantastisk utsikt ned i Storedalen og Fresvik. Deretter i tau til topps på Fresvikbreen. Dette var første gongen for oss alle på denne avsidesliggande breen. Ein fantastisk dag!

0629 Fresvikbreen 7

0629 Fresvikbreen 7

0629 Fresvikbreen 7

0629 Fresvikbreen 7

0629 Fresvikbreen 7

0629 Fresvikbreen 7

0629 Fresvikbreen 7

 

TORSDAG 28. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 829
Frå Oppheim til Vangen over Skorseteggi (972m) og Kolingseggi (941m).

0628 Skorseteggi 3

0628 Skorseteggi 3

0628 Skorseteggi 3

 

ONSDAG 27. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1233
Bjarte og eg. På grusvegar blant anna opp til Trænstølen vest for Skjeldal.

 

TYSDAG 26. JUNI
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 1325
Fjell: Lønahorgi (1410m) via Klondyke
Brynjulv, Taro og eg. Knusktørre stiar og t-skjorte-temperatur heilt til topps.

 

SUNDAG 24. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 5t 10min
Akk. høgdemeter: 1610
Bjarte og eg på lang og variert rundtur som har det meste - sti, kjerreveg, grusveg og asfalt. Først til Granvin, så gamlevegen over fjellet til Ulvik. Så på bratt skogsveg opp til Solsævatnet og over Espelandsdalen heimatt.

0624 Solsvatnet 2

0624 Solsvatnet 1 

 

LAURDAG 23. JUNI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1020
Fjell: Gråsidetoppen (1307m) frå Gjelle

 

FREDAG 22. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1044
Område: Ustaoset / Geilo

0622 Nesbyen 7

0622 Nesbyen 7

0622 Nesbyen 7

0622 Nesbyen 7 

 

TORSDAG 21. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 4t 15min
Akk. høgdemeter: 1276
Stad: Nesbyen

0621 Nesbyen 4

0621 Nesbyen 4

0621 Nesbyen 4

 

ONSDAG 20. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 5 timar
Akk. høgdemeter: 1492
Stad: Nesbyen

0620 Nesbyen 6

0620 Nesbyen 7

0620 Nesbyen 1

0620 Nesbyen 7

0620 Nesbyen 7

 

TYSDAG 19. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1208
Stad: Nesbyen
Tok ei impulsavgjerd då eg vakna til høljande regn og nysnø på toppane. I løpet av få timar hadde eg evakuert til Nesbyen. 21 grader og blå himmel møtte meg der, og noko av Noregs beste stiterreng.

1809 Nesbyen 2

1809 Nesbyen 1 

 

LAURDAG 16. JUNI
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1325
Fjell: Lønahorgi (1410m) via Klondyke
Brynjulv, Taro og eg. Flotte og relativt tørre forhold sjølv om  det regna i går og forgårs.

 

FREDAG 15. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 615
Litt rundt omkring i Vossebygda.

 

ONSDAG 13. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 4t 35min
Akk. høgdemeter: 1497
Rallarvegen. Starta i Flåm, snudde ved den første snøfonna som dekka vegen 2 km forbi Hallingskeid.

0613 Rallarvegen 3

0613 Rallarvegen 3

0613 Rallarvegen 3

 

TYSDAG 12. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 2t 02min
Akk. høgdemeter: 445
Roleg tur først på stiar og grusvegar rundt Vangen, så via Gjelle inn Bordalen og over Herresåsen.

 

FREDAG 8. – MÅNDAG 11. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Treungen, Nissedal
Deltakarar: Harald, Håvard, Even, Martin, Frode, Guttorm, Øystein, Øyvind, Jarle
Langhelg på verdas einaste hotell kun for stisyklistar (?) Canvas Hotell ligg på ei lita øy ute i villmarka – bokstaveleg talt midt i Norges beste sti-terreng. Me hadde optimale forhold og stisyklinga vart kun avbrutt av bading, eting og  intimkonsert med Keith Austin, tidlegare gitarist i Dr. Hook. Me lengtar allereie attende…

Canvas 9/6-18 from Guttorm Fønsdal on Vimeo.

Canvas 2018 from Martin Hindenes on Vimeo.

0608 Canvas 46

0608 Canvas 46

0608 Canvas 46

0608 Canvas 46

0608 Canvas 46

0608 Canvas 46

0608 Canvas 46

0608 Canvas 46

0608 Canvas 46

0608 Canvas 46

0608 Canvas 46

0608 Canvas 49

0608 Canvas 49

(Foto: Øyvind Birkeland)

 

TORSDAG 7. JUNI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 1019
Fjell: Gråsidetoppen (1307m) frå Gjelle
Brynjulv, Taro og eg. Når forholda er så bra som no er det lite som slår stispringing i Vossafjella.

 

ONSDAG 6. JUNI
Aktivitet: Fjellsykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 6t 15min
Akk. høgdemeter: 1859
Tørre myrar gjer at forholda no er perfekte for å teste ut ein del "fjellturar" eg har tenkt på lenge. I dag gjekk turen først opp til Fyrjo, deretter nordover rett vest for Vetlanosi og ned til stølen Malmagrøn. På flyfoto såg det ut til at dette skulle vera lettsykla fjellterreng, og det slo til. Tippar eg var på sykkelen over 95% av distansen. Sjølv motbakkane opp frå Fyrjo går stort sett greitt å sykle så lenge det er så tørt som det er no. Frå Malmgrøn på skogsveg ned til Grindaland ved Oppheimsvatnet og på asfalt til Øyjordi nederst i Langedalen. Så avslutta eg med den lange (men velkjente) turen over Skorseteggi og Kolingseggi heim att. Dei siste dagane har eg bada mykje i fjellet, også i dag måtte eg uti å kjøle meg ned eit par gonger undervegs.

0606 Fyrjo Skorseteggi 5

0606 Fyrjo Skorseteggi 5

0606 Fyrjo Skorseteggi 3

0606 Fyrjo Skorseteggi 5

0606 Fyrjo Skorseteggi 5

 

TYSDAG 5. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 548
Bømoen og Storåsen.

 

MÅNDAG 4. JUNI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 36min
Akk. høgdemeter: 1340
Fjell: Lønahorgi (1410m) via Klondyke
Bjarte, Brynjulv, Taro og eg.

 

LAURDAG 3. JUNI
Aktivitet: Fjellsykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 5t 45min
Akk. høgdemeter: 1496
Langtur på sti rundt Grønahorgi (1166m) og Veskreshorgi (1134m). Først opp til hyttefeltet på Øvre Kvitno, så på sti til stølen Veskre og vidare over til Helgaset. Så den "faste ruta" til Grønlivatnet, men så opp til stølen Byrset og over til Otledalen via ruta som me sykla eit par gonger i fjor haust.

0603 Grnahorgi rundt 5

0603 Grnahorgi rundt 5

0603 Grnahorgi rundt 5

0603 Grnahorgi rundt 5

0603 Grnahorgi rundt 5

 

LAURDAG 2. JUNI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 58min
Akk. høgdemeter: 1340
Fjell: Lønahorgi (1410m) via Klondyke

 

FREDAG 1. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 1187
Gjennom Bømoen og opp Raundalen til Helgaset. Så eit lite stykke med dytting av sykkelen til ein var oppe på høgfjellet. Først ut på Skorseteggi (972m) så attende samme veg, og deretter over Kolingseggi (941m). Tørre stiar og perfekte forhold.

0601 Skorseteggi 3

0601 Skorseteggi 1

0601 Skorseteggi 3