TRENINGSBLOGG OKTOBER 2018

 

TYSDAG 16. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 4t 25m
Akk. høgdemeter: 1458

1016 4

1016 4

1016 4

1016 4

 

MÅNDAG 15. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1270
Kveldstur med hodelykt opp lia til Crap Sogn Gion (2216m), med fantastisk kveldsutsikt ut over Surselva.

 

SUNDAG 14. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 5t 05m
Akk. høgdemeter: 1845
Starta frå Chur og sykla først asfalt opp til Lenzerheide, eit stort fjellområde som er kjent for å ha noko av den beste stisyklinga i Alpane - kanskje etter Livigno. Først tok eg ein runde i løypa som årets VM i terrengsykling vart avholdt i for få veker sidan. Eg såg det spennande rittet på fjernsyn, så det var artig å sykle den samme løypa. Deretter var det ein ny lang motbakke på grusveg opp til Alp Charmoin, der det startar ein veldig lang og variert sti som ikkje endar før du er nesten nede i Chur sentrum att.

1014 3

1014 3

1014 4 

 

LAURDAG 13. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 2t 45m
Akk. høgdemeter: 848
I det store skogsområdet rett sør for Flims er det milevis med kjempefine skogsstiar, nokon av dei går på kanten av  det som blir kalla Swiss Grand Canyon.

1013

 

FREDAG 12. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 5t 50m
Akk. høgdemeter: 2195
Dagens første motbakke var 1700 høgdemeter rett opp frå Laax så langt vegen gjekk, til 2809 moh. Fantastisk utsikt ut over Alpane. Sykla kun med kort trøye i heile dag, varmt og godt heilt til topps. Kvar meter nedover gjekk på flytsti av beste kvalitet, med litt tekniske utfordringar her og der. På natursti over gigantiske sva og gjennom morenehaugar høgt oppe, ned åpne og fine graskledde fjellsider i midtpartiet og i skogen var det maskinlaga og doserte løyper med høg smilefaktor. Den siste  nedkøyringa på heile 1150 samanhengande høgdemeter med nesten 100% maskinlaga sti blir kalla The Neverending Trail - og den levde verkeleg opp til navnet. 

1012 4

1012 4

1012 4

1012 4

 

TORSDAG 11. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 840
På plass i Lenzerheide-området i Sveits. Første turen var ein fin springetur frå Flims opp på Tegia Gronda. 

1011 3

1011 2 

1011 1

 

MÅNDAG 8. OKTOBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 530
Frå Bavallen opp på Bavallstoppen.

 

SUNDAG 7. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: 1616
Bjarte og eg på langtur til Ulvik. Først asfalt til Granvin, så gamlevegen og på sti over fjellet til Ulvik. Frå sentrum bratt skogsveg opp og over til til Solsævatnet og til slutt over Espelandsdalen heimatt.

 

LAURDAG 6. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 1168
Bjarte og eg. Herresåsen, Djupåsen, Flatlandsmo, Opeland, Bjørke og Bømoen. 

 

TORSDAG 4. OKTOBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 530
Frå Bavallen opp på Bavallstoppen.

 

ONSDAG 3. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 2t 41m
Akk. høgdemeter: 988
Rune, Bjarte og eg. Nesten samme tur som mandag, men i revers. Mykje flott sti og kjerreveg på denne runden, i terreng som ikkje er det verste sjølv når det er våtare enn våtast.   

 

MÅNDAG 1. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 2t 35m
Akk. høgdemeter: 936
Bjarte og eg. Herresåsen, Opeland, Bjørke og Bømoen. Kjøligt, men fint haustvær.