TRENINGSBLOGG JANUAR 2019

 

MÅNDAG 21. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Stad: Blåfjellet (1401m) i Sogndalsdalen
Totaltid: 5t 10min
Akk. høgdemeter: 1965
Av og til klaffar alt - pudder heilt til topps, flott flanke, vindstille, sol og blå himmel. Tre nedkøyringar av den ca. 600 høgdemeter store sørflanken av Blåfjellet. Snøen dekkar terrenget på ein heilt annan måte enn heime, så her treng ein ikkje vera redd for å treffe stein.

0121 Blfjellet 7

0121 Blfjellet 7

0121 Blfjellet 7

0121 Blfjellet 7

 

SUNDAG 20. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Stad: Tverrlii i Jordalen
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 1560
Meir snø i Jordalen enn lenger vest. Tre nedkøyringar frå litt over skogsgrensa.

 

LAURDAG 19. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Fjell: Storebottseggi (1032m)
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 1425
Torstein, Olav, Frode og eg. Tre nedkøyringar i Moldalii. Det låg faktisk jevnt med pudder heilt til topps. Rart kor store lokale forskjellar det kan vera med tanke på kor kraftig vind det var på Slettafjellet og Bavallstoppen tidlegare i dag, då Geir Arne, Brynjulv og eg tok nokre timar med puddersurfing i skianlegget.

 

TORSDAG 17. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Fjell: Mykkeltveitveten (1131m)
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 1500
Even og eg har "fleksitid" og dermed stakk me til fjells når det for ein gongs skuld vart blå himmel og sol. Mykkeltveitveten var målet og her fekk med tre flotte nedkøyringar av den store flanken/renna på vestsida.

0117 4

0117 4

 0117 9

0117 9

 (Foto: Even Lindseth)

 

ONSDAG 16. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse)
Fjell: Såta (933m)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 990
Tre korte nedkøyringar frå Såta. Fint pudder ned heile "henget", men det har vore plussgrader heilt opp til 650 moh. tidlegare i dag.

 

TYSDAG 15. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse)
Fjell: Såta (933m)
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 430
Guttorm, Martin, Øyvind og eg. Første turen på Såta i år. Veldig bra, sjølv om sålen under alt pudderet er litt mangelfull nederst.

0115 2

0115 2

(Foto: Martin Hindenes)

 

MÅNDAG 14. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Stad: Mellom utforløypa og Bodegaen
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 820
Even og eg. Fantastiske pudderforhold! Tre gonger ned. Even krasja med ei rype i toppfart (Even hadde toppfart, ikkje rypa...). Håpar ho overlevde. Han har no eit avtrykk av nebbet rett over navlen.

0114 2

0114 2

 

SUNDAG 13. JANUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Slettafjellet frå Bavallen
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: ca. 620
Martin, Bjarte, Brynjulv, Taro og eg.
Endeleg - puddersesongen er i gang! Ikkje voldsomme mengder sjølvsagt, men nok til å få den gode følelsen .

 

LAURDAG 12. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Lønahorgi (1410m) frå Tråstølen
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: ca. 950
Bjarte, Brynjulv og eg. Verken føre eller sikt var optimalt i dag, men heldigvis var det komme 5 cm. pudder oppå is-skaren, så det gjekk unna ned att likevel. 

20190112 132353

(Foto: Brynjulv Eide)

 

FREDAG 11. JANUAR
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1 time
Akk. høgdemeter: ca. 250
Stad: Mølster - Raugstad

 

ONSDAG 9. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 1 time
Akk. høgdemeter: 520
Stad: Bavallstoppen frå Bavallen
Bjarte, Brynjulv, Taro og eg.

 

28. DESEMBER - 8. JANUAR

Årets siste Kilimanjaro-tur går opp den lite brukte Rongai-ruta på nordsida av fjellet. Følg med oss på dagboka

P1080060

P1080060

P1080060

P1080060

P1080060

P1080060

P1080060

P1080060

P1080060

P1080060

P1080060

P1080060

P1080060

P1080060

P1080060

P1080060

P1080060

P1080060

P1080060

P1080060