TRENINGSBLOGG SEPTEMBER 2019

 

LAURDAG 21. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) og stispringing
Totaltid: 3t 55min
Akk. høgdemeter: 1084
Kombitur med stisykkel og joggesko. Sykkel så langt opp det gjekk frå Interlaken, og deretter stispringing vidare opp til Harderkulm, med fantastisk utsikt ned mot Interlaken og 4000-metringane i Aletsch-massivet. Vidare på ryggen til Wannichnubel. Flott stisykling ned att til Interlaken.

0921 3

0921 3

0921 2

 

FREDAG 20. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 7 timar
Akk. høgdemeter: 1717
Frå Interlaken opp til Lauterbrunnen, og vidare opp til Wengen - ein veglaus "by" langt oppe i den stupbratte fjellsida. Ein opp mot 32% (...) bratt "sti" fører dei nesten 500 høgdemetrane opp. Vidare  opp til Kleine Scheidegg (2061m) via nokre av dei mest berømte stadene på World Cup-utforløypa som har målgang i Wengen. Blant anna punktet der dei passerer i over 100km/t gjennom den ni meter breie åpninga under jernebanebrua. Frå Kleine Scheidegg  er det fantastisk utsikt mot den sagnomsuste nordveggen av Eiger (3970m), samt 4000-metringane Mönch (4107m) og Jungfrau (4158m). Ned att til Wengen på artig og til dels teknisk sti.

0920 6

0920 6

0920 6

0920 6

0920 6

 

TORSDAG 19. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 1460
Inspirert av trekkfuglen har eg som vanleg på denne årstida flytta sørover. Grindelwald-området skal utforskast nærmare. Eg har vore her før, blant anna på skitur med ein kompisgjeng for ein del år sidan. Men denne gongen skal eg oppleve sommar bli til haust - og nesten vinter - i denne fantastiske delen av Alpane. Starta med ein fin ettermiddagstur frå Interlaken opp til Hintisberg i fjellsida over Grindelwald.

0919 3

0919 3

0919 3

 

SUNDAG 15. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: Bømoen og Prestegardsmoen
Flom, høljeregn og vind. I dag var det så gale at det nesten begynner å bli komisk! Men så lenge ein har riktig bekledning på seg så går det fint.

 

FREDAG 13. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 650
Bjarte og eg. Nokre rundar i Bømoen og ein tur opp nyevegen til Tverrberg og inn Budalen. Kontinuerleg regn i dag også. Full høgtrykksvask av både sykkel og syklist etterpå.

 

TORSDAG 12. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: 177
Rune, Martin og eg trossa regnet og fekk ei fin men fuktig økt i Bømoen. 

 

TYSDAG 10. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 1288
Bjarte og eg. Inn Dyrvedalen til Dale, så opp mot Skjeldal og på skogsvegen som går over til Nesthus. Til slutt inn vestsida av Bordalen og heim att austsida. 

 

SUNDAG 8. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 987
Bjarte og eg. Gjennom Bømoen, inn Raundalen og opp til Vatnaset. Opp skogsvegen på vestsida av elva, og så eit lite stykke på sti over til kjerrevegen som går ned att på austsida.

0908 Vatnaset

(Foto: Bjarte Vethe)

 

LAURDAG 7. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 1313
Frå Stalheim inn Brekkedalen over Tverraldskaret og inn Fresvikjordalen. Ned i Nærøydalen og opp Stalheimskleiva på returen.

 

FREDAG 6. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 830
Frå Øvre Eidfjord inn Hjølmadalen til Hjølmo, og opp hårnålssvingane til Berastøldalen.

 

TORSDAG 5. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100) 
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 890
Frå Gol opp over Skaraåsen og mot Syningen. Via Rotneim ned att. Mest grusveg, men også litt sti.

 

TYSDAG 3. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 1t 33min
Akk. høgdemeter: 522
Brynjulv og eg. På sørsida av vatnet og deretter på skogsvegen som går opp frå Nesthus mot Skjeldal. Ned att asfalten.

 

MÅNDAG 2. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 5t 15min
Akk. høgdemeter: 1926
Rute: Rallavegen Flåm - Finse - Flåm
Kjølig haustluft i høgfjellet i dag. Fekk haustens første snøflak på meg, men unngjekk heldigvis nedbør å snakke om.

0902 Rallarvegen 2

0902 Rallarvegen 2

0902 Rallarvegen 4

Dei lokale inspiserer no sykkel og utstyr grundig før du får lov å sykle Rallarvegen

0902 Rallarvegen 4