Aconcagua - min høgaste ekspedisjon


Dette blir ein ekte ekspedisjon i ordets rette forstand. Sjølv om det ikkje er klatring for å nå toppen av Aconcagua, blir det likevel ein seriøs fysisk utfordring. Me gjennomfører denne ekspedisjonen på samme måte som ekspedisjonar til dei store 8000-metringane i Himalaya. Aconcagua er nesten 7000 meter høgt, og dermed det høgaste fjellet i verda utanfor Himalaya.

Me traverserer fjellet på denne ekspedisjonen. Me går inn Vacasruta, som er ei fantastisk flott rute, og den gir også optimal akklimatisering. Frå Vacasruta ser Aconcagua ut som eit fjell i Himalaya! Etter toppstøtet går me ut Horoconesruta som er normalruta på Aconcagua.

Me tar med oss kokk og hjelpararar opp til Base Camp slik at me får slappa av mellom slaga høgare oppe på fjellet. Me har også med oss lokale guidar, og nokre få bærarar som hjelper oss med å bæra telt og fellesutstyr vidare oppover fjellet. Du kan også leiga din personlege bærar.

Dette vert tøft fysisk - men til gjengjeld er gleda etter å ha klart det ubeskriveleg.

NB!  Viktig å melde seg på tidleg - f.o.m. 2024 er det kr. 1000 i rabatt ved tidleg påmelding! Les meir

 

Reisemål   Aconcagua
Land   Argentina
Max. høgde   6962 moh.
Antall dagar   24  (ca. 15-17 netter i telt)
Datoar   Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus
Min. antal   8
Max antal   14
Påmelding   Sjå påmeldingsskjema

Påmeldingsfrist

 

Ingen konkret påmeldingsfrist, men eg anbefaler tidleg påmelding. Ved sein påmelding kan det bli eit tillegg for flybilletten. F.o.m. 2024 er det kr. 1000 i rabatt ved tidleg påmelding! Les meir

Pris 2024   71 900   (inkl. bærarar til fellesutstyr)
Pris 2025   75 900   (inkl. bærarar til fellesutstyr)  (+ evt. tilslutning)
    NB! 1000 i rabatt ved tidleg påmelding

Eg kan arrangere alle mine turar som lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.

 

Prisen inkluderer

  • Fly tur/retur frå Gardermoen (tilslutningsavgift frå andre flyplassar f.o.m. 2025)
  • Alle overnattingar på hotell i Mendoza og lodge Puente del Inca i følge ordinært program
  • Bærarar til telt og fellesutstyr oppover fjellet (dette er ikkje inkludert hjå dei fleste andre firma, du bærer kun ditt eige utstyr og maten din sjølv)
  • Muldyrtransport av utstyr til og frå Base Camp 
  • Spisetelt og kokk i Base Camp
  • All lokaltransport i Argentina
  • Alle måltid på fjellet
  • Norsk ekspedisjonsleiar

 

PRISEN INKLUDERER IKKJE

  • F.o.m. 2025: Evt. tilslutning til Gardermoen
  • Tillatelser og parkavgifter (970 dollar)
  • Tips til lokale hjelparar/ guidar/ kokkar (ca. 100-120 dollar)
  • Lunsjar og middagar i Buenos Aires (evt. Santiago) og Mendoza
  • Drikkevarer
  • Sjokolade, kjeks og snacks på fjellet (viktig å ha med det du likar best sjølv)
  • Evt. overnattingar på hotell i Mendoza utover ei natt etter fjellturen (dersom me ikkje brukar reservedagane på fjellet)
  • Evt. enkeltrom
  • Evt. personleg bærar (slik at du aldri bærer meir enn ein lett dagstursekk)

 

TRANSPORT

Me flyr til Buenos Aires (evt. Santiago) og deretter vidare til Mendoza. Frå Mendoza blir det privatbuss til Puente del Inca og Punta de Vacas. Me brukar muldyr til å transportera utstyr inn til Base Camp mens me sjølv går med lette dagstursekkar. Dette tar tre dagar.

 

OVERNATTING

I Mendoza bur me på eit bra hotell. I Puente del Inca bur me på eit "vandrehjem" av enklare standard (2-6 personar på kvart rom). I Base Camp og høgare oppe på fjellet bur me 2 personar i kvart 3-manns telt (North Face VE25 eller tilsvarande).

 

Mat

Me har med eigne kokkar som lagar maten vår i Base Camp. I leirane høgare oppe på fjellet lagar guidane våre enkel mat, og me må kanskje vera med å bidra litt sjølv også.

 

FYSISK FORUTSETNING

Dette vert ein ekspedisjon i ordets rette betydning. Det er heilt klart "ein divisjon opp" i forhold til f.eks. Kilimanjaro. Du må vera godt trent og ha stor viljestyrke for å nå toppen av Aconcagua. Det er ein stor fordel om du har erfaring frå andre høge fjell, f.eks. Kilimanjaro. Men dette er ikkje eit absolutt krav. Likar du å setta deg eit mål å trena mot kan dette vera målet som ligg langt der framme. Eg hjelper deg gjerne med treningsråd.

Du bør også ha litt erfaring med å sove i telt, og vite litt om korleis du skal takle kulde og vind. Det er kun høgt oppe på fjellet at me kan få slike forhold - i Base Camp går me ofte i t-skjorte.

Muldyr bærer utstyret ditt inn til Base Camp. Du bærer ditt eige utstyr over Base Camp, men me har med bærarar som tar seg av telt og ein del fellesutstyr. Dermed vert ryggsekken betrakteleg lettare enn dersom me hadde bært dette sjølv. Du må bæra det meste av maten sjølv, ca. 6-7 kilo. Både til Camp 1, Camp 2 og Camp 3 går me to gonger i løpet av turen, så det er mogeleg å fordela vekta på to turar. Det er også mogeleg å leige sin eigen personlege bærar, evt. at to deltakarar deler på ein bærar. Eg anbefaler det, i alle fall høgt på fjellet. Dette kostar imidlertid ein del på dette fjellet, du vil få all informasjon om dette. 

Aconcagua er ikkje eit vanskeleg fjell teknisk, det er ingen klatring. Men det er bratt og til dels litt krevande terreng heilt øverst, i den såkalla Canaletaen. Å bestige Aconcagua skal gå bra også dersom du er litt redd for høgder, men dersom du har ekstrem høgdeskrekk bør du kanskje ikkje prøva deg på dette fjellet.

 

INFORMASJONSMØTE

Når du melder deg på vil du motta detaljert utstyrsliste og praktisk informasjon, og etter kvart som det nærmar seg vil du motta endå meir detaljert informasjon om turen. Du vil også bli invitert til eit informasjonsmøte som eg arrangerer i løpet av hausten. På dette møtet går eg detaljert gjennom alle praktiske sider av turen, og det vert anledning til å stilla spørsmål som du måtte ha. Det er sjølvsagt ikkje obligatorisk å komma på dette møtet, du vil få tilsendt all informasjon skriftleg.

  • Dag 1

    Dag 1

    Me legg i veg over Atlanterhavet, enten mot Buenos Aires i Argentina eller Santiago i Chile.
  • Dag 2

    Dag 2

    Me flyr vidare til Mendoza ved foten av Andesfjella. Mendoza og området rundt er kjent for landbruksprodukt av svært høg kvalitet - "verdas beste biff" og nydeleg raudvin er obligatorisk før det lange og litt meir primitive opphaldet i fjellet.
  • Dag 3

    Dag 3

    Me ordnar permiten (tillatelsen) som me treng for å bestige Aconcagua, og me gjer dei siste innkjøpa. Og me et meir biff...
  • Dag 4

    Dag 4

    I dag startar eventyret for alvor! Me tar buss nokre timar inn i Andesfjella, til ein enkel lodge som ligg ca. 2725 moh. Her skal me vera eit par dagar for å få best mogeleg start på akklimatiseringa.
  • Dag 5

    Dag 5

    Med base på lodgen i Puente del Inca tar me vår første akklimatiseringstur. Det gjeld å vera litt forsiktig i starten, så me går sannsynlegvis ikkje så veldig mange høgdemeter i dag. Men likevel får me vårt første inntrykk av dei fantastiske Andesfjella.
  • Dag 6

    Dag 6

    I dag vinkar me farvel til hytta og startar vandreturen inn til Base Camp. Tre dagar skal me bruka på dette. Første etappe går frå Punta de Vacas (2400 moh.) til Pampa de Lenas (2900 moh.).
  • Dag 7

    Dag 7

    Me går vidare frå Pampa de Lenas til Casa de Piedra (3300 moh.). Vandringa innover den spektakulære Vacas-dalen gir mange flotte naturopplevelsar. Terrenget endrar seg dess nærmare Aconcagua me kjem, og dersom me er heldige ser me både condor og guanaco - ein variant av lamaen som lever vilt i fjellet.
  • Dag 8

    Dag 8

    Etter ein fantastisk dag der me går rett mot Aconcagua heile tida, er me framme i Plaza Argentina Base Camp (4200 moh.). Der blir me møtt av kokken vår som ordnar med fantastisk mat for oss så lenge me er i Base Camp.
  • Dag 9

    Dag 9

    Ein viktig del av det å bestige store fjell er å kvile. Dagen i dag er derfor satt av til å slappe av og restituere. Dersom det ikkje er vind kan me faktisk ta liggeunderlaget ut av teltet og sole oss - temperaturen kan vera høg også 4200 moh. Men me tar sikkert ein roleg rusletur i nærområdet, berre for å halda kroppen i gang og sjå på dei fantastiske omgivelsane her ved foten av det høgaste fjellet i verda utanfor Himalaya.
  • Dag 10

    Dag 10

    I dag startar me "arbeidet" på fjellet for alvor. Utstyr skal fraktast opp til Camp 1 (5000 moh.). Det blir ein tøff dag, men sidan me har lagt opp programmet slik at me alltid får ein bæredag opp til ny leir før me skal sova der første gongen, kan me fordele børa på to bæredagar. Me har også bærarar som tar seg av fellesutstyr som telt og kokeutstyr. Dermed blir ikkje ryggsekken så tung som den ellers ville ha blitt.
  • Dag 11

    Dag 11

    Etter ein tøff dag i går prøver me å slappe av mest mogeleg i dag. Å bestige høge fjell er ein herleg kontrast mellom knalltøffe dagar og kviledagar der me gjer minst mogeleg. I dag pakkar me også den store bagen med alt me ikkje treng å ta med oss oppover på fjellet, så blir det transportert av muldyr rundt fjellet og vil vera i Base Camp på den andre sida når me kjem ned att normalruta etter toppstøtet.
  • Dag 12

    Dag 12

    I dag flyttar me opp på fjellet "for godt" og planen er no å ikkje returnere ned att før me har vore på toppen. Etappen opp til Camp 1 går no betrakteleg lettare for dei fleste sidan me er betre akklimatisert enn forrige gong.
  • Dag 13

    Dag 13

    Det er viktig å kvile også høgt på fjellet. Kanskje ruslar me ein tur opp til "skaret" på 5300 moh. for å nyte utsikta. Men det går sakte, i dag skal me først og fremst samle krefter.
  • Dag 14

    Dag 14

    Me bærer utstyr til Camp 2 (5500 moh.). Utsikta ut over resten av Andesfjella blir flottare og flottare dess høgare me kjem, og me ser etter kvart meir ned på dei andre fjella enn bort...
  • Dag 15

    Dag 15

    Me kviler igjen.
  • Dag 16

    Dag 16

    Me flyttar opp til Camp 2 (5500 moh.) og forberedelsane for toppstøtet er i gang for alvor.
  • Dag 17

    Dag 17

    I dag er det i utgangspunktet kviledag i Camp 2, men dersom værmeldingane tilseier det kan det hende me flyttar til Camp 3 i dag slik at me kan gjennomføra toppstøtet i morgon.
  • Dag 18

    Dag 18

    Me tar den siste etappen før toppstøtet og flyttar leiren opp til Camp 3 (6000 moh.).
  • Dag 19

    Dag 19

    I dag skal det skje - toppstøtet på Sør-Amerikas høgaste fjell. Me startar før soloppgang og går sakte men sikkert oppover mot 6962 moh. I det me når toppen er utsikta formidabel og opplevelsen nesten litt utanomjordisk.
  • Dag 20

    Dag 20

    Reservedag. Værmeldingane vil avgjera kva dag me går mot toppen.
  • Dag 21

    Dag 21

    Frå den øverste leiren går me heilt ned att til Base Camp. Men ikkje den samme Base Campen som me gjekk frå... På denne turen traverserer me altså fjellet, dvs. at me går ned ei anna rute enn den me gjekk opp. Me kjem derfor ned til Plaza de Mulas (4400 moh.) i Horoconesdalen, på vestsida av Aconcagua. Dette gjer turen ekstra spennande, det er ein ekstra bonus å få sjå fjellet frå alle sider.
  • Dag 22

    Dag 22

    Siste etappe går ut Horoconesdalen til Puente del Inca (2800 moh.). Dette er ein lang etappe. Men det går nedover heile tida, og utsikta til fjella rundt (og til ein etterlengta dusj) gjer at ein er nede att i sivilisasjonen før ein veit ordet av det. Buss frå Puente del Inca til Mendoza der feiringa kan starte.
  • Dag 23

    Dag 23

    Me får nyta det Mendoza kan tilby fram til ettermiddagen då me drar til flyplassen for å starte turen heimover.

    NB! Dersom været er bra og me ikkje har brukt reservedagen på fjellet, vil me ha ein dag ekstra til å kose oss i Mendoza.
  • Dag 24

    Dag 24

    Ankomst Norge. Eventyret er over.

    NB! Eg tek atterhald om endringar i dagsprogrammet på grunn av værforhold, uforutsette hendingar og liknande.

rgf logo


Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.