Dag 2
Dagen startar med ein kort biltur vidare innover Jostedalen nesten til Fåbergsstølen, 500 moh. Skituren startar med å gå oppover dalen mot Fåbergstølsbreen, så følger ein denne breen eit stykke før ein går rett opp lia. Mange høgdemeter skal tilbakeleggast her, så ein tek det roleg og med mange pausar. Etter kvart flatar det meir og meir ut, men ikkje før ein er heilt oppe på nesten 1900 moh. begynnar det å gå nedover igjen. Ein er no på toppen av sjølve Jostedalsbreen, og den lange turen sørvestover kan starte. Terrenget er no eit heilt anna enn tidlegare på dagen, no er det veldig slakke nedoverbakkar og tilsvarande slakke motbakkar på den enorme brekappa. Dersom vær og forhold ellers tillater det, kan ein også forsøka seg på Brenibba (2017 moh.) denne dagen. Etter ein begivenheitsrik og slitsom dag er det utruleg godt å ta av seg skiene i ”Himmelleiren”. Sannsynlegvis er det ingen i Noreg som overnattar høgare enn deg denne natta!
Dagsetappe: 7 - 10 timar (avhengig om ein går opp på Brenibba eller ikkje)
Terreng: Først slakk stigning innover dalen, så bratt rett opp før det igjen flatar ut. Totalt 1400 meter stigning, litt meir for dei som evt. går bort på Brenibba.