DAGBOK INKA TRAIL  1. - 16. OKTOBER 2022

 
KLAR FOR INKA TRAIL!

Heile 32 ville vera med til Peru og Inka Trail i haust! Sidan maksimal gruppestørrelse er 20 på denne turen, delte me gruppa i to paralelle grupper - den eine leda av Tito og den andre av Giscard. Dagsprogrammet vil altså vera heilt identisk, men dei har separat opplegg undervegs. Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

Cecilie, Børje, Birgitte, Idar, Elin, Reidar, Bjørn, Ragnar, Dagny, Inger Karin, Terje Ragnar, Rebekka, Jonas, Vilde, Magnus, Silje og Birgitte utgjer gruppa til Tito.

Jorunn, Bjørn Erik, Hilde, Øystein, Torill, Odd, Siri, Jan Kåre, Evy-Ann, Sven Magnus, Anja, Alina Cecilie, Anne Elaine, Marianne og Reidar utgjer gruppa til Giscard.

Peru er kontrastanes land. Dei skal blant anna gå Inka Trail fram til Machu Picchu, besøka dei flytande øyane på Titicaca-sjøen, gå på oppdagingsferd i Amazonas-jungelen, oppleva Nazca-ørkenen og dra på ein heilt spesiell båttur rundt Ballestas-øyane.

På laurdag setter dei seg på flyet i retning Lima. På denne sida legg me ut bilete og oppdateringar undervegs.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka.


inkatrail 03

inkatrail 03

inkatrail 03