DAGBOK KILIMANJARO 1. AUGUST 2008

 

SJÅ BILETE FRÅ TUREN NEDERST PÅ SIDA

Les Asle Hindenes sitt reisebrev frå turen.

Torsdag 14. August
Etter ein flott safari i Lake Manyara på mandag, der me blant anna såg ei flott hannløve på svært nær hold, reiste halvparten av gjengen til Zanzibar. Resten reiste heim igjen til våte og kjølige Vestlandet. No skal inntrykka fordøyast, enten ein ligg på ei strand i Zanzibar eller ein er tilbake i kvardagen heime. Turen var ein stor suksess, og me snakkar alt no om å arrangere ein liknande tur til Svalbard og Machu Picchu i løpet av dei neste par åra. Tusen takk til alle deltakarane som var med å gjorde dette til ein kjempeflott tur! Takk også til Øyvind som hjelpte meg med oppdateringa av websida.

Søndag 10. August
I dag har me vore i Tarangire nasjonalpark. Høgdepunktet var leoparden som kvilte høgt oppe i eit tre. Ellers har me sett det meste av Afrikas ville dyr. I morgo skal me oppleve Lake Manjara, ein annan av dei verdenskjente nasjomalparkane i området. Men no er me på veg til barbeque på vår super-eksotiske safarilodge.

Lørdag 9. August
Kom ned til Mweka gate (1700m) kl. 1130 i dag, og dermed er nok ein strålande Kilimanjaro-ekspedisjon over. Her blir me henta med buss som fraktar oss tilbake til det koselige hotellet vårt. Alle gledar seg no til eksotisk safari dei neste par dagane. Men det alle gledar seg mest til akkurat no er ein kald dusj og kald drikke ved bassengkanten. I kveld drar me inn til Moshi og dersom denne gjengen er like flink til å feste som dei er til å gå i fjellet så blir det ein bra kveld.

Fredag 8. August
16 av 17 på Uhuru Peak kl. 0520 norsk tid. Fantastisk innsats av gjengen. Dette skal feirast!

Torsdag 7. August
Me er no i Kosovo camp (4880m) der me ligg og ladar opp før nattas toppstøt. Me startar ca. ved midnatt og reknar med å stå på toppen rundt kl. 0600 norsk tid. Akklimatiseringa er fullført, alle er friske og været ser lovande ut. Moralen er igjen på topp etter at eg lova ein solid dose medisin til alle som når 5895. Dette går til topps!

Onsdag 6. August
Kosar oss i sola i Karanga camp (4040m) etter ein kort men flott etappe. No nærmar det seg toppstøtet og i natt blir den siste sjansen til å få ei full natts søvn. Alle er friske og fine no, men eit par fekk føla litt på mild høgdesjuke i starten av dagens etappe. Vurderer å kutte medisineringa (Løitens Akevitt) som straff, etter at nokon hadde gøymt alle eksemplara av Twist-favorittbiten min i går.

Tirsdag 5. August
Etter 7,5 times gange er me nå i Barranco camp (3970m). Dei fleste var med opp på Lava Tower (4697m), ein fin liten utfordring for dei som liker tinderangling. Fortsatt er alle friske og fine, dette ser lovande ut!

Mandag 4. August
Alle i Shira Camp (3848moh) etter ein flott etappe der me etterkvart kom ut av jungelen og over tregrensa. Alle er fortsatt friske og det er eit godt tegn, det er ofte i denne leiren at nokre kjenner litt på høgdesjuken. Regn i natt, men fint vær idag. Litt tåke av og til men no lettar det og me ser toppen vav Kilimanjaro som tronar bak leiren

Søndag 3. August
Idag starta me på vår veg mot toppen av Afrikas høaste fjell. Me ankom Machame camp (3050moh) etter litt over 5 timers marsj gjennom regnskogen. Nå ligg me heilt i øvre del av jungelen, og morgendagens marsj vil bringa oss heilt opp i goldt og fascinerande lava-landskap. Alle er friske og fine, og imponerte meg stort med fart og innsatsvilje idag. Dette er ein fjellvant gjeng!

LOERDAG 2. AUGUST
Me kom til Moshi i gaar kveld. I dag har me pakka utstyr, slappa av ved bassenget og snust inn litt av den heilt spesielle atmosfaeren i landsbyen Moshi som ligg ved foten av fjellet. Alle er friske og gledar seg stort til aa starte vandringa mot toppen i morgo. Alle helser heim til familie og venner.

____________________________________________________________________________

Fredag 1. august drar ein stor gjeng med spente medlemmer av Nordhordaland Turlag i retning Afrika. Det er 16 deltakarar + meg som ekspedisjonsledar.

Det vert oppdateringar på denne sida med jevne mellomrom under bestigninga. Kanskje annakvar dag i starten, men oftare når me nærmar oss toppstøtet. Dette er sjølvsagt avhengig av at teknikken står oss bi, så det er ingen garanti...