DAGBOK SVALBARD SKITUR 1. - 9. MAI 2016

 

Sjå nokre av Knuts blinkskot frå turen (dagboka finn du under bileta):

IMG 0165 copy

IMG 0175

IMG 0176

IMG 0177

IMG 0181

IMG 0186

IMG 0201

IMG 0202

IMG 0224

IMG 0225

IMG 0227

IMG 0241

 

SUNDAG 8. MAI

I dag kom gjengen attende til Longyearbyen etter å ha gått den siste etappen frå leiren ved Bolterskaret ned til bilvegen som går til gruve 7. Eit besøk i isgrotta stod også på programmet. Turen ned i desse "underbreiske" gangane kjem som ein overraskelse på dei fleste - at det faktisk går an å ferdast også under den enorme iskappa. Dei "inntørka" elvetunellane er ein opplevelse ein ikkje gløymer så lett. Knut sendte meg eit par bilete no når dei kom ned til sivilisasjonen igjen, det eine frå toppturen i går - det andre frå "ølsmakinga" av brygget frå det lokale bryggeriet no i kveld... Sjekk innom her i løpet av ein dag eller to så får me forhåpentlegvis lagt inn fleire bilete frå turen.

IMG 1164

IMG 1177

 

LAURDAG 7. MAI

I natt låg leiren ved det vesle vatnet i Bolterskaret, og der blir dei liggande også neste natt. I dag skal dei nemleg på topptur. Dei går oppover Dalburgbreen og prøver å nå ein av toppane som ligg aust for leiren. Og det blir besøk i ei isgrotte under breen ikkje så langt frå breen. Ein mektig opplevelse som nok kjem som ein overraskelse på dei fleste. Været i går var heilt ok, med høge skyer men med solgløtt innimellom. Stort sett vindstille i dag, men dei kjem kanskje til å merka litt vind når dei kjem opp i høgda.

Svalbard skitur 23

 (Bilete frå ein tidlegare tur)

 

tORSDAG 5. MAI

I går tok skodda ein pause og dei hadde ein flott dag over bremassivet til Bergmesterbreen. I dag tidleg var telta dekka av eit lag med nysnø. Marsjen i dag starta med bra vær, men i kveld kom dei ned i Reindalen og her kom tåka tilbake. Litt vind er det også, men ikkje verre enn at det går bra. Om natta byter dei på å gå bjørnevakt. Det er ikkje så mange plassar i verda ein må det, men her er det viktig. Sjansen er rett nok svært liten for at ein bamse tar turen opp på dei store breane, men ein skal aldri sei aldri. Turledarane har med både våpen og signalpistolar dersom det skulle bli nødvendig. Me håpar alltid at deltakarane på våre turar får sjå bamsen, men helst på god avstand :)

 Svalbard skitur 17

(Bilete frå ein tidlegare tur)

 

tysDAG 3. MAI

Jakob ringte frå satellitt-telefonen i kveld. Dei er no ved Pjalten oppe på bremassivet. Dagen var prega av white-out, dvs. tett skodde, men heldigvis ikkje noko særleg vind. Været for dei neste dagane ser heldigvis betre ut, og i morgon får dei nok sjå mange av dei imponerande nunatakkane som stikk opp av breen. I kveld har dei hatt diverse konkurransar, blant anna kven som kunne bygga det høgaste snøtårnet...  

 

MÅNDAG 2. MAI

I går kveld var det velkomstmiddag i Longyearbyen, og gjengen fekk sitt første møte med både kvarandre og med turledarane. I dag har dei øvd på å sette opp telt, bruke kokeutstyret og dei har pakka pulkane ferdig. I ettermiddag har dei starta å gå innover Adventdalen og no i 18:00-tida svingar dei inn Janssondalen. Knut og Jakob har sendt meg eit par bilete, dei har fortsatt mobildekning der dei er no. Knut klagar over høg temperatur og stor sveitteproduksjon - ein uvant problemstlling på Svalbard på denne tida av året...

 IMG 1156s

IMG 1156

 

sesongens andre svalbard skitur er snart i gang!

Ei ny stor gruppe legg snart av gårde på ein lang skiturar i den arktiske villmarka på Svalbard. Mona, Linda, Marianne, Gudveig, Marta, Herbjørg, Eli, Liv Sylvi, Marius, Henning, Heidi, Helge, Aashild og Mildrid er nok akkurat no veldig spente på kva som ventar dei. Værmeldingane ser bra ut og alle detaljar ang. logistikk og organisering er på plass. Turledarane Knut Horvei, Jakob Sørbotten og Morten Tobias Rostille kan nesten ikkje venta med å vise fram den fantastiske naturen som dette området kan by på.

Sundag 1. mai møtes dei i Longyearbyen. Etter litt forberedelsar og øving på diverse rutinar som oppsetting av telt og bruk av bensinbrennar (kokeutstyr) legger dei i veg med pulkane på slep måndag ettermiddag. Me kjem til å oppdatera denne dagboka etter kvart som turen skrider fram. Det vert kanskje ikkje oppdatering kvar dag, men me skal prøva å halda familie og vennar informert om kor fint gjengen har det på tur.

Les alt om turen og dagsprogrammet.

Legg gjerne igjen ei helsing til nokon du kjenner i gjesteboka.

Følg gjerne med på dette topografiske kartet over Svalbard. Dei går i det store bremassivet som ligg eit par mil søraust for Longyearbyen.

Sjå det spektakulære webkameraet som står i Longyearbyen. Første døgnet med midnattssol var 19. april, dvs. at det no er sol på toppane sjølv om du går inn og ser midt på natta.

 Svalbard skitur

(Bilete frå ein tidlegare tur)