DAGBOK ATLASFJELLA  1. - 14. OKTOBER 2022

 
STOR GRUPPE KLAR FOR ATLASFJELLA!

Mette, Willi, Hege, Gudrun, Signe, Sunniva, Sonja, Ann-Kristin, Steingrim, Irene, Norvald, Anne Grethe, Anita, Mia, Jens Petter, Eva, Terje og Wenche har no forhåpentlegvis fått lukka bagane og er klar for det Marokkanske eventyret.

Turledar Brynjulv Eide skal saman med våre lokale guidar Mohamed og Houssain leda gjengen gjennom Atlasfjella mot Jebel Toubkal (4167m), det høgaste fjellet i Nord-Afrika.  Dei går først gjennom områder med små landsbyar der dei driv med geit og jordbruk, mens dei etter kvart kjem opp i dei meir alpine delane av Atlasfjella, der dei aller høgaste toppane ligg.

Dei skal også utforska eksotiske Marrakech som er kjent blant anna for den yrande marknadsplassen Djemaa El-Fna. Etter fjellturen reiser fleire av dei til kystbyen Essaouira som er kjent for si flotte strand og den heilt spesielle atmosfæren i gamlebyen.

På denne sida legg me ut oppdateringar undervegs.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

atlasfjella 03

atlasfjella 03

atlasfjella 03