DAGBOK KILIMANJARO 11. FEBRUAR 2011

 

Sjå bilete frå turen nederst på denne sida...

TIRSDAG 22. FEBRUAR

I går var dei i Lake Manyara, ein av dei andre fantastiske nasjonalparkane i området. Ut på kvelden drog dei tilbake til Moshi, og dei som skulle heim igjen til norge satte seg på nattflyet via Dar es Salaam heim igjen. Snakka med Brynjulv og Elisabeth i det dei landa på Flesland i dag, dei var overraska over kor lite snø det var her heime... (dei hadde altså over halvmeteren på Kilimanjaro!) Men størstedelen av gjengen er no på veg til Langilangi Beach bungalows på Zanzibar, der dei skal nyta azurblått hav og krittkvite strender nokre dagar før dei er tilbake i gamlelandet. Fortjent!

SUNDAG 20. FEBRUAR

Brynjulv melder frå bassengkanten at dei har sett blant anna 13 løver i dag! Det er meir enn vanleg. Dei har sikkert også sett dei fleste andre dyra som Afrika har å by på. Ngorongoro er eit krater (kaldera) på 21 km. i diameter, med omtrent 25000 større pattedyr. Dette gjer Ngorongoro til ein av nasjonalparkane i Afrika med tettast dyrebestand. Her er det ingen risiko for at ein kjedar seg, nye eksotiske dyr dukkar opp rundt ein kvar sving. Det er kun giraffen av dei kjente afrikanske dyra som ikkje lever her. Den 600 meter høge kraterveggen er rett og slett for bratt og risikabel til at dei lange og grasiøse giraffane nokonsinne har tatt sjansen på å gå ned.

LØRDAG 19. FEBRUAR

Elisabeth har overtatt som referator:
Flott vær. Flott middag på Ameg i går. Kjempeflott faktisk! I dag sykkelsafari som resulterte i litt såre rumper og trøtte ben. Vi tok en øl på Migunga lodge sammen med blåballa apekatter (Jarles kommentar: "blue ball monkeys" er ein særprega apekatt-rase som har fått navnet sitt frå fargen på "stellet"...)Sykkelturen resulterte også i sprettrumper hos de blonde tøttene, akkurat som de afrikanske har :) Vi har sett gnu, gaselle, bøffel, flamingo, hund, katt, geit, død sebra... I kveld middag på Kudu. Fantastisk plass! Beste ferien vi kan ha!
(Jarles kommentar: I dag var dei altså på sykkelsafari. I morgo er det safari i det verdensberømte Ngorongoro-krateret, kanskje den aller mest fantastiske staden å nyte ein safari i Afrika...)

FREDAG 18. FEBRUAR

Melding frå Elisabeth:
Sitter nå ved basengkanten og drikker Kilimanjaro-øl. Strålende fornøyd gjeng :) Middag blir klokka åtte med utdeling av diplom. Turen ned gikk veldig bra. God lunsj med pizza og tikka masala i Moshi. Godt med en varm dusj og stol med rygg etter teltliv og camping-krakk...

TORSDAG 17. FEBRUAR

ALLE PÅ TOPPEN!!!!
Til tross for knalltøffe forhold klarte likevel alle å nå toppen av Kilimanjaro grytidleg i dag. Været var til ein forandring nydeleg, men dei måtte slite seg fram i opp til ein halvmeter med snø. Kjempeprestasjon!

Kl. 1200
Brynjulv melder om stor feiring i Barafu. I tillegg til at alle nådde toppen, viser det seg at Johanne har bursdag i dag også... Litt av ein dobbeltfeiring! Håpar dei held litt igjen for dei skal gå 1000 høgdemeter vidare nedover seinare i dag.

Kl. 1600
Dei er no komne ned til Millenium Camp på ca. 3700 meter. Det er heilt sikkert ein sliten og trøtt gjeng som no berre ønsker å sova heilt fram til morgondagen. Det vart sjølvsagt regn også i dag, etter kvart som dei kom lågare på fjellet. Det er ein stor syklon som ligg utanfor austkysten av Afrika som er årsaken til det dårlege været dei har hatt. Heilt uvanleg til å vera i dette området. Og desto meir imponerande at absolutt alle kom seg opp til toppen. I morgo er det berre 4-5 timars vandring før dei er nede igjen. Dusj og kald drikke er kanskje det dei ser mest fram til akkurat no...

ONSDAG 16. FEBRUAR

Kl. 0900
Gjengen er svært uheldig med været! I dag tidleg trudde eg nesten ikkje det eg høyrte då Brynjulv meldte at dei rett og slett låg værfast i Karanga... Snø, sludd, kraftig vind og nesten ingen sikt. Dette er ein leir på 4000 meter, og her har i alle fall aldri eg opplevd snø og vind før. Dei avventar no litt i denne leiren i håp om at været blir betre i løpet av dagen. Kanskje eg må føra opp ski på utstyrslista i framtida... Oppdatering følger så snart eg får info frå Brynjulv.
Kl. 1400
Været har letta litt, og dei er no komne fram til Barafu, leiren der toppstøtet forhåpentlegvis vil starta frå i natt. Dei har gått i 20 cm. glatt nysnø, men vel framme i leiren skin sola og snøen smeltar fort. Om dei hadde vore ein dag tidlegare kunne dei ikkje ha gjennomført toppstøtet. Håpet er no at så mykje snø smeltar i løpet av ettermiddagen at det går bra i natt.

TIRSDAG 15. FEBRUAR

I dag var det ein kort etappe fram til Karanga Camp. Dette er den nest siste leiren før toppstøtet, og no begynner nok spenninga å stige hjå deltakarane. Dette blir den siste "normale" natta før toppstøtet, for allerede seint i morgo kveld startar dei på sin lange marsj mot toppunktet. Også natt til i dag regna det kraftig, og dei starta med regnklær. Men heldigvis vart det tørt og fint etterkvart som etappen vart tilbakelagt. Mykje nysnø høgt på fjellet, men det betyr ingenting for toppstøtet. Eigentleg berre litt artig å få gått den siste etappen i snø - omtrent på ekvator...

MANDAG 14. FEBRUAR

Lang og tung dag fram til Barranco Camp. Dette er den tøffaste dagsetappen dersom ein ser bort frå toppstøtet. Regnvêr i dag tidleg, men det var bra mens dei gjekk. Litt snø på bakken gjorde at dei ikkje gjekk opp på Lava Tower. Barranco er kanskje den flottaste leiren av alle på Kilimanjaro, der den ligg djupt nede i ein dramatisk dal, 2000 meter under dei hengande isbreene på toppen.

SØNDAG 13. FEBRUAR

Har i kveld fått oppdateringar på SMS både frå Brynjulv og "assistenguide" Elisabeth... Flott etappe opp til Shira Camp. Litt vind... men etter telta var komne opp vart det skikkeleg uvær med regn og kraftige vindkast. Alle er i fin form og Jondalsgjengen er imponert over kokken!

LØRDAG 12. FEBRUAR

Flyturen gjekk fint, og etter eit kort infomøte på hotellet i går kveld var det ei spent gruppe som kraup til sengs. I dag startar dei med den første dagsetappen på fjellet. 1200 høgdemeter frå Machame gate (1800m) til Machame camp (3000m). Været er bra og stemninga høg!
SMS frå Brynjulv lørdag kveld: Alle er i god form. Litt regn på første etappe gjennom jungelen. Svært god mat. I kveld såg dei toppen gjennom skyene - den føles nok forholdsvis nær, men den er fortsatt 3000 meter rett over dei...

ONSDAG 9. FEBRUAR

På fredag drar ei ny stor gruppe til Afrika for å oppleva det store eventyret. Dette er ein stor privattur, dei fleste deltakarane er frå frå Jondal i Hardanger. Dei skal først prøva seg på Kilimanjaro, deretter er det safari i Lake Manyara og dei fleste skal til Zanzibar etterpå. Jondølen Brynjulv Eide er reiseledar. Følg med her for oppdateringar undervegs.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

(Foto: Brynjulv Eide)