DAGBOK SVALBARD SKITUR 2013


Sjå bilete frå turen nederst på denne sida.

 

LØRAG 20. APRIL

Då er gjengen sannsynlegvis i gang med feiringa i Longyearbyen. Dei kom attende til sivilisasjonen i dag, og no har dei fått seg ein etterlengta varm dusj og middag servert på porselen! Dei har hatt strålande vær heile turen, men då dei køyrte buss tilbake til Longyearbyen skya det til. Snakk om timing...
- Jarle

 

FREDAG 19. APRIL

Fekk telefon frå Knut frå toppen av Buralltoppen (967 moh.) der gjengen akkurat no nyter ein heilt utruleg utsikt over Spitsbergen. Sola varmar godt og eg høyrde på latteren i bakgrunnen at stemninga er høg på toppen... Leiren ligg ved kanten av Ayerbreen i Bolterskaret og dei skal altså overnatte i samme leiren også i natt. I morgon er siste dagen, og dei får då ein lang nedoverbakke ned Bolterdalen til bilvegen i Adventdalen der dei blir henta.
- Jarle
(NB! For at ingen skal bli bekymra - det var ikkje vår gruppe som møtte isbjørnen som vart skoten på Svalbard i går kveld. Dette var to skiløparar som gjekk Svalbard på langs og episoden skjedde på austkysten heilt sør på Spitsbergen).

 

TORSDAG 18. APRIL

Knut ringte frå satellitt-telefonen og fortalte om høg stemning i gruppa og ein flott dag i dag. Finværet vil ingen ende ta. I lunsjen i dag hadde sola varma godt mens dei sat og åt, men no om kvelden synker temperaturen fort. I morgon satsar dei nok på ein topptur frå leiren og sannsynlegvis vil dei overnatte to netter på samme plassen.
- Jarle

 

ONSDAG 17. APRIL

Me har no leir midt i Reindalen. Flott vær men kald medvind. Bjørnespor observert rett attmed leiren i dag... Spennande for gjengen! For nokre av deltakarane vart det ein topptur frå leiren også i dag.
- Knut

 

MÅNDAG 15. APRIL

Snakka med Knut på satellitt-telefon seint i kveld og alt står bra til med gjengen. Dei har hatt ein fantastisk flott dagsetappe i eit nydeleg vær. Nokon tok etterpå ein liten kveldstur opp på toppen Pjalten (756m), der dei har ei fantastisk utsikt over den arktiske villmarka. Temperaturen er låg for årstida, men så lenge ein har kuldegrop i forteltet, varmeflaske i soveposen og ein del andre små triks er det ikkje noko problem. I dag åpna dei Svalbard-konjakken, den gir jo litt varme den også... Dei er no oppe på breplatået og sola skin heile døgnet. Dvs. den er bak fjella i nord nokre timar om natta, men dagslys er det heile natta.
- Jarle

 


Topptur opp på Pjalten! (Foto: Dag Thomassen)

 

SUNDAG 14. APRIL

Snakka akkurat med Knut, og dei er no godt i gang med sjølve skituren etter at dagen i dag stort sett har gått med til pakking og forberedelsar. Dei starta i 15-tida og går 2-3 timar fram til første leirplass ved Janssonhaugen, ca. 1 mil frå startpunktet. Været akkurat no er litt overskya og det har komme eit par cm. med nysnø, noko som gir perfekte forhold for pulk. Og værmeldingane ser veldig bra ut for dei neste dagane, kaldt og skyfritt. I kveld set dei opp sine eigne telt og lagar mat på brennarane i forteltet sitt - dette har dei øvd på tidlegare i dag. Du treng altså ikkje vera ekspert på vintercamping for å vera med på denne turen. Våre dyktige guidar gir deg den opplæringa du treng.
- Jarle

 

Ferske bilder frå Svalbard i ettermiddag... (Foto: Knut Horvei)

 


TORSDAG 11. APRIL

På lørdag startar årets ski-eventyr på Svalbard. Ei stor gruppe på 13 deltakarar leda av Knut, Anders og Vegard skal gå ein lang skitur i den arktiske villmarka. Unni, Dag, Torunn, Mette, Willi, Christian, Lisbeth, Trine, Marthe, Tom, Line, Eirik og Bente er nok veldig spente akkurat no kva som ventar dei. Værmeldingane ser bra ut, alle detaljar ang. logistikk og organisering er på plass og turledarane kan nesten ikkje venta med å starte... Følg med på denne sida framover. Eg legg ut oppdateringar når Knut ringer meg frå satellitt-telefonen.

 

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 


















(Foto: Knut Horvei)