DAGBOK KILIMANJARO 14. - 25. FEBRUAR 2017

 

MANDAG 27. FEBRUAR

Hej alla,

Nu är vi nästa hemma alla förutom Alf och Frank som ligger och latar sig i solen och tar en öl, avundsjuk ja.

Men så fantastiskt att bli mött på Arlanda av familjen. Då märkte man tydligt hur mycket man har saknat man och barn.

Det är svårt att berätta allt som har hänt för vi fick uppleva så mycket på dessa dagar. När jag började berätta utifrån mina 1500 kort tagna från mobilen så är det svårt att se att svensken frös ganska mycket. Än en gång tack Alf och Knut för kläderna som jag fick låna till toppnatten.

Idag vaknade jag lite tidigare och gick då in på NRK-play och såg Cecilia Skog när hon tog jäntorna upp på Kilimanjaro. Det jag tänkte på mest var deras stora och tjocka dunjackor, hur kunde jag packa så fel.

Vilken resa vi har gjort bestigit Afrikas högsta berg med allt vad det innebar, så duktigt jag känner mig nu. Sen att bara åka bilen igenom städer och landsbyar. Alla djur som försökte få i sig lite gräs länsvägen och de två olika parkerna som vi åkte igenom. Den första Tarangire, där det var riktigt torrt och jag såg tassen av en Leopard sen när den klättrade i trädet fick vi (chauffören) pratade med parkvakten om att vi stannat fel, dubbelparkering även här finns det regler. Andra dagen efter att ha sovit som en prinssessa i en riktigt prinsens säng och det tyckte både jag och Hege att det var. Fick vi en dag i Ngorongoro, helt fantastiskt! Grönt och fint och så mycket djur! Lejonen som låg på sidan av bilen. Alla flodhästarna som låg på varandra i deras Pool och den stackars gnun som försökte rädda sig från hyenan (jag hoppas den klarade sig). Inte att förglömma att dagen inledes med att vi såg en Leopard för andra gången. Apan som snabbare en blixten hoppade in i bilen och tog lunchpaketet. Sista dagen dvs resdagen var lika fullspäckad som en helt vanlig dag på denna resa. Cykel tur i Manyara, vist hette byn så? Efter nattens regn så var det riktigt lerigt och inte minst i baren, marknadsplatsen och på vägarna.

Visade bilderna från styckarens affär och både Nagamma och Basava (våra två barn) tyckte att nu kanske vi inte skulle äta så mycket kött. Grönsakerna som ser så fina ut blad stånden och ölen som såg mer läskig en god ut (banan öl blir nog ingen supersäljare). Bättre med ölen och chipsen som vi hade i bilarna som även var kalla då alla bilar hade kylskåp.

Idag söndag har jag tvättat ett par maskiner, den speciella lukten är med ända in i tvättstugan här i Sverige. Sen har hela familjen varit ute på en skidtur, vi har snö just nu!

Tack till er alla för denna otroliga upplevelse jag har fått vara med om!

Stora Kramar från mig till er alla och även till Jarle Trå som ordnat denna tur.

- Mimmi

 Mimmi

(Fotomontasje: Mimmi Maria Ulrika Bünsow) 

 

sønDAG 26. FEBRUAR

Sjekk Knut sine bilete frå fjellturen og safarien:

DSC 3168

DSC 3215

DSC 3227

DSC 3209

DSC 3258

DSC 3418

DSC 3316 

DSC 3489

DSC 3491

(Alle foto: Knut Horvei) 

 

LØRDAG 25. FEBRUAR

Då er turen over og gjengen er attende i gamlelandet. I går fekk dei oppleva Afrika og Lake Manyara frå sykkelsetet, ei spesiell oppleving der ein verkeleg kjem nært innpå både menneska og dyrelivet i dette området. Takk til alle deltakarane for fantastisk innsats på fjellet, og til Knut og Dixon og alle assistentguidane og bærarane som gjorde det mogeleg for gjengen vår å nå topppen. Takk også til deg som har fulgt med på denne dagboka undervegs. Dersom du vil vera med til Kilimanjaro - sjå turkalendaren for avreisedatoar i år og til neste år.

- Jarle

P1040961

P1040983

P1040968

P1040966    P1040967 

(Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Jarle Trå)

 

TORSDAG 23. FEBRUAR

Avgårde kl 08:00 med kurs for det 360 km2 store Ngorongoro krateret. Krateret var ein gong ein vulkan like stort som Kilimanjaro, men når vulkanen døde, kollapsa den inn i seg sjølv. Nå, 350 000 år seinare, er det den perfekte plassen for eit mangfoldig dyreliv heile året. Dei nutrion rike grass sortane og sikre tilgang på vatn frå elvene som kjem opp frå grunnen gjer det til ein perfekt plass for gnu, zebra, bøffel, antilopar, struts og mange andre artar. Me starta dagen like godt med å få ein Leopard ruslande over vegen når me skulle til å køyre ned i krateret. Utrulig å sjå to leopardar på dagtid, to dagar på rad.

Nede i krateret var det grønnt og frodig etter kraftig regn siste tida. Me såg stort sett alt, inkl 14 (!!) løver og fleire Neshorn. Så 'the big five' (Løve, Bøffel, Leopard, Elefant, Neshorn)er kryssa av på lista. Tilbake på Lodgen ventar ein tur i bassenget og grillmat til middag. Livet smiler ! Hakuna Matata!

- Knut

P1040930

P1040951 

P1040924

(Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Jarle Trå)

 

ONSDAG 22. FEBRUAR

For ein dag i Tarangire ! Me såg elefanter, girafer, zebra, gnu og alle dei andre 'vanlige' dyra....men så såg me og ein Leopard som var å klatra i eit tre!!! Vilt og veldig sjeldent. Så nå har me gode sjanser for å sjå 'the big five' iløpet av morgondagen i Ngorongoro.

Me har hatt ein god middag og satser på tidlig avreise mot krateret i morgo:) Ikkje noko latmannsliv å vere på safari, bånn gass :)

- Knut

P1040762

P1040787

P1040849

P1040863

P1040918

(Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Jarle Trå)

 

TYSDAG 21. FEBRUAR

Gjengen er nede igjen på hotellet etter ein fin avsluttande etappe ned gjennom jungelen. Det er ein heilt spesiell følelse å komma ned att til sivilisasjonen etter å ha budd i telt under relativt primitive forhold i ei veke. Ein forstår ikkje heilt kor skitten ein er før ein ser det brune vatnet som renn ned i sluken når ein dusjar. Og ein forstår heller ikkje kor mykje ein har sakna ei skikkeleg madrass før ein legg seg i hotellsenga seinare i kveld... No skal dei feira litt, men det blir etter afterski-prinsippet, dvs. relativt tidleg i seng, sidan det er nokre heilt spesielle safaridagar som ventar. Dei byrjar med Nasjonalparken Tarangire i morgon, der dei forhåpentlegvis får sjå nokre av dei enorme flokkane med elefantar som held til der. Og sjølvsagt veldig mange andre dyr.

Knut sendte meg nokre bilete frå turen i dag (det er først når dei kjem ned att på hotellet at det er mogeleg å sende mms eller epost med bilete).

- Jarle

IMG 2229

IMG 2209

IMG 2208

IMG 2204

Foto: Knut Horvei

 

MÅNDAG 20. FEBRUAR 

Alle på toppen!

Kl. 06:15 norsk tid, 08:15 lokal tid: Fekk akkurat ein teksmelding frå Knut om at alle nådde toppen. Dei brukte 6 timar opp dei 1000 høgdemetrane frå Kosovo Camp til toppen. Gratulerar til alle! Han ringte eit par timar seinare når dei var vel nede i leiren igjen og i ferd med å legga seg inn i telta for å få seg ein velfortjent kvil. Han kunne fortella om eit svært vellykka toppstøt der alle gjorde ein kjempeinnsats. Dei hadde perfekt vær og gode forhold, sjølv om det låg litt nysnø på fjellet. No kviler dei litt til før dei får lunsj og deretter går vidare nedover fjellet, enten til Millenium Camp eller Mweka Camp, litt avhengig av om det er rennande vatn i Millenium Camp. Der blir det ei lang natts søvn - det er som regel ingen problem med nattesøvnen den kommande natta, det har ikkje fått mykje blund på augene det siste døgnet.

- Jarle

Då var me kommt i soveposen i Millenium Camp etter eit langt døgn. Me hadde ein fin tur opp til Kosovo frå Karanga i går, 5 t. Så var det lunsj-pakking og middag i kosovo før me sov nokre timar. Deilig å vere heilt aleine i kosovo, stille og fredelig med eventyrlig utsikt mot Mawensi og tåkehavet ned mot Moshi. Me starta å gå mot toppen ca. 01:30. Kom midt i 'toget' av grupper opp mot toppen. Men med eit jevnt og godt tempo tok me igjen ein del grupper og me stod alle på toppen 07:30 godt slitne etter ein fantastisk innsats av alle! Nedturen var merkelig nok veldig mykje enklare :)

- Knut

30

P1040662

 (Bilete frå tidlegare turar. Foto: Jarle Trå og Hege Myhre)

 

SUNDAG 19. FEBRUAR 

Så er det tid for høgdepunktet på turen - bokstaveleg talt! I natt går dei mot toppen. Rundt midnatt lokal tid begynner den lange slangen av hodelykter å bukte seg oppover i den beksvarte natta. Leiren dei er i no ligg på rundt 4900 moh. og dermed er det omtrent nøyaktig 1000 høgdemeter til toppen. Heldigvis har guidane våre gjort dette utalelege gonger før, dei kjenner kvar ein sving og stein på stien. Etter 5-6 timar begynner det å lysne i aust og ikkje så lenge etter - forhåpentlegvis akkurat når dei står på toppen - står sola opp. Om det var kjølig mens dei gjekk oppover vil sola snart gjera det varmt og godt, sjølv på 5895 moh. Etter obligatorsik gruppebilete framfor skiltet på toppen begynner dei turen ned att i steikande sol. Gleda over å ha nådd toppen overskuggar heilt sikkert følelsen av å vera utslitt og veldig trøtt. Tid til å sova blir det seinare på turen. Eg oppdaterer så fort eg høyrer frå dei i morgon tidleg. Kryss fingre og tær for at dei når Uhuru Peak...

- Jarle

P1040628

P1040642

P1040654

P1040656

 (Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Jarle Trå)

 

LØRDAG 18. FEBRUAR

Her er dagens dagbok fra meg :-) Dagens etappe var på bare 4 timer. Men vi bråvåknet opp Frokostveggen, en heftig og luftig tur. Noen som skjønner hvorfor den blir kalt det? Alf måtte desverre gå ned i dag, men vi møtes snart igjen. I morgen er den store styrkeprøven med først dagens etappe, og så nattens toppstøt.

Til de beste; Jørn, Tobias, Jonas og Mari <3 . Jeg savner dere. Jeg er sammen med en fantastisk gjeng her, de hilser også masse til sine kjære

Hilsen Hege og gjengen

P1040555

P1040574

(Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Jarle Trå)

 

FREDAG 17. FEBRUAR

Hej

Vilken dag vi har haft, toppen! Is på tältduken i morse det är kalt både på natten och på dagen. Jag är svensken i gruppen och blir lite retad/terger jag har inte lika mycket ull kläder med mig. Vi får fantastiskt mat varm frukost och efter den började dagen 8.30 till Lava Thower 4654 m. Alt går bra men vi känner av våra magar, huvuden och kroppar. Väl upp på Lava Thower stod vårt mattält uppställt och varm mat serverades, super gott. Vi var 5 stycken som passade på att klättra på toppen! Det var för mig riktig klättring, ska försöka få iväg lite bilder.

- Mimmi

 

TORSDAG 16. FEBRUAR

Alt vel. Fint vær i går. Litt regn i dag. Topp stemning i gruppa. Kanon bra mat. Vekta stig... Ser fram til morgondagen. Alle helsar heim. Skal helsa frå vår eminte turledar Knut.

- Rune

I dag har dei gått frå Machame Camp til Shira Camp (3850m). Ein etappe på ca. 4,5 timar i spennande terreng. Første del av dagens etappe var relativt bratt, men etter kvart flata det litt ut. Frå Shira er det ein voldsom utsikt utover Afrika, men også opp mot toppen av Kilimanjaro 2000 meter høgare oppe, og breane som ligg rundt toppen. Mange av plantane og buskane som veks på sørsida av Kilimanjaro eksisterer ingen andre stader i verda enn akkurat her. Den varme lufta som kjem frå sør stig i det den "kolliderer" med fjellet, og når den kjem opp i ei viss høgd kondenserer den og blir til fuktig tåke. Dette, kombinert med den sterke og varme sola, skapar optimale vekstvilkår for nokre heilt spesielle plantar.

- Jarle

P1040571

P1040382

P1040504

(Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Jarle Trå)

 

ONSDAG 15. FEBRUAR

Den første dagen på den fantastiske Machame-ruta går gjennom jungelen. Dei startar ca 1800 moh. og Machame Camp ligg på rundt 3000 moh. Så dei 1200 høgdemetrane går gjennom tett regnskog, der dei når som helst kan få auga på ein apekatt, kanskje ei gruppe med Colobus monkey eller Velvet monkey. Men rett før dei kjem fram til leiren blir trea plutseleg mykje lågare og dei byrjar å få utsikt utover det afrikanske låglandet langt der nede. Dei er no i grenseområdet mellom regnskog og meir glissen buskvegetasjon som pregar dei neste 1000 høgdemetrane. Dette er noko av det som gjer ein tur til toppen av Kilimanjaro så spennande, dei går gjennom veldig mange forskjellige klimasonar og naturtypar.

- Jarle

IMG 2186

 Klar til start ved hotellet i dag tidleg! (Foto: Knut Horvei)

 

TYSDAG 14. FEBRUAR

Knut melder om at første delmål er nådd - all bagasje ankom samtidig som deltakarane! Det er litt greitt... (det går stort sett alltid bra, og dersom ikkje sender me berre ein sterk bærar i ekspressfart med bagasjen oppover dagen etter...). Mimmi sitt fly vart riktignok kansellert frå Arlanda, men ho er no på veg med Turkish via Istanbul og landar nokre timar etter dei andre. Dei har fått seg eit godt måltid og Knut, Mike og Dixon har svart på spørsmål ang. morgondagen. Alltid nokre detaljar som er uklare før den aller siste pakkinga. No har dei lagt seg til å sove for siste gong på ei veke i ei skikkeleg seng (den kjem dei til å sakne...). No ventar eit litt meir primitivt liv på fjellet, sjølv om våre afrikanske vennar gjer det så komfortabelt som mogeleg. Dei bærer alt utstyret, dei lagar dei mest utrulege matrettar, dei sørgar for at me har eigne dotelt heile vegen, dei guidar oss kvar meter til toppen - dei gjer i det heile tatt ein heilt utruleg innsats og for dei fleste hadde det ikkje vore mogeleg å nå toppen av Kilimanjaro utan deira hjelp.

- Jarle

P1040343

P1040405 

Bilete frå turen i juli 2016 (Foto: Jarle Trå)

 

SNART PÅ VEG TIL UHURU PEAK - 5895 moh!

Langt nede på det Afrikanske kontinentet står det eit gigantisk fjell heilt åleine. Ein vulkan som ragar 5000 meter over landskapet rundt seg. Det er kanskje det som skiller Kilimanjaro mest frå dei fleste andre fjell i verda - at det ikkje er ein del av ein fjellkjede. Planteliv og dyreliv er også heilt spesielt. Fjellet står nesten på ekvator så her er det regnskog heilt opp til 3000 moh. Dei skal faktisk gå gjennom dei fleste klimasonar som eksisterer på planeten vår. Alf-Helge, Bjørn, Frank Aage, Rune, Hege, Mimmi, Hanne og Jarle er no klar for eit av sine livs store eventyr.

Turledar Knut Horvei skal leda gjengen sammen med våre dyktige lokale guidar og bærarar leda av den svært erfarne hovedguiden Dixon Msenga.

Etter Kilimanjaro er besteget skal dei på ein spektakulær safari i Tarangire, Ngorongoro og Lake Manyara, og til slutt skal fleire av dei slappa av på Zanzibars strender nokre dagar for å fordøya alle inntrykka.

På denne sida legg me ut oppdateringar frå turen stort sett kvar dag.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka.

Bilete frå tidlegare turar (Foto: Jarle Trå, Brynjulv Eide, Knut Horvei)

kilimanjaro 02

kilimanjaro 03

kilimanjaro 05

kilimanjaro 07

kilimanjaro 09

kilimanjaro 10