DAGBOK 17. JANUAR 2009

 

Sjå bilder frå turen nederst på sida.

29. JANUAR

No har eg akkurat komme heim igjen til Norge. 13 av deltakarane fortsatte med fly til late og opplevelsesrike dager på Zanzibar, mens 6 reiste heim igjen på tirsdag. Dvs. dei skulle eigentleg heim på mandag, men då KLM fekk problem med flyet fekk dei ei ekstra overnatting i Afrika. Også den siste dagen på safarien i Lake Manjara var flott, me såg blant anna flodhest - eit dyr som ikkje finns i Tarangire. Takk for ein flott tur!

25. JANUAR

Etter ein uforgløymeleg feiring i går kveld, var det safari i Tarangire nasjonalpark som stod på programmet i dag. Og dagen vart bra... Me fekk sjå massevis av løver, elefantar, giraffar, antiloper, sebraer, gnu og utallige andre dyrearter. No drar me til eksotiske Migunga Safarilodge der me overnatter til i morgo.

24. JANUAR

Me ankom sivilisasjonen for nokre timar sidan, og akkurat no er stemninga høg i bussen på veg tilbake til hotellet. Ein dusj er nok det dei fleste ser fram til no. Masasje er bestillt, og resten av dagen blir tilbrakt ved bassenget. I kveld drar me til Moshi for å nyte solnedgangen på Kilimanjaro, mens me feirer at ein av "7. summits" er besteget.

23. JANUAR

17 på Uhuru Peak kl 0600 i dag. To måtte snu ca. halvegs. Gjengen har verkeleg utført ein prestasjon! Me hadde perfekte forhold, mildt og ingen vind. No kviler me nokre timar i leiren før me går ned til Millenium camp (3900m). Og planlegginga av feiringa er alt i gang...

22. JANUAR

Alle i Kosovo camp (4880m). Det gjekk fint i dag også, men nokon er meir slitne enn andre. Her oppe er det berre litt over halvparten så høgt trykk og oksygenmengde som ved havnivå, og det merkast. Nokre startar kl. 23 i kveld, og resten ved midnatt. Neste oppdatering kjem når me står på toppen i morgon tidleg...

21. JANUAR

Kort dagsmarsj fram til Karanga (4040m). No nærmar det seg toppstøtet og spenninga stig. Men alle er uforskamma friske, og me har ikkje hatt så mykje som ein laus mage blant gjengen. Kokkane våre er svært dyktige og veit godt kva krav som stilles til hygiene. I morgo går me til den øverste leiren, toppstøtet vert natt til fredag. Deltakarane frå Hjerte 4 på Haukeland og Å.H.Åsane helsar heim til sine kollegaer.

20. JANUAR

Alle 19 på toppen av Lava Tower i dag. Det er kjempebra, Lava Tower (4700m) er faktisk nesten like høg som det høgaste fjellet i Alpane, Mt. Blanc. Dagens etappe er turens lengste og tøffaste, unntatt toppstøtet. Alle er likevel i god form og nektar å gå og legge seg - akkurat no spelar me Trivial Pursuit i messeteltet. Gjengen frå LKB og SOP avdelingen helsar heim til sine kollegaer på Haukeland sjukehus.

19. JANUAR

Me ankom Shira camp (3840m) ca kl 14. Kort dagsetappe gjennom spektakulert terreng. Dei neste 2 nettene skal me overnatte på omtrent samme høgd som i natt, deter det som gjer Machame-ruta så perfekt med tanke på akklimatisering. Alle er friskeog fine, og stemninga er høg! MIO-ligaen helsar heim til alle på avdelingen på Haukeland.

18. JANUAR

Me er no i bussen på veg til fjellet. Alt vel med alle. Varmt og fint vær. Når me kjem fram til gaten står 60-70 bærere klar til å frakte alt utstyret vårt oppover fjellet. No startar eventyret... Geir Atle helsar til alle på Statfjord i Nordsjøen.

11. JANUAR

Ei ny gruppe er snart klar for avreise. Denne gongen er det ei kjempestor privat gruppe på 19 personar, med utgangspunkt frå Haukeland Sjukehus. Lørdag 17. januar drar me frå Norge, og me står på toppen tidleg om morgonen 23. januar. Etter safarien drar mange av deltakarane til Zanzibar. Eg blir igjen nokre dagar i Moshi for å for å forsøke å bestige Kilimanjaro på ein dag 27. januar. Les meir.

DELTAKAR:
Ronny
Carsten
Astrid
Knut
Elin
Leif
Kristine
Trond
Marit
Stein-Ove
Ingrid
Roald
Svein
Geir Atle
Gudrid
Anne Kristin
Ilse
Liv-Jorunn
Heikki


Her kan du sjå nokre bilder frå safarien