DAGBOK ATLASFJELLA 2012

 


Sjå fleire bilete frå turen nederst på denne sida.

 

MÅNDAG 27. AUGUST

I dag reiste dei frå dei høge Atlasfjella, over dei varme tørre slettene ut til kysten og den idylliske byen Essaouira. Denne byen er kjent for si lange, flotte badestrand, men også den spesielle atmosfæren i gamlebyen. Ikkje tilfeldig at mange arabiske filmar gjennom tidene er spelt inn i denne kystbyen. Her skal dei tilbringa fleire late dagar fram til dei returnerer til gamlelandet til helga. Brynjulv returnerte i dag, då dei ikkje "treng han" lenger... no er det ikkje behov for ein streng og oppmerksam turledar som passar på at alle drikk nok, går sakte, smører seg inn med solkrem osv. No er det berre kos...
- Jarle

 

Dromedar-ridning på Afrikanske strender (Foto: Ronny Bakkane)

 

SUNDAG 26. AUGUST

I dag har dei hatt ein fin dag på "fantastiske Dar Imlil", som Brynjulv kallar den. Dar Imlil er giten (gjestehuset) som dei bur på i Imlil. Svigerfar til Houssine, min samarbeidspartner i Marokko, driv denne koselege og atmosfære-rike overnattingsplassen. Ein får nesten litt 1001-natt følelse når ein bur der... I går hadde dei ein bedre middag og sikkert litt god rødvin. I dag har tatt avskjed med guiden Abdul og resten av gjengen, ellers har dei hatt ein roleg dag, mange har berre kost seg i sola. Det er alltid godt med ein dag du kan gjera akkurat det du vil, etter ein lang og slitsom fjelltur.
- Jarle

 

LØRDAG 25. AUGUST

Brynjulv melder at han er svært imponert over innsatsen til gjengen i dag. Alle nådde altså toppen i 9-tida i dag tidleg. Dei har no kvilt litt på hytta og kjem til å gå vidare ned til Imlil i ettermiddag. Varm dusj og gode senger fristar nok akkurat no - eller kanskje er det rødvinen som Houssine står klar med som fristar mest...
- Jarle

 


Alle på toppen kl. 0900. Gratulerer!!! (Foto: Brynjulv Eide)

 

FREDAG 24. AUGUST

På hytta! Starta å gå kl. 0700 i dag og var framme kl. 1320. Då byrja det å lyna og tordna slik som dei andre dagane. Turen opp gjekk fint men me gjekk sakte. No pøsar regnet ned. God lunch og bra rom. Startar å gå kl. 0500 i morgo. Må vera nede igjen før tordenværet byrjar!
- Brynjulv
Grytidleg i morgon startar altså toppstøtet. Dei er no på hytta ved foten av fjellet Jebel Toubkal, 4167 moh. Hytta ligg ca. 1000 meter lågare enn toppen. Ein fin sti som sikksakkar seg oppover grusen fører dei forhåpentlegvis til topps. Eg reknar med dei brukar ein del timar til topps, og det er ikkje sikkert me høyrer frå dei før dei er nede på hytta igjen utpå ettermiddagen. Me kryssar fingrane og ventar i spenning...
- Jarle

 

TORSDAG 23. AUGUST

Brynjulv melder om dramatikk ved morgonstellet i dag då det plutseleg kom eit høgt hyl frå badet på hytta der dei budde i natt. Fleire våkna av spetakkelet, men det roa seg heldigvis fort ned då årsaka til oppstyret viste seg å vera ei søt lita mus inne på badet. Brynjulv skriv ikkje kven som møtte udyret på badet - vedkommande vil sikkert vera anonym? Ellers hadde dei kraftig regn i går kveld, men dei var heldigvis komne fram til hytta då det starta. På denne turen bur dei nokre netter i telt og nokre i lodgar, eller gites som det blir kalla i Marokko. I dag var igjen fint, og temperaturen "leveleg" i følge Brynjulv.
- Jarle

 


(Foto: Brynjulv Eide)

 

ONSDAG 22. AUGUST

Kraftig regn i går kveld, men varmt i dag. Alle friske og fine. Trur det vert ein flott dag.
- Brynjulv

 


Ronny og Bjørn veit at det er viktig å ha kontroll på væskebalansen i høgda... (Foto: Brynjulv Eide)

 


37 grader på 1000 moh, men no går dei oppover mot kjøligare luft att (Foto: Brynjulv Eide)

 

TYSDAG 21. AUGUST

Flott dag i går! Ikkje så varmt som me frykta. Litt lett regn undervegs. Fin temperatur også om natta. Nydeleg morgon i dag, deretter overskya og fin temperatur. Skikkeleg regnskur til lunsj.
- Brynjulv
Dei går no gjennom lågare delar av Atlasfjella, før dei etter kvart kjem høgare og høgare når dei nærmar seg Jebel Toubkal. Dei går gjennom små landsbyar der berberane driv med jordbruk og husdyrhald, og gjetarane passar på flokkar med geiter oppe i fjella.
- Jarle

 

MÅNDAG 20. AUGUST


I gang! (Foto: Brynjulv Eide)

 

SUNDAG 19. AUGUST

Ei skikkeleg varmebølge ligg over Marokko akkurat no, og dei hadde over 40 varmegrader på sightseeingen i Marrakech i dag. Kanskje litt i overkant sjølv om ein lenge har ønska seg vekk frå den dårlege sommaren i Norge... Heldigvis ser det ut til at det verste er over og i løpet av nokre dagar skal det bli betrakteleg kjølegare. Dei skal uansett opp i fjellet i morgon, og det er meldt 25 grader i Oukaimedene der dei startar vandringa i morgon. Oukaimedene er noko så eksotisk som eit alpinanlegg i Afrika! Ikkje mange mila frå Sahara er det altså eit ski-anlegg der Marokkanarane kosar seg på ski i vintermånadane. Brynjulv melder om ein bra dag og ein fin gjeng! Følg med her framover for oppdateringar frå vandreturen.
- Jarle

 

ATLASFJELLA 2012

På laurdag reiser ein gjeng på 6 deltakarar leda av Brynjulv Eide til Marokko. Dei skal gå ein lang fjelltur i Atlasfjella, med bestigning av Nord-Afrikas høgaste fjell som høgdepunktet. Dei skal også utforska den eksotiske byen Marrakech som er verdenskjent for sin intense og livlige markedsplass i sentrum. Til slutt drar dei ut til kystbyen Essaouira som er mykje meir enn ei fantastisk badestrand. Følg med her kva som skjer når Audny, Eli, Lajla, Bente, Bjørn og Ronny skal bryne seg på Nord-Afrikanske ørkenfjell.

 

Her kan du lesa meir om dagsprogrammet.

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 

Bilete frå Atlasfjella 2012 (Alle foto: Brynjulv Eide)