DAGBOK EKSPEDISJONSKURS PÅ FINSE MARS 2017

 

Sjå Knut sine bilete frå turen nederst på sida.

 

SUNDAG 5. MARS

Vind og litt rufsevær i morgontimane. Men med litt frukost og ein kopp kokekaffi så var det fort gjort å pakka og slå ned telta. Me fekk ein fin og lett tur i 12,13 m/s motvind ned til Finse.

Takk for ein flott tur ! Finse leverer som alltid gode tur minner !

 

LAURDAG 4. MARS

Me vakna tidlig etter å ha sovna tidlig i går kveld, sånn er rytmen på tur! Når det blir mørkt og kaldt er det beste å varma vatn til varmeflaske og krypa ned i soveposen.

Været i dag er litt "av og på". Litt vind og sikten kjem og går, ein perfekt dag til å øve på kart og kompass ferdigheitane.

Når ein får eit glimt mellom snøbygene og tåka, så er det opp med kart og orientere seg samt ta ut ein god kurs på kompasset.

Me passerte det karakteristiske fjellet Såta i lunsj tider, før me gjekk opp turens lengste og tyngste motbakke opp til Omns breen.

Me fant oss ein lun leirplass i fullstendig Whiteout.

 

FREDAG 3. MARS

Lille Finsenut

For eit vær ! I dag vakna me til ein flott soloppgang på Finse. Lille Finsenut bada seg i dei første solstrålane.

Me gjekk gjennom og sjekka Hilleberg telta og testa MSR brennarane før me la ut på tur vestover over Finsevatnet.

Den siste veka og denne helga har Røde kors arrangert "Finse kurset" sitt og dermed kryr det med folk rundt Finse. I dag har det vore ei stor skredøving rett vest for Finse. Med så mykje kompetente folk i fjellet, så skulle det vere ei trygg helg å legga ut på tur :)

Me runda den gamle voktarboligen Fagernut og inn i Larsdalen der me har slått leir for natta. Val av leirplass og telt rutinar blir kveldens tema.

 

TORSDAG 2.MARS

Torsdag ettermiddag møtest me på Finse, 4 glade turfolk. Laila, Kenneth, Tormod og Knut.

Saman skal me gå ein flott fjellskitur i Finse traktene og lære om utstyr, vegval, telt, primus, leirliv, ski og pulk og anna som høyrer ekspedisjonslivet til.

Værmeldingane er lovande, så dette blir bra!

Kenneth

Laila-og-Kenneth

Leirliv

Marsj

Pakke-pulk

Skispor

Telt-i-natta

Tormod

Vinterlandskap