DAGBOK SVALBARD SKITUR 23. APRIL - 1. MAI 2016

 

Sjå nokre av Knuts blinkskot frå turen (dagboka finn du under bileta):

Svalbard skitur 1 2016 35

 Svalbard skitur 1 2016 1

Svalbard skitur 1 2016 6

Svalbard skitur 1 2016 9

Svalbard skitur 1 2016 13

Svalbard skitur 1 2016 14

Svalbard skitur 1 2016 16

Svalbard skitur 1 2016 18

Svalbard skitur 1 2016 19

Svalbard skitur 1 2016 20

Svalbard skitur 1 2016 21

Svalbard skitur 1 2016 23

Svalbard skitur 1 2016 27

Svalbard skitur 1 2016 28

Svalbard skitur 1 2016 29

Svalbard skitur 1 2016 31

Svalbard skitur 1 2016 36

Svalbard skitur 1 2016 40

Svalbard skitur 1 2016 41

Svalbard skitur 1 2016 42

Svalbard skitur 1 2016 45

 

LAURDAG 30. APRIL

Då eg ringte Knut i ettermiddag var det ein jublande og svært lystig gjeng eg høyrte i bakgrunnen. Dei var på veg frå gjestehuset ned til Kroa der dei skal ha avskjedsmiddag i kveld. Fleire glas med B-vitaminer hadde blitt inntatt, og alle var klare for feiring av ei vellykka tur - nokon held sikkert ut til dei seine nattetimar. På Kroa står kvalkjøt på menyen. Ein flott tur er over, og dei har vore spesielt heldige med været - finvær stort sett alle dagane. Forhåpentlegvis får eg lagt ut nokre bilete frå turen i løpet av ein dag eller to. Sjekk innom her igjen då.
 
IMG 1150
 

FREDAG 29. APRIL

Knut melder om sin kanskje finaste dag på Svalbard nokonsinne - og han har leda mange turar der dei siste åra... Det var så varmt i sola at dei kunne gå berre i t-kjorta fram til sola forsvann ned bak fjella. Sjølv om sola er over horisonten heile døgnet er det sjølvsagt mykje kaldare i skuggen om natta. Dei ligg no i Bolterskaret og i dag var dei på topptur opp på Burralltoppen (969m), dvs, dei snudde like under toppen pga. snøforholda - me går aldri på akkord med sikkerheita. Dei var også ned ei isgrotte i breen som vert forma av smeltevatnet om sommaren. Om vinteren er dette ein iskatedral og stemninga er heilt spesiell når ein vandrar innover den naturskapte vann-tunellen. Morten laga ostekake til gjengen i dag - noko som vart sett stor pris på. Dette vert siste overnattinga i telt på turen, i morgon går dei ned att til bilvegen i Adventdalen og vert henta av minibuss og køyrt attende til Longyearbyen.
 
Silja helsar heim til Villiam og Celina.
 
IMG 1136
 
IMG 1142
 

ONSDAG 27. APRIL

Værgudane er verkeleg på gjengen vår si side for tida. I går og tidleg i dag hadde dei riktignok litt overskya, og i går kveld var det også litt sur vind. Men ellers har dei hatt flotte forhold, og værmeldingane for resten av turen er rett og slett strålande. No er dei komme ned Bergmesterbreen og ligg langt aust i Reindalen. Stemninga er høg og Knut skryter av deltakarane som gjer ein solid innsats, både med å dra pulkar og med å slå og bryta leir.

Mårten og Ann-Elin helsar heim til Emma og bestemor.

 

TYSDAG 26. APRIL

Igjen vakna dei opp til ein flott arktisk dag, strålande sol og nydeleg føre. I dag går dei vidare mot Bergmesterbreen som ledar dei ned mot Reindalen. Rutinane begynner nok etterkvart å sitta no når det gjeld oppsetting av telt, matlaging osv. Alle fekk opplæring i dette den første dagen, og mestringsfølelsen brukar å vera høg når ein får brukt denne kunnskapen ute i villmarka. Middagen består stort sett av frysetørka - det er lett å dra med seg i pulken, det er enkelt å lage til og det smakar faktisk veldig bra!

Silja helsar heim til sønnen William som har bursdag i dag - gratulerer med dagen!

 

MÅNDAG 25. APRIL

Knut melder om ein nydeleg morgon då dei stod opp i dag. Vindstille og sol. Den første natta vart tilbrakt i Janssondalen, i dag går dei opp Møysalbreen og satsar på å slå leir ved nunataken Pjalten. Ein nunatak er eit fjell som stikk opp gjennom breen, på samme måten som eit skjær i havet. Følg gjerne med på dette topografiske kartet over Svalbard, dei er i det store bremassivet som ligg eit par mil søraust for Longyearbyen. Du finn både Janssondalen, Møysalbreen og Pjalten på dette kartet.

IMG 1130

(Foto: Knut Horvei)

 

SUNDAG 24. APRIL

Frå forberedelsane og pulkpakkinga - klare til start!

IMG 1127

(Foto: Knut Horvei)

 

LAURDAG 23. APRIL

Gjengen er no samla på Svalbard! I kveld var det velkomstmiddag og informasjonsmøte der Knut gjekk gjennom mange viktige detaljar før morgendagen. Dei bur på Coal Miner's Cabin, eit gjestehus med sjel frå gruvetida, som ligg i den såkalla Nybyen lengst oppe i Longyearbyen. Hadde dei komme ein dag tidlegare hadde dei fått sett bamsen på sjeldant by-besøk. Ein tre år gammal isbjørn-han kom nærmare og nærmare, og "heile Longyearbyen", inkludert Knut, Jakob og Marten, vart vitne til at folk frå Sysselmannen først prøved å jage den vekk med helikopter, deretter bedøvde dei den og flaug den til austkysten.  Les om "dramatikken" i Svalbardsposten.

Sjå det spektakulære webkameraet som står i Longyearbyen. Første døgnet med midnattssol var på tysdag, dvs. at det no er sol på toppane sjølv om du går inn og ser midt på natta.

 

klart for det polare eventyret!

No startar skisesongen på Svalbard! Det er ein relativt kort periode i april/mai som er perfekt for lange skiturar i den arktiske villmarka på denne fantastiske øygruppa. På skituren vår går deltakarane med pulk på gigantiske breer og i store dalar, mellom nunatakkar og høge fjellsider. Kanskje får dei sjå litt av det unike dyrelivet også, både polarrev og dei spesielle reinsdyra på Svalbard er det god sjanse for å få sjå - og er dei heldige ser dei bamsen også...

Kari, Jorunn, Kjell, Jon, Rigmor, Silja, Olga, Gunhild, Jostein, Mårten, Ann-Elin, Torill, Hanne og Trond er no klare til å legga ut på sitt arktiske eventyr. Knut Horvei ledar gruppa sammen med assistentguidane Jakob Sørbotten og Morten Tobias Rostille.

Laurdag 23. april møtes dei i Longyearbyen. Etter litt forberedelsar og øving på diverse rutinar som oppsetting av telt og bruk av bensinbrennar (kokeutstyr) legger dei i veg med pulkane på slep sundag ettermiddag. Me kjem til å oppdatera denne dagboka etter kvart som turen skrider fram. Det vert kanskje ikkje oppdatering kvar dag, men me skal prøva å halda familie og vennar informert om kor fint gjengen har det på tur. Værmeldingane ser bra ut så no ligg alt til rette for ein kjempetur...

Les alt om turen og dagsprogrammet.

Legg gjerne igjen ei helsing til nokon du kjenner i gjesteboka.

 Svalbard ski