DAGBOK KILIMANJARO 26. JANUAR 2013

 


Toppen! (Foto: Jon Olav Stedje)

Middag med utsikt - Langilangi på Zanzibar (Foto: Jon Olav Stedje)

ONSDAG 6. FEBRUAR


Nok ein vellykka Kilimanjaro-tur er over, og nokon av deltakarane landar akkurat no i kalde og vinterlege Norge, ein stor kontrast til Tanzania. Men ikkje alle har reist heim - ein stor gjeng flyr no vidare til Zanzibar, der dei skal nyta dei flotte strendene i fem dagar framover. Alle inntrykka frå fjellturen og safarien skal no fordøyast, enten ein er tilbake i Norge eller ein ligg på solsenga på stranda på Zanzibar. Inntrykka etter ein slik tur er mange og sterke. Ein ting er den spesielle og fascinerande naturen, men møtet med menneska og kulturen har også satt sine varige spor. Ein tur til Kilimanjaro er så utruleg mykje meir enn berre ein fjelltur.
Takk for at du fulgte med på denne sida undervegs. Kanskje er det din tur til å oppleva Afrika neste gong...
- Jarle

MANDAG 4. FEBRUAR


Elefant, løve, neshorn, bøffel, gnu, sebra, flodhest, antilope og mye mer. Safarien var med andre ord en stor sukses. Om vi får se en giraff i morgen er den komplett! Nå skal vi nyte en bedre middag her på kudo, før siste natt i afrika. Så setter vi kursen hjemover til gamlelandet, med vinter og snø :-)
- Knut Ådne

SUNDAG 3. FEBRUAR


Gruppa starta i dag på ein tre-dagars safari i Lake Manyara og Ngorongoro-krateret. Etter den lange og strevsomme turen opp på Uhuru Peak, er det no godt å berre sitta i bilen og bli bombadert med fantastiske inntrykk. Dvs. dei som ville det har i dag faktisk vore på sykkel-safari... ikkje så mange stader i Afrika det er mogeleg! Knut Ådne har heldigvis komme seg på beina att og har tatt over kommandoen i gruppa att.
- Jarle

Da var safarien i gang! Gjengen er fornøyd etter å ha prøvd sykkelsafari på savannen, besøkt en bananplantasje og lokale kunstnere. Nå venter en natt på praktfulle Kudu Lodge. I morgen starter vi tidlig for å få mest mulig utbytte av dagen. Guidene mener forholdene er bra, så vi satser på å få øye på alle de 5 store og mere til.
- Knut Ådne

LAURDAG 2. FEBRUAR


Gruppa er no nydusja og sannsynlegvis midt i feiringa - sivilisasjonens goder smakar alltid ekstra godt etter ei veke i telt... Jon Olav har sendt over ferske bilete frå turen, forhåpentlegvis får eg bilete frå toppen i morgon.


FREDAG 1. FEBRUAR


Eniro på toppen! Kl. 06:25 lokal tid var målet nådd og soloppgangen på Afrikas tak gjorde nok inntrykk som seint blir gløymt... Axel og Marianne måtte kasta inn håndkleet på veg opp men alle gjorde ein kjempeinnsats i følge Jon Olav. No er berre å komme seg ned å starte feiringa! Forhåpentlegvis klarer me å få sendt over bilete seinare i dag.
- Jarle

Då har me gått 37 000 skritt (Marcus har telt...) frå snøstorm på 5895 til regnskog på 3100 på ein dag. Alle er i godt humør sjølv om nokon er litt medtatt. Livet smiler i Tanzania!
- Jon Olav

TORSDAG 31. JANUAR


Akkurat no er det ein spent gjeng som gjer seg klar til nattas toppstøt i High Camp på 4800 meter på Kilimanjaro. Febrilsk aktivitet i lyset frå hodelyktene for å vera sikker på at alt er på plass - at ein har pakka alt ein treng i sekken, at vannflaskene er fulle, at ein har alle dei varme klærne klar til ein startar å gå... det er mange små detaljar som må vera på plass når ein startar marsjen mot toppen. Jon Olav og Dickson og alle assistentguidane som skal vera med til topps har full kontroll - Dickson har gjort dette så mange gonger at han har mista tellinga... Forhåpentlegvis står gjengen på nøyaktig 5895 meter over havet i det sola står opp i morgon - følg med på denne sida litt ut på morgonkvisten for å finne ut korleis det har gått.
- Jarle

ONSDAG 30. JANUAR


Av og til har ein max uflaks, og når turledaren Knut Ådne i går begynte å kjenna at influensa-symptoma kom med feber og vondt både her og der, antar eg at han ikkje akkurat følte seg som verdens heldigaste... Men sjukdom kan ramma alle, og då det ikkje var nokon betring i dag tidleg var det berre ein ting å gjera - å komma seg ned før det vart endå verre. I høgda mister ein mykje av immunforsvaret, og dermed er det ikkje nokon stad å vera om ein blir sjuk. Men assistentguiden/superreserven Jon Olav Stedje har overtatt kommandoen over gruppa, og basert på dagens oppdatering frå han (sjå under) er det ingenting å sei på humøret i gruppa sjølv om Knut Ådne måtte kasta inn håndkleet...
- Jarle

Nok ein fantastisk dag. Hilde er dagens helt og dansa seg opp Brekfast Wall! Mens me et tordnar det langt under oss og det gjer det ekstra koseleg i teltet. Då eg informerte om at Knut var komme seg trygt ned att til Moshi, kom kommentarene "one down, one to go" frå Gunnar... så eg er litt smånervøs... ellers er alle i knallform og klare for nye utfordringar.
- Jon Olav

TYSDAG 29. JANUAR


Jambo! Tross tåke og lett regn kom i dag 9 av 13 seg til toppen av Lava Tower! Mindre stas var det at de fleste også fikk kjenne høyda på kroppen i form av mild hodepine. Nå er middagen akkurat avsluttet i messeteltet. Og alle er svært fornøyd med servisen i leiren, vi har de siste dagene fått servert både 4 og 5 rettes middag i 4000m høyde!
- Knut Ådne

Kjersti måtte desverre ta den tunge beslutninga om å avbryte turen i dag. Ho går sammen med guider og bærarar ned igjen på vestsida av fjellet.
- Jarle

MANDAG 28. JANUAR


Stemningen er på topp her i Shira Camp. Presidenten (adm. dir.) har blitt folkelig og tok i dag på seg jobben som suppe-servitør, til de ansattes store begeistring! De fleste er i god form og vi merker foreløpig lite til høyden. På tross av redsel for mus og dyr håper vi på en god natts søvn.
- Jon Olav og Knut Ådne

SØNDAG 27. JANUAR


Vel fremme i camp! Ting tok tid ved gaten, så siste etappe opp mot leiren gikk vi i lyset fra en fantastisk fullmåne. De fleste er i god form og hele gjengen er i godt humør! Nå er vi klar for vår første natt i høyda, under tusen stjerner og med fri sikt til toppen av fjellet!
- Knut Ådne

LØRDAG 26. JANUAR


Da har vi kommet oss til sengs etter en bedre middag på Ameg lodge. Reisen har gått smertefritt og forhåpentligvis kommer også Axel i løpet av natten. Stemningen i gjengen er god og selv om mange er spente, vi gleder vi oss til å komme i gang med fjellet. Marcus er fornøyd med ny høyderekord på 900moh!
- Knut Ådne

ENIRO TIL KILIMANJARO 2013


14 eventyrlystne ansatte i Eniro Norge drar lørdag til Afrika for å førsøke seg på det høgaste fjellet på kontinentet, Kilimanjaro. Karin, Monica, Hege, Rita, Thomas, Gunnar, Helene, Marianne, Morten, Anita, Kjersti, Hilde, Marcus og Axel har forberedt seg i lang tid, og treningsinnsatsen skal no forhåpentlegvis resultera i at dei får nyta utsikta frå Uhuru Peak, 5895 moh. i det sola står opp.

Knut Ådne og Jon Olav skal sammen med sine lokale guidekollegaer leda gjengen trygt til topps på Afrikas høgaste fjell.

Etter å ha forsøkt seg på Afrikas høgaste fjell er det Afrikas dyreliv som står for tur. Ein fantastisk safari i nasjonalparkane Lake Manyara og Ngorongoro-krateret blir eit minne for livet. Til slutt flyr dei fleste ut til Zanzibar, der inntrykka frå turen skal fordøyast liggande under palmane på dei krittkvite strendene.

Følg med på denne sida framover. Eg legg ut oppdateringar etter kvart som dei nærmar seg toppen.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

(Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Brit Volden)