DAGBOK ACONCAGUA 26. JANUAR - 19. FEBRUAR 2020

 

17. FEBRUAR

Endeleg nede att i sivilisasjonen...

0217 1

0217 2

 

16. FEBRUAR

I dag var den store nedoverdagen. Med tunge ryggsekkar er det tøft å gå dei 1800 høgdemetrane ned til Plaza de Mulas dagen etter toppstøtet. Men for ein følelse når ein endeleg er nede. Hamburger, Coca Cola og internett er berre noko av det som møter dei der - sivilisasjonen! I morgon ventar det endå ein fantastisk opplevelse - den første dusjen. Men først skal den aller siste etappen til pers. Men det er berre ein sjarmøretappe ut dalen. Lang og "gnagsårframkallande" riktignok - men sett opp mot det dei har gjort dei siste to vekene så er det nok ingenting dei kvir seg spesielt til.

Brynjulv fekk i ettermiddag sendt bilete frå toppen og frå dagens etappe ned til Plaza de Mulas.

- Jarle

0216 2

0216 2

0216 2

0216 4

0216 2

0216 2

0216 2

0216 2

 
15. FEBRUAR

Klokka 18:30 lokal tid (22:30 norsk tid): Alle trygt nede att i Camp 3!

Tøffe tak ned dei 1000 høgdemetrane, men no er alle i soveposane og klare for ei lang natts søvn. Brynjulv fortel at det nesten ikkje var snø i det heile tatt høgt oppe på fjellet, noko som er svært uvanleg. Men faktisk skaper det større utfordingar når det ikkje er snø, pga. lause steinar. som vanlegvis ikkje er noko problem Men alt gjekk fint og dei kan no begynna å tenka på biffen og raudvinen som ventar dei i Mendoza...

 

Klokka 14:00 lokal tid (18:00 norsk tid): Dei står på toppen!

Brynjulv ringte akkurat med dei gledelege nyheitene. Fredrik, Anita og Irvin måtte snu eit stykke under toppen, men resten står no og nyter utsikta frå Sør-Amerikas høgaste punkt i strålande sol. Det har vore kaldt og tøft - men dei klarte det!!

No brukar dei minimum tre timar ned att til leiren, så fortsatt gjenstår det ein solid innsats før dei kan kvile ut.

I natt ligg dei i den samme leiren, og så går dei ned til Base Camp på vestsida av fjellet i morgon. Det vil sikkert nokre dagar før me får detaljane frå toppstøtet sidan dei ikkje er nede att i "sivilisasjonen" og internettdekning før måndag kveld.

- Jarle

(Me får ikkje sendt bilete frå fjellet, så desse er frå toppstøtet i fjor...)

0215 6

0215 6

0215 6

 
14. FEBRUAR

Brynjulv melder at alle er på plass i Camp 3 (6000m), klare for å støta mot toppen i morgon. Sidan det ikkje har vore nokon på toppen dei siste dagane pga. vinden, kom det plutseleg opp 50 telt i denne leiren i dag. Fleire andre grupper har altså sikta seg inn på toppstøt i morgon også. Det blir spennande sidan det er meldt ein del vind også i morgon, og gjengen vår er slitne etter å ha budd høgt så lenge.

Dei startar kl. 05 lokal tid i natt. Dei kjem til å bruka lang tid på dei nesten 1000 høgdemetrane, så ikkje rekn med oppdatering her før godt utpå kvelden norsk tid. Men eg oppdaterer så fort eg høyrer frå dei.

Kryss fingrane - no skal Andesfjellas gigant til pers.

- Jarle

 

12. FEBRUAR

Gjengen vår ligg i Camp 2 og ventar på at vinden skal løya. Hadde det vore mindre vind kunne dei gått til Camp 3 i dag og støta mot toppen på fredag. Det er fysisk og mentalt krevande å ligga så høgt å venta - dette er ein av hovedutfordringane på høge fjell. Men det ser ut som vinden skal løya på laurdag, så i morgon bærer dei litt utstyr og vatn opp til Camp 3, for så å gå ned att til camp 2 for å sove. Fredag flyttar dei opp til Camp 3 for å sove der, og deretter altså toppstøt på laurdag. Dersom alt går etter planen... Laurdag er siste sjanse, på sundag må dei starte turen ned og ut av fjellet, dersom dei skal rekka flyet heim.

Livet i leirane over Base Camp er enkelt - her er det ikkje kokkar som serverer burgarar og barbeque. I kvart telt har dei eit kokeapparat som dei lagar enkel mat med.  Dersom det ikkje er rennande vatn må dei smelte snø eller is for å skaffe vatn. Dei har med eit lite dotelt - men "det brune gullet" må bærast heilt ned att til Base Camp (heldigvis har me ein bærar som tar seg av drittjobben). Ellers har dei sikkert med litt lesestoff - viss ikkje er det ein fin hobby å telle sting i saumen i telt-taket. Det tar litt tid, spesielt viss teltduken blafrar i vinden.

- Jarle

 

11. FEBRUAR

I kveld er dei på plass i Camp 2 (5500 moh.) etter å ha gått etappen frå Camp 1 (5000 moh.) i dag. I går hadde dei ein kviledag i Camp 1 i nydeleg vær i følge Brynjulv. Fin dag i dag også, men det er meldt storm i morgon og torsdag så no avventar dei sannsynlegvis i Camp 2 som ligg litt meir i le enn Camp 3. Laurdag peikar seg foreløpig ut som den beste dagen å forsøka seg mot toppen, men me håpar på fredag dersom vinden løyer nok innan den tid. Heldigvis har me Juan med som lokal hovedguide. Med sin ekstreme erfaring med forholda på Aconcagua er det få som er betre enn han på å tolka værmeldingar og prøva å forutsjå Aconcaguas lunefulle humør. Juan har vore 40 gonger på toppen... 

- Jarle

 

9. FEBRUAR

I dag har dei vore opp til Camp 2 med utstyr, og for å akklimatisere. Det er eit viktig prinsipp når det gjeld akklimatisering - det å gå høgt opp på dagtid, men helst sove lågt. Climb high - sleep low. Det går fint med alle i gjengen vår. Værmeldingane viser mykje vind i dagane framover, så me får kryssa fingrane for at det løyer innan fredag som kanskje er den mest sannsynlege dagen for toppstøtet.

- Jarle

Dette er terrenget dei gjekk i i dag opp til Camp 2 (Bilete frå ein tidlegare tur)

Aconcagua 32

Aconcagua 32

 

7. FEBRUAR

Dei fleste er på plass i Camp 1 på 5000 moh. og skal no etter planen ikkje ned att  til Base Camp før dei har vore på toppen. Og då går dei heller ikkje ned til samme Base Camp, men til Plaza de Mulas som er Base Camp på normalruta på vestsida av fjellet. Dei traverserer altså fjellet på denne turen og får oppleva det frå alle sider. I morgon går dei siste også opp til Camp 1 der alle tilbringer dagen før dei etter planen går ein tur opp til Camp 2 med utstyr dagen etter. Ove måtte dessverre avbryte turen i dag, sidan kroppen ikkje har spelt på lag. Sånn er det i høgda, når ein først blir sjuk er det vanskeleg å bli frisk att pga. at immunforsvaret er dårlegare enn i låglandet. Det har vore sterk vind i fjellet dei siste dagane, og 12 telt forsvant i Camp 3 i forgårs og leiren vart evakuert i all hast. Me satsar på at vinden løyer dei neste dagane, men værmeldingane viser periodevis fortsatt sterk vind framover. På så høge fjell er det værgudane som bestemmer, men me er optimistar. Det åpnar seg som regel eit værvindu til slutt - det er fortsatt mange dagar til toppstøtet.

- Jarle

 

5. FEBRUAR

Kjære dagbok, nå er dere vel sultne på mer sladder fra fjellheimen. Dagen startet med egg og bacon til frokost, før vi fikk utdelt 7 kg hver med mat som skulle bæres opp på fjellet. I dag var den fryktede og beryktede bæredagen til camp 1 kommet. Værmeldingen viste kuling i kastene, så det var ingen tvil om at dette ville bli en hard dag. Sekker på opp mot 20 kg skulle bæres 1000 høydemeter i løs stein, grus og sand. Gruppa kjempet seg oppover, og en deltaker tippet med 20 kg på ryggen i et vindkast, men ikke vær redde, ingen skade skjedd. Vel fremme i camp 1, ventet en nyyydelig matpakke bestående av soggy loffskiver med tunfisk, og påsmurt leverpostei med gulost oppå. Morgendagens lunsjtips helt gratis til dere der hjemme. På grunn av sterk vind, måtte vi flykte ned i en farlig fart, grus og stein fløy veggemellom. Vel nede var alle klare for forfriskninger i messeteltet, men sterke fallvinder hadde røska bort teltet til Anja og Tiril, så en stor redningsaksjon ble straks i hverksatt. Det var flere telt som fikk hard medfart, spesielt hos våre nederlandske konkurrenter. Til info, hver hovedbardun må sikres med minimum 16 kg stein, så vi begynner å bli sterke i armene. Det var en tung dag for de fleste, men når Jarle knipser må alle smile, så det er fortsatt god stemning i gruppa. Vi gleder oss til nok en vits om musa og elefanten til middag - dette er blitt kveldenes høydepunkt. Santi og Juan har lenge trodd at vitsenes poeng gikk tapt i oversettelsen, men fikk endelig avkreftet dette i går - vi har aldri sett dem le så mye. Hårføneren har fortsatt ikke vært i bruk. Her i basecamp kan man nyte en deilig dusj til den nette sum av kr 150 - Vi antar at det blir kø i morgen siden det er hviledag. Her er det blodpris på det meste! Vi kan også melde om at det nå lukter klor på utedoen igjen. Det er fortsatt et mysterium om Fredrik har tatt tisseflasken i bruk, sist sett på middagsbordet. Vi kommer tilbake med mer gossip når dere minst venter det.

På vegne av gruppa - Tiril & Anja

0206 3

0206 3

0206 3 

0206 4

 

4. FEBRUAR

Kviledag og forbrredelsar i BC. Alle i fin form og klare for ytterlegare høgde. Opp til c1 med utstyr i morgo. Finvær men ein del vind. Latteren sit laust og elefanten og musa er vorte ein slager........ Nyt kviledagen til fulle og samlar krefter til i morgo som vert ein kraftanstrengelse...... Turen inn til BC er ein opplevelse i seg sjølv.....såg guanacos, vada over elver og gjekk siste dag mot ei eventyrleg utsikt mot Acon.... Helser heim.....

- Brynjulv

0205 5

0205 5

0205 5

0205 5

0205 5 

0205 8

0205 8

0205 8

 

3. FEBRUAR

Fekk ein kort melding frå Brynjulv at dei er framme i Base Camp og at alt har gått fint. Det låg is på elva når dei starta vandringa kl. 7 i dag tidleg, så det var sikkert ein kald fornøyelse. Men det vart varmt og fint så fort sola sto opp. No tar dei ein kviledag i Base Camp før dei begynner å etablere leirar oppover fjellet. Kviledagar er ein viktig del av akklimatiseringa for høge fjell. Kroppen må få restituert seg etter harde påkjenningar, men dette tar litt lenger tid i høgda enn på havnivå.

- Jarle

 

2. FEBRUAR

Brynjulv ringte i kveld på satellitt-telefon frå Casa de Piedra. Alt står bra til med gjengen vår og stemninga er høg etter flotte etappar i fantastisk natur - men kanskje like mykje pga. tidenes grillfest både i går og i dag. I Argentina tullar dei ikkje når det gjeld kjøtt...

Dei har no tilbakelagt to av dei tre dagsetappane inn til Base Camp som på Vacas-ruta heiter Plaza Argentina (4200 moh). I går gjekk dei frå Punta de Vacas (2400 moh.) nede ved "hovedvegen" over Andesfjella (mellom Mendoza i Argentina og Santiago i Chile), til Pampa de Lenas (2900 moh). I dag gjekk dei altså vidare til Casa de Piedra (3300 moh). Undervegs i dag fekk dei sjå Aconcagua for første gong. Plutseleg - i det ein sidedal åpnar seg - tronar Aconcagua nesten 3000 meter over dei langt inne i dalen. Frå denne sida ser Aconcagua verkeleg ut som eit fjell i Himalaya - eit imponerande skue. Dagens etappe var lang, men morgondagens er endå lenger - i alle fall i høgdemeter og tid. Det er ein tøff etappe på nesten 1000 høgdemeter. Men dei er no godt akklimatisert så det går forhåpentlegvis greitt.

Det har vore varmt og fint sjølv i denne høgda, og det gjer at elvane er større enn normalt. I morgon startar dei grytidleg sidan dei skal krysse eit par av dei, enten på hest eller til fots. Det er ikkje strie elvar, men rimeleg kjølig vatn for å sei det mildt - spesielt før solstrålene når ned i dalbotnen. I dag har dei sett guanacoen, ein variant av lama som lever vilt i Andesfjella. Er dei heldige får dei også sjå condoren, verdas største flygande fugl ("largest flying bird in the world by combined measurement of weight and wingspan"). Den kan bli heile 3,3 meter mellom vingespissane.

- Jarle

 

31. JANUAR

Kjære dagbok og kjære følgere (fans)! I dag er det Tiril og Anja som har tatt kontroll over bloggen. Etter noe varierende søvn tok vi fatt på dagens etappe, som gikk rett opp mot grensa til Chile. Humøret i gruppa var på topp - som alltid - men noen hadde en tyngre dag enn i går. Guidene Santi og Juan disket opp med nydelig lunsj på 3900 moh., mens The Big Boss tok seg en powernap i solsteken. Vi besteg en topp i Chile før vi suste ned sanddynene. Luige savnet akebrettet. Vel nede så det ut som vi hadde gått for billig selftan, og skoene var fylt med sand. Dagens dusj føltes som å vinne i lotto! Nå venter vi på middag og dagens vits fra Jarle, alias Per-Ivar. Det må også nevnes at en kvinnelig deltaker har gått på en brussmell etter å ha vært avholds siden 2012. En annen deltaker ble fersket med en hårføner i duffelbagen (!!!). Den kommer nok godt med i basecamp. Stay tuned for more gossip! Vi savner dere hjemme, men har det heeelt ok

- Tiril og Anja

0131 2

0131 2

0131 3

 

30. JANUAR

Flott tur til nesten 4000 meter. Nydeleg dalføre med brear og store fjellsider. Mektig landskap. Blide folk på tur i solskinn og nytt landskap.

- Brynjulv

0130 3

0130 3

0130 3

 

29. JANUAR

I dag starta den lange akklimatiseringsprosessen mot 6962 meter! Dei bur på ei lita fjellhytte dei første dagane av akklimatiseringsprosessen, før dei går innover mot foten av fjellet. Dermed får dei ein konservativ og gradvis tilpasning til høgda. I dag har dei vore på ein fjelltur frå hytta opp til 3400 moh. Brynjulv melder om overskya og kjølig vær, og nokre regndråpar - men det er sikkert berre fint når ein kjem frå 33 grader i Mendoza... Værmeldingane ser bra ut framover. Kanskje nokre regndråpar i morgon og fredag også, men deretter berre finvær.

- Jarle

0129 

 

28. JANUAR

0129 1

0129 3

0129 3

 

27. JANUAR

Brynjulv melder at alle er vel framme i Mendoza, og det er heldigvis alle bagane også - det er nesten like viktig...  Det er 33 grader i skuggen i ettermiddag, og dei gjer seg no klare til ei av dei største utfordringane på turen - å få i seg ein av dei gigantiske biffane som Mendoza er kjent for. Heldigvis er dette området av Argentina også kjent for god vin, og det hjelper litt på når saftige og svært møre biffar på kanskje 6-7 cm. tjukkelse skal fortærast. I morgon skal dei gjera dei siste forberedelsane før akklimatiseringa i Andesfjella startar.

- Jarle

 

KLAR TIL AVREISE!

Det er kun eit par dagar til avreise og ekspedisjonsnervene herjar heilt sikkert blant deltakarane no. Ei stor gruppe, leda av Brynjulv Eide, skal dei neste vekene utfordra Aconcagua, det høgaste fjellet i Sør-Amerika - eit av dei såkalla Seven Summits!

Hanne, Jarle, Kathe Elise, Børge, Anja, Tiril, Anita, Ove, Irvin, Luige og Fredrik flyr på sundag over Atlanterhavet til Buenos Aires i Argentina og vidare til Mendoza, der dei møter våre lokale guidar, med Juan og Santiago i spissen, som er blant dei mest erfarne guidane på dette fjellet.

Første del av akklimatiseringa vil skje ved å gå dagsturar frå ei hytte i eit fjellområde sør for Aconcagua, deretter brukar dei tre dagar på å gå inn til foten av fjellet der Base Camp ligg. Dette blir basen i nokre dagar, før ein flyttar vidare oppover fjellet og etablerer nye leirar etter kvart som ein kjem nærmare og nærmare toppen.

På denne sida kan du lesa oppdateringar etter kvart som ekspedisjonen skrider fram. Oppdateringar kjem ikkje kvar dag, men me skal prøva å halda alle her heime oppdatert om det som skjer på fjellet med få dagars mellomrom. 

Les meir om detaljar og dagsprogram for ekspedisjonen.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 

Bilete frå tidlegare turar (Foto: Brynjulv Eide og Jarle Trå)

aconocagua 03 

aconocagua 03

aconocagua 03