DAGBOK KILIMANJARO 28. DESEMBER 2008

 

BILDER NEDERST PÅ SIDA

7. JANUAR

Flott safari også den siste dagen i Lake Manyara. Dagens høgdepunkt var kanskje leoparden som sprang over ein liten åpning i skogen då me hadde pause. Dei som såg dette dyret fekk dermed oppleva å sjå "The Big 5" i løpet av dei siste to dagane. "The Big 5" er løve, leopard, neshorn, bøffel og elefant. Me såg også mange giraffar. Dette merkelege dyret er eit av dei få som ikkje har tilhold i det enorme Ngorogngoro-krateret, rett og slett fordi det ikkje har kropp til å ta seg opp og ned dei bratte skråningane i krateret som måler 21 kilometer i diameter. Avskjedsmiddagen hadde me på Aru Meru Riverlodge, ei lita perle utanfor Arusha. Det vart ein trist og til dels tårevåt avskjed... Eg og Tron kom heim til Norge i dag tidleg, mens alle dei andre nå ligger på stranda på Zanzibar. Me er ikkje misunnelege...

6. JANUAR

I går var me på sykkel-safari, og i dag var det Ngorongoro-krateret som stod for tur. 5 nehorn, 7 løver og 2 gepardar var nokre av mange høgdepunkt. I går besøkte me også ein Masaii-landsby. i morgo skal me utforska Lake Manyara med Landcruiseren vår . Turen går mot slutten, og dei av oss som ikkje skal vidare til Zanzibar setter seg på flyet heimover i morgo kveld. Det er mange inntrykk som skal fordøyast...

4. JANUAR

Dette blir skrevet frå ein internett-kafe i Moshi. Me har no feira bestigningen etter alle kunstens regler, og me har akkurat sett alle hilsningene i gjesteboka... Dette varmet alle og me hilser og takker tilbake. Me ser no fram til fine dager på safari, og deretter Zanzibar for dei fleste. Me har sett ein flott solnedgang frå taket av Kindoroko Hotel, på fjellet som ligg 5000 meter over den vesle afrikanske landsbyen - magisk!!! Jarle hadde lova oss to ting i hoegda: at me skulle ta av eit par kilo og at me skulle oppleve mange erotiske droeymar. Men hittil er det berre ein sunnmoering som har vorte velsigna med dette (til Svein sin store...) (NB! Dette er skrive i feiringsrus...)

3. JANUAR

Alle på toppen kl. 06.40 lokal tid. Alle starta samtidig frå Kosovo kl. 00.40, så me brukte nøyaktig 6 timar til topps. Fantastisk soloppgang, som vanleg! No skal me kvila nokre timar før me går ned til Millenium Camp. Fortjent...

2. JANUAR

No ligg alle og slappar av i telta sine i Kosovo Camp. Her startar me toppstøtet ved midnatt i natt, så det er ein spent gjeng som styrer med dei siste forberedelsane akkurat no. Kosovo Camp ligg 4880 moh, det er faktisk 70 meter over det høgaste fjellet i Alpane, Mt. Blanc i Frankrike. Alle er friske og spreke så dette lovar bra. Klikk deg innom her i morgo tidleg, så får du siste nytt korleis det har gått i natt. (Når det gjeld kven som vant yatzy-turneringa i går så skal eg ikkje nemna navn, men han er knakande dyktig...)

1. JANUAR

Høgdepunktet under nyttårsfeiringa i går var då bærarane våre varta opp med song og dans. Ein uforgløymeleg opplevelse under ein fantastisk stjernehimmel. 1. nyttårsdag starta med å gå rett opp Breakfast Wall, kanskje den mest spektakulære delen av Machame-ruta. Etter fire timar gjennom landskap prega av lava og svært spesielle planter, kom me fram til varm lunsj i Karanga Camp (4040 m). No slappar me av i telta og lader opp til prestisjefylt yatzyturnering i kveld. Elin slo til med yatzy på siste kastet i forgårs, så revasjelysta er stor hjå mange...

31. DESEMBER

Alle på toppen av Lava Tower (4697 meter) i dag. Det er ein sterk prestasjon av ei supersprek gruppe! Lang etappe fram til Barranco Camp, så no ligger me i telta og slapper av. Både fordi det har vore ein tøff dag, men også fordi me snart skal feira inngangen til nyttår SKIKKELEG! Godt nytt år til alle heime frå alle her, langt oppe på ein vulkan i Afrika.

30. DESEMBER

Me er no i Shira Camp 3850 moh. Forholdsvis kort etappe i dag, så no kosar me oss med pepparkaker, marsipan og popcorn i messeteltet. Fint vær i dag, men litt tåke i leiren no. Tåka forsvinn alltid om kvelden og då blir det ei fantastsik utsikt frå denne leiren. Alle helsar heim til kjente og kjære!

29. DESEMBER

Alt vel med gjengen, me er no på veg til Machame Gate der me skal starte turen mot toppen av Afrikas høgaste fjell. Fantastsik utsikt mot fjellet frå bilen akkurat no. I dag går me 1200 høgdemeter opp til Machame Camp som ligg i øvre kant av regnskogen. Alle er ved godt mot og er super-optimistiske ved tanken på å nå toppen av "haugen" der framme. Det er jo berre 5000 meter rett opp...

20. DESEMBER

Ei ny gruppe er snart klar for avreise. 4. juledag drar me frå Norge, og me står på toppen tidleg om morgonen 3. januar. Nyttårsafta feirar me i Barranco leir, nesten 4000 meter oppe på den gigantiske vulkanen.

I 2008 har eg arrangert 5 Kilimanjaro-ekspedisjonar. Nesten 70 personar har vore med på mine turar. Kikk innom denne sida for å sjå korleis det går med 7 siste i år...

DELTAKAR:
Magny
Elin
Berit
Siri
Tor André
Svein
Tron