DAGBOK KILIMANJARO 29. DESEMBER 2007

 

OPPSUMMERING: EIN STRÅLANDE EKSPEDISJON ER OVER

Toppstøtet var prega av tøffe værforhold. Me hadde hard vind oppover mot Stella Point, og eg målte minus 9 grader rett før me kom opp på kraterkanten. Men heldigvis var vinden mindre intens på sjølve kraterkanten, så turen bortover "flatene" til Uhuru Peak gjekk greit. Thea og Nora (11 og 12 år gamle) fraus litt midtvegs, men foreldra hadde heldigvis tatt med varmeposar som dei kunne ha i vottar og sko. Og på toppen flomma både champagne og tårer hjå oss alle i gledesrusen over at alle hadde klart å nå målet sitt.

Ekspedisjonen vår var prega av samhold og viljestyrke - å få alle opp på kraterkanten og heile 21 av 22 til Uhuru Peak, er ein prestasjon som me kan vera stolte over. Nokre var litt småsjuke i starten av turen, men etter kvart som det nærma seg toppstøtet var alle stort sett friske og fine, og optimismen var stor. Men det er ein fysisk tøff tur opp dei siste 1000 bratte høgdemetrane, og mange måtte ned i ein kjellar dei kanskje aldri før har vore i.

Og feiringa etterpå var velfortjent og ein skikkeleg opptur. Me satt på taket av Kindoroko hotell i sentrum av Moshi med ein drink i handa, og såg sola gå ned på det gigantiske fjellet som me akkurat hadde besteget - ein opplevelse som ein ikkje gløymer så lett.

Me feira nyttår med afrikanske trommer, sang og dans i Shira camp, 3850 meter over Afrikas stepper. Å beskriva korleis det føles å høyra dei afrikanske trommene som lyder ut i bekmørket under ein intens stjernehimmel er ikkje så lett. Dei fleste av oss hadde aldri før feira nyttårsafta på ein så eksotisk stad.

Safarien var varmare enn nokonsinne, ei heitebølge låg over landet. Heldigvis er området der Tarangire og Lake Manyara ligg, godt over 1000 meter over havet, slik at det blir ikkje så varmt som det ellers hadde blitt. Eit av høgdepunkta den første dagen var ein leopard som låg og slappa av i eit tre i varmen. Dette er første gongen eg har sett ein leopard og dermed har eg "the big five" i boks. Me overnatta på den fantastiske lodgen Migunga Camp, ein stad som berre må opplevast. Migunga camp består av mange såkalla luksus-telt med fantastiske himmelsenger og bad på kvart "rom" (det ser meir ut som bungalower) som er plassert rundt i terrenget rundt ein flott restaurant. Atmosfæren er heilt spesiell, og apekattar og andre dyr spring rundt oss heile tida. Eg vart vekt av eit dyr som landa på taket, sannsynlegvis ein blue monkey.

Me var spente då fly-hjula tok bakken i Nairobi. Me hadde fått mange tekst-meldingar frå venner og familie i Norge som advarte om kaos og opprør i Kenya. Men alle offisielle og uoffisielle kilder som eg hadde, meldte tvert i mot at Nairobi sentrum var rolegare enn på lenge. Og det stemte med det me opplevde, dei einaste dramatiske me opplevde var då buss-sjåføren inn til hotellet klarte å krasja med to bilar på ein gong då han skulle sno seg i mellom nokre bilar som var parkert litt vel langt ut i gata.

Mens det akkurat no er ein svært lykkeleg gjeng som sit rundt meg her i flyet på veg frå Nairobi til Amsterdam, er Karoline, Thora og Unni på veg til ein super avslutning av Afrika-turen i azurblått hav på Zanzibar. Eia var vi der...

KILI REAGGE (FRAMFØRT UNDER FEIRINGA AV SUKSESSEN...)
Melodi: Out in the Africa (Bob Marley)

Vi reiste fra Norge, fra jula vi ville dra.
Ville på Kili, out in the Africa.
Å, ja ja, dette skal svi - om metningen daler det driter vi i.

Hakuna matata, det har vi lært å si.
Asante sana, la la og salami.
Jambo, jambo, pole pole - haraka haraka, asante sana.

Vi kom til toppen, vaklet med sløret blikk.
Halvdød i kroppen, men: for en statistikk!
Sola den rant, teltet vi fant - rett ned i posen vi sovnet kontant.

Turid og Inger, Kari og Unni A.
Lisbeth og Grethe, Sigrun og Karoline.
Thora, Ronny, Chris og Unni H - Tone, Leif Harald og Jarle Trå.

For Jarle vi skåler, han er vår store helt.
Hva kroppen hans tåler, det er en hemmelighet.
Alt hva han kan! Medisinmann - deler ut piller i bøtter og spann.

HAKUNA MATATA

--------------

TYSDAG 8. JANUAR
Me har avslutta ein fantastisk safari, der me blant mykje anna såg leopard og løve. Er på flyplassen i Nairobi, her er det fredeleg og alt er som vanleg. No gledar alle seg til norsk kulde og grisevær...

FREDAG 4. JANUAR
For eit toppstøt... 21 på Uhuru peak (5895 moh), 1 på Stella point (5760 moh). Ein kjempeprestasjon av gjengen i tøffe værforhold, -9 grader og vind. Fleire detaljar og bilete når eg er attende i Norge om 4-5 dagar.

TORSDAG 3. JANUAR
Stemninga er spent i Kosovo camp (4880 moh) i det me gjer oss klar til toppstøtet som startar ved midnatt. Alle er no friske og sterke og det er meir og meir som tyder på at det statistisk usannsynlege faktisk skal skje - at alle 22 får sjå sola stå opp frå Uhuru Peak grytidleg imorgo. Følg med...

ONSDAG 2. JANUAR
No drar det seg til mot toppstøtet. Me ankom Karanga camp (4041 moh) etter ein kort og flott etappe gjennom lava-forma landskap. Det er fortsatt ein superfrisk gjeng, både dei 14 i hovedgruppa og dei 8 i "Øydvin-gruppa". Spesielt Thea og Nora (11 og 12 år gamle) imponerer oss alle. I morgo går me til High camp og starter toppstøtet samme kveld. Kan me klara å få alle 22 på toppen? Statistisk sett ein umogelegheit, men det ser faktisk slik ut no...

TYSDAG 1. JANUAR
Nyttår vart feira med trommer og afrikansk song i nattemørket... Magisk! I dag gjekk me til Barranco, mange var med på Lava Tower. Det er fortsatt ein frisk og opplagt gjeng. Nokre har fått føla litt på mild høgdesjuke, men i kveld er stort sett alle i strålande form.

MANDAG 31. DESEMBER
Me skal feira nyttårsafta i Shira camp, 3800 meter oppe i fjellsida. Eg har smugla med champagne og stjerneskudd. Å sjå rakettane frå Arusha og Moshi nesten 3000 meter under oss vert nok ein opplevelse som ein aldri vil gløyme. Alle 22 er friske og raske fortsatt, svært bra til å vera ei så stor gruppe.
ALLE ØNSKER GODT NYTTÅR TIL KJENTE OG KJÆRE HEIME!

SUNDAG 30. DESEMBER
Me er framme i Machame camp etter å ha gått dei første 1200 høgdemetrane av fjellet. Men fortsatt er det 3000 igjen... Alle friske og humøret er på topp.

FREDAG 28. DESEMBER
Så er det igjen tid for å setta kursen mot Afrikas varme (og snø!!!) Eg har med ein stor gjeng på 14 personar denne gongen. Alle er super-motivert og håpar å stå på toppen av Uhuru Peak tidleg om morgonen den 4. januar. På forrige tur kom kom 15 av 16 til topps. Me satsar på like høg suksess denne gongen. Etterpå vert det safari i Tarangire og Lake Manyara nasjonalparkar - forhåpentlegvis ser me løve også denne gongen. Me er i alle fall garantert og sjå det meste av Afrikas heilt spesielle dyreliv. Etter ein opplevelsrik tur drar me andre heim igjen, mens Unni, Thora og Karoline flyr til Zanzibar for å avslutte Afrika-turen med late dager på Afrikas flottaste badestrender.

I tillegg har eg også med ein "stor-familie" på 8 personar frå Ulvik, Granvin og Voss. Dei skal gå samtidig med oss, men klarar seg for det meste sjølv på fjellet. "Familie-overhodet" Magne er snart 70 år og har vore med meg på toppen av Kilimanjaro før. Asle og Kari har også vore på Aconcagua i Argentina (Sør-Amerikas høgaste fjell, 6963 moh.) så dette er ein erfaren gjeng. Thea og Nora er to unge og tøffe jenter på 11 og 12 år som skal vera med sine foreldre til topps.

Følg med her framover for oppdateringar etter kvart som me nærmar oss toppen.

DELTAKARAR:

Inger Otnes
Turid Iversen
Kari Kaardal
Lisbeth Norendal
Grete Ingebrigtsen
Unni Asphaug
Sigrun Sandtorv
Ronny Bakkane
Leif Harald Bergseth
Tone Gravir
Chris Stensnes
Unni Handal
Thora Stendal
Karoline Marring

Magne Øydvin
Asle Øydvin
Kari Øydvin
Thea Øydvin
Åge Øydvin
Nora Øydvin
Margit Holven
Astrid Såkvitne

Sjå bilete frå Øydvin-gruppa her.